Melodi Grand Prix 1983
23. utgåve av NRKs songtevling From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Melodi Grand Prix 1983 var den 23. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Ti finalistar kjempa i finalen 26. februar 1983. Vinnarlåten blei «Do re mi», framført av Jahn Teigen. Han hadde også laga melodien saman med Anita Skorgan, og teksten saman med Herodes Falsk. Teigen representerte Noreg i den internasjonale finalen i München, der «Do re mi» enda på ein delt 9. plass med 53 poeng. Dette var Noregs beste plassering på ti år.
Remove ads
Sendinga
Finalen var tilbake i Studio 1 i NRK Marienlyst med Ivar Dyrhaug som programleiar. Ti bidrag deltok i finalen laurdag 26. februar. Fem av bidraga var spesialinviterte, og dei fem siste blei plukka ut blant 480 innsendte songar av ein jury beståande av Svein Dag Hauge, Iver Kleive, Bjørn Kruse, Ellen Nikolaysen og Jens Wendelboe. Kringkastingsorkestret under leiing av Egil Monn-Iversen akkompagnerte dei ti finalelåtane.
Før finalen fekk Jahn Teigen og Herodes Falsks «Do re mi» mest merksemd. Jahn Teigen hadde fått Wenche Myhre til å syngje songen, etter at ho hadde vore borte frå Melodi Grand Prix i 17 år. Men Wenche Myhre og sonen Dan skulle òg vere med i den tyske finalen, og dei tyske reglane tillét ikkje deltaking i fleire land. Jahn Teigen tok dermed sjølv rolla som vokalist, med Myhre som korist.[1]
Elles i finalen deltok den tidlegare barnestjerna Anita Hegerland, i tillegg til Olav Stedje, Inger Lise Rypdal og Grethe Kausland med Dizzie Tunes.
Avstemminga utvikla seg til ein hard kamp mellom Ketil Stokkan og Jahn Teigen, og Teigen vann til slutt.
Remove ads
Resultat
Remove ads
Avstemming
NRK brukte ei juryordning etter same mønster som i den internasjonale finalen. Tolv jurygrupper sat på ulike stader i landet og gav røystene sine. Kvar jury hadde elleve medlemmar med ulik alder, kjøn og yrkesbakgrunn. Kvar jury gav 1–8, 10 og 12 poeng til dei ti finalistane.[2]
Dette var juryane: 1. Sameradioen (Karasjok), 2. Østlandssendingen (Oslo), 3. Rogaland (Stavanger), 4. Trøndelag (Trondheim), 5. Hedmark (Elverum), 6. Finnmark (Vadsø), 7. Hordaland (Bergen), 8. Telemark (Porsgrunn), 9. Troms (Tromsø), 10. Sørlandet (Kristiansand), 11. Møre og Romsdal (Ålesund), 12. Nordland (Bodø).
Hendingar
Pressa og sjåarane var i stor grad samde om at rett låt vann. Aftenposten kalla sigeren «fortent», og vinnarlåten blei liggjande på VG-lista i heile åtte veker.[3][4] I den internasjonale finalen hamna også Noreg i øvre halvdel av resultatlista – for første gong sidan 1973.
Trua på det norske bidraget viste seg òg i sjåartala for den internasjonale finalen i München. 92 prosent av alle nordmenn over 15 år såg finalen, ifølgje ei ScanFact-undersøking gjort for VG. Dette var det mest sette programmet på norsk fjernsyn i 1983.[5] Talet kan ikkje direkte samanliknast med tv-meter-målingane i dag, som gir eit langt meir presist bilde av nordmenns tv-sjåing.
Remove ads
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads