Mikko Kokslien
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mikko Kokslien (fødd 10. mars 1985) er ein norsk kombinertrennar frå Lillehammer som tevlar for klubben Søre Ål Idrettslag. Han har vunne tre bronsemedaljar i lagtevlingar i to ulike verdsmeisterskap, 2009 og 2011. Mellom desember 2010 og desember 2012 vann han fem renn i verdscupen i kombinert.
Remove ads
Aktiv
Kokslien debuterte i verdscupen i 2005 utan å markere seg. Fyrst i 2008/09-sesongen nærma han seg verdseliten i kombinerta då han straks før jul i 2008 vart nummer sju i eit renn i Ramsau. Han deltok for Noreg i verdsmeisterskapen på ski i Liberec, der han gjekk på det norske firemannslaget som sikra bronse. Individuelt var 13. plassen i tevlinga der det vart hoppa i storbakken og deretter gått 10 km langrenn hans beste plassering i verdsmeisterskapen. I det siste verdscuprennet for sesongen overraska han stort med ein tredjeplass i Vikersund.
Koksliens beste plassering i verdscupen i OL-sesongen 2010 var ein åttandeplass. Han deltok for Noreg i dei individuelle renna i olympiaden og vart høvesvis nummer 32 og 39. Då den nye skisesongen starta i slutten av november 2010 presterte Kokslien på eit mykje høgre nivå enn tidlegare. 27. november 2010 vart han nummer to i eit verdscuprenn i Kuopio, berre slått av Felix Gottwald frå Austerrike. Veka etter vann han sitt fyrste verdscuprenn heime på Lillehammer, med Jason Lamy-Chappuis og Gottwald på dei neste plassane. Dagen etter sigeren vart han nummer to i eit nytt renn.
I ski-VM i Oslo i 2011 vann Kokslien to bronsemedaljar då Noreg hamna på tredjeplass i begge lagtevlingane i meisterskapen. Også Håvard Klemetsen, Jan Schmid og Magnus Moan vart doble bronsevinnarar. Individuelt vart Kokslien nummer seks og åtte i verdsmeisterskapen.
Gjennom 2012-sesongen oppnådde Kokslien åtte pallplasseringar i verdscupen. Han vann tre renn og fekk like mange andreplassar og to tredjeplassar. Så langt i 2013-sesongen har han vunne eitt verdscuprenn og to gongar vorte nummer to.
Verdscupsigrar
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- (en) Mikko Kokslien – Profil og resultatoversikt hos FIS (Kombinert)
- (en) Mikko Kokslien – Profil og resultatoversikt hos FIS (Langrenn)
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads