Orknøyane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Orknøyane
Remove ads

Orknøyane[a] er ei øygruppe nord for Skottland, 16 km nord for kysten av Caithness. Orknøyane består av om lag 70 øyar og 20 av desse er busette.[4][5] Den største øya vert kalla Mainland (eit ord som vanlegvis tyder fastlandet) og er den sjette største øya i Skottland[6] og den tiande største av Dei britiske øyane.

Kjappe fakta Land, Konstituerande land ...

Administrasjonssenteret er Kirkwall, som ligg på Mainland.[7] Byen har omkring 7000 innbyggjarar, medan den einaste andre byen, Stromness, har om lag 2000 innbyggjarar (2004). Med i alt drygt 20 000 innbyggarar har Orknøyane det lågaste folketalet av dei 32 skotske regionane.

Namnet Orknøyane går heilt attende til det fyrste hundreåret f.Kr. eller tidlegare og øyane har vore busette i minst 8500 år. Opphavleg var dei busette av folk frå mellomsteinalderen og yngre steinalder og så av piktarar. Orknøyane vart erobra av Noreg i 875 og busett av nordmenn. Dei vart seinare annekterte av Kongedømet Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til Jakob III, Margaret av Danmark.[8] Orknøyane har nokre av dei eldste og best bevarte steinalderstadene i Europa, og «Heart of Neolithic Orkney» (Hjarta på Orknøyane frå yngre steinalder) har status som ein verdsarvstad.

Orknøyane er ein av 32 regionar i Skottland og eit statthaldarskap. Øyane vert styrte av det lokale regionsrådet Orkney Islands Council.

I tillegg til Mainland, ligg dei fleste av øyane i to grupper, Nord- og Sørøyane. Alle øyane består av old red sandstone (gamal raud sandstein). Klimaet er mildt og jordsmonet særs frodig. Det meste av landet er oppdyrka. Jordbruk er ein av hovudnæringane, medan vindenergi og marin energi stadig vert viktigare.

Remove ads

Bakgrunnen for namnet Orknøyane

Thumb
Nokre selar på Orknøyane.

Namnet på øygruppa har røter attende til oldtidsgeografen Klaudios Ptolemaios (fødd 90 e.Kr, død 168 e.Kr) som kalla øyane for Orcades. Det gamle gæliske namnet på øygruppa var Insi Orc som tyder «øya til Orcane» der Orc tyder ung gris eller villsvin. Då dei norske vikingane kom til øya, tolka dei ordet Orc som Orkn, som var eit gamalt norrønt ord for sel eller kobbe. Namnet Orkneyjar vart sidan avkorta til Orkney på engelsk.

Remove ads

Øyar

Den største øya er kjend som The Mainland. Andre øyar vert gruppert ut i frå om dei ligg sør eller nord for hovudøya.

Nordlege øyar

Sørlege øyar

I 1468 vart Orknøyane og Shetlandsøyane pantsett av danske kong Christian I til kong Jakob III av Skottland. Etter som pengane ikkje vart betalte, vart øyane liggjande under den skotske krona.

I sogene om kong Arthur er Orknøyane heimen til Kong Lot, Sir Gareth, Sir Gaheris, Sir Gawaine, og Sir Agravain.

Remove ads

Språk

Det eldre språket norn vart gradvis bytt med skotsk. I sin tur er dette vorte skotsk-engelsk.

Sjå òg

Merknader

  1. engelsk Orkney Islands, skotsk-gælisk Arcaibh,[2][3] norrønt Orkneyjar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads