No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95)
konsertalbum av David Bowie From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) er eit konsertalbum av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut 20. november 2020. Konsertopptaket på albumet er frå ein konsert den 13. desember 1995 i National Exhibition Centre (Hall 5) i Birmingham i England, kalla Big Twix Mix Show, der òg Alanis Morissette, Lightning Seeds og Echobelly spelte som oppvarmingsartistar. Konserten vart filma av BBC TV og utdrag vart kringkasta seinare. To songar frå konserten, «Under Pressure» og «Moonage Daydream», vart gjevne ut som B-sider til Bowie-singelen «Hallo Spaceboy» i 1996[1] i tillegg til bonusspor på konsertalbumet Ouvre le Chien (Live Dallas 95), som kom ut nokre månader før. Seint i 2020 vart det annonsert at heile konserten til Bowie kom til å kome ut på No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95).[2]
Konserten inneheld to framføringar av «Hallo Spaceboy». Den eine av desse var meint å nyttast som video for den offisielle singelen, men dette vart skrinlagd då Pet Shop Boys remiksa singelen i staden.[3] Bowie-biografen Nicholas Pegg kalla albumet «heilt fantastisk. Stramme, presserande, muskuløse versjonar av «Scary Monsters», «Hallo Spaceboy», «The Voyeur», «Oxford Town». Kanskje det beste bandet han nokon sinne hadde.»[4] «No trendy réchauffé» er ei lita tekstlinje henta frå songen «Strangers When We Meet», som var med på setlista til konserten. Albumet kom òg ut i plateboksen Brilliant Live Adventures.[5]
No Trendy Réchauffé nådde 43. plassen på den skotske albumlista.[6]
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- David Bowie – vokal
- Reeves Gabrels – gitar
- Carlos Alomar – gitar, korvokal
- Gail Ann Dorsey – bassgitar, vokal
- Zack Alford[7] – trommer
- Mike Garson – piano
- Peter Schwartz – synthesizer, musikalsk leiar
- George Simms – korvokal, klaverinstrument
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads