Melodi Grand Prix 1978

18. utgåve av NRKs songtevling From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Melodi Grand Prix 1978 var den 18. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK plukka ut åtte finalistar ut frå 650 innsende bidrag til finalen 18. mars 1978. Vinnarlåten blei «Mil etter mil» framført av Jahn Teigen og komponert av Kai Eide. Teigen representerte Noreg i den internasjonale finalen i Paris, der bidraget enda på 20. og siste plass utan poeng. Dette var første gong eit land fekk 0 poeng med det noverande poengsystemet, og det var andre gong Noreg blei ståande utan poeng i konkurransen. Første gong var i 1963.

Kjappe fakta Melodi Grand Prix 1978, Dato ...
Remove ads

Sendinga

Heile 650 songar kom inn til NRK dette året, noko som var ny rekord. Ein jury beståande av Svein Gundersen, Carsten Klouman og Fred Nøddelund, silte dei ned til åtte til finalen 18. mars. Finalen blei send frå Studio 2 på NRK Marienlyst, og Egil Teige debuterte som programleiar i Melodi Grand Prix.

Dei åtte finalistane blei akkompagnerte av eit 33-mannsorkester, spesielt samansett for tevlinga, og under leiing av Carsten Klouman.

Førehandsfavorittane var New Jordal Swingers og popduoen George Keller og Anita Skorgan, men begge enda langt ned på lista. I staden blei det ein tett kamp mellom Anne Lise Gjøstøl og Jahn Teigen, før sistnevnte snappa sigeren då dei ni fagdommarane hadde sagt sitt.

For første gong synte NRK ein kort reprise av finalelåtane før avstemminga.

Remove ads

Resultat

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Avstemming

Juryen bestod av ni fagfolk som sat i Studio A. Kvar jurymedlem rangerte dei åtte melodiane frå 1 til 8, der 1 var best og 8 var dårlegast. Vinnaren blei derfor songen med lågast sluttsum.[1]

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Hendingar

Også dette året skulle Jahn Teigen setje eit sterkt preg på Melodi Grand Prix. Trass splitthopp og store solbrillar blei det ikkje eit einaste poeng i den internasjonale finalen 22. april. Dette var Noregs femte sisteplass og første gong eit bidrag fekk 0 poeng med dagens poengsystem, innført i 1975. Sisteplassen skapte overraskande nok ei enorm merksemd rundt «Mil etter mil», som fauk rett inn på VG-lista etter finalen. Der blei songen liggjande i heile 20 veker, inkludert fem strake veker på førsteplassen. Aldri hadde ein norsk vinnar blitt ein så stor salssuksess.[2] Teigen følgde raskt opp med albumet This Year's Loser, som òg blei ein stor suksess – heile 16 veker på albumlista.[3] Jahn Teigen fekk også stor merksemd i utlandet etter Eurovision Song Contest.

Det var på nippet at «Mil etter mil» kom med i Melodi Grand Prix i det heile tatt. Opphavsmannen Kai Eide tilbaud først låten til plateselskapet CBS. Plateselskapet kjøpte låten, men foreslo samstundes å sende han til Melodi Grand Prix. «Jo, men jeg har ingen til å skrive ned notene for meg!» svarte Eide, ifølge Kristian Lindeman i CBS.[4]

Finalen gjekk av stabelen om ettermiddagen 18. mars og blei send i opptak same kveld. Dette var vanleg på 1970-talet, for at «artistene og melodiene ikke skal lide under eventuelle tekniske svikt».[5]

Remove ads

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads