Oromo

From Wikipedia, the free encyclopedia

Oromo
Remove ads

Oromo er eit afroasiatisk språk som framfor alt blir snakka i Etiopia, men også i dei nordlage delane av Kenya og i Somalia. Oromo har omtrent 30 millionar talarar, det gjer det til det tredje største språket i Afrika, etter arabisk og hausa.

Kjappe fakta
Thumb
Utbreiingsområdet til oromo

Oromo kan delast inn i seks hovuddialektar, som skil seg så mykje frå kvarandre at talarane ikkje alltid forstår kvarandre. Dialektane er midt-oromo, aust-oromo, orma, garreh, sanje og boorana. Trass i dei språklege skilja er den etniske identiteten sterk, alle ser på seg sjølv som oromoar som snakkar oromo.

Oromo var eit undertrykt språk både under Haile Selassie og seinare under Dergen og Mengistu Haile Mariam. Då Mengistu vart styrta fekk oromaoane språklege rettar i sentrale og sørlege Etiopia, og til ein viss grad skolegang på omoro. Amharisk er framleis Etiopias første offisielle språk og undervisningsspråk på høgskolane i oromoområda, men oromo er i bruk i folkeskolen, og radiosendingar på oromo er svært populære.

Oromo er i relativt nær slekt med somali, men språka er ikkje forståelege seg i mellom.

Remove ads

Skriftspråk

Oromo har sidan 1991 brukt eit skriftspråk basert på det latinske alfabetet kalla qubee. Tidlegare brukte dei både geez-skrifta (fidel) og det arabiske alfabetet. Etter at qubee vart teke i bruk har produksjonen av tekstar på oromo vorte mangedobla.[1]

Her er oromo-alfabetet, med uttale i klammeparentes:

a b c=[tʃ’] ch=[tʃ] d dh e f g h i j k l m n ny=[ɲ] o p ph=[p’] q=[k’] r s sh=[ʃ] t u v w x=[t’] y [j] z=[z]

Bokstavane c, ph, q, x er ejektivar, som blir uttalt med å auke lufttrykket i munnen med å lukke stemmebanda og munnen samtidig før konsonantopninga.

Remove ads

Fonologi

Oromo har fem korte og fem lange vokalar, dei lange er markert i skrift med dobbelskriving, som i finsk. Språket har til dømes skilnader som hara 'innsjø', haaraa 'ny'. konsonantlengd er også distinktiv, til dømes badaa 'dårleg', baddaa 'høgland'.

Nedanfor ser vi IPA-symbol der dei er ulike oromo-bokstavane. Fonane /p/, /v/ and /z/ står i parantes fordi dei finst berre i nye lånord.

Meir informasjon Bilabialar/ labiodentalar, Alveolarar/ retrofleksar ...
Meir informasjon Fremre, Sentral ...


Remove ads

Grammatikk

Substantiva i oromo har to genus, maskulinum og femininum. Maskuline substantiv endar på a og feminine på u. Ord på andre vokalar eller på konsonant kan vere både maskuline og feminine (konsonantfinale ord er lånord). Adjektiv kongruerer med substantiva i genus og numerus.

Referansar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads