Fidel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fidel
Remove ads

Fidel (ፊደል fidɜl) er ein abugida som vart laga for å skrive det semittiske språket ge'ez (ግዕዝ ɡɨʕɨz) eller gamaletiopisk, og som i dag blir brukt til å skrive dei semittiske språka amharisk, tigrinja og ein del andre språk i Etiopia og Eritrea. Ein skriv fidel frå venstre mot høgre, i liner ovanfrå og nedover.

Thumb
Skilt på Den etiopiske ambassaden i Paris, med tekst på fransk og amharisk. Teksten ይኢትዮጵያ ኤምባሲ skal lesast jɜʔitjop'p'ja embasi 'Den etiopiske ambassaden', eller bokstavleg 'Etiopias ambassade'. Legg merke til at ein i fidel ikkje skil enkle og doble (lange) konsonantar, slik at ጵ p' er skriven berre éin gong, utan markering av lenging eller fordobling.
Thumb
Wikipedia på amharisk: ውክፔዲያ wɨkɨpedija.

amharisk tyder ordet ፊደል fidɜl eigentleg 'bokstav'.

Remove ads

Historie

Thumb
Fyrste mosebok, 9, 11-16 på ge'ez. Manuskriptet er frå 1400-talet.

Fidel vart utvikla frå den sabeiske eller sørarabiske skrifta.

Dei eldste innskriftene i sabeisk, funne i den sørvestlege delen av Den arabiske halvøya, er frå midten av fyrste tusenåret f. Kr. I dei siste hundreåra f. Kr. byrja kolonistar frå Sørvest-Arabia å busetje seg ned på den andre sida av Raudehavet, i Abyssinia. Språket deira ge'ez blei fyrst skrive med sabeisk skrift, eit typisk semittisk alfabet, der berre konsonantane blei skrivne.

På 300-talet endra dei ge'ez-talande abyssinarane den sabeiske skrifta, ved å leggje til små strekar til venstre, høgre eller under symbola for å uttrykkje vokalar; truleg hadde ideen kome frå India, der devanagari og andre skriftsystem får fram vokalane på den måten. Slikt skapte dei den skrifta som vi kallar fidel. Medan sabeisk blei skrive frå høgre mot venstre, bortsett frå boustrofedon i dei eldste innskriftene, blir fidel skriven frå venstre mot høgre.

Remove ads

Grunnsymbol

Fidel har 26 grunnsymbol, her translittererte på grunnlag av uttalen i tigrinja og amharisk, i IPA-transkripsjon; korrespondansane med sabeisk skrift er òg tekne med.[1] Skilnadene i uttale mellom tigrinja og amharisk kjem av at tigrinja har eit meir konservativt konsonantsystem, medan amharisk har mist mange lydar som er karakteristiske for semittiske språk.

Meir informasjon Grunnsymbol, Tigrinja ...
Meir informasjon Grunnsymbol, Tigrinja ...

Som ein ser, blir både ሠ og ሰ uttala [s] og både ጸ og ፀ blir uttala [s'], men dei skal ha blitt uttala forskjellig i ge'ez. I transkripsjonen av ge'ez er det vanleg å skrive dei slik:

  • s, ሠ ś
  • s', ፀ ś'
Remove ads

Modifiserte symbol

Når vi ser bort frå skrivemåten av vokalane, som er skildra i avsnittet Vokalar nedanfor, kan grunnsymbola i fidel mofiserast på to vis:

  1. Frikativiserings/palataliserings-modifikasjon
  2. Labialiseringsmodifikasjon

Frikativiserings/palataliserings-modifikasjon

Her er eit oversyn over symbol med frikativiserings/palataliserings-modifikasjon som blir nytta i tigrinja og amharisk. Som ein ser, er denne modifikasjonen i alle unnateke eitt tilfelle, ጨ, ein vassrett strek over eit grunnsymbol. Grunnsymbola er tekne med, for samanlikningas skyld.

Meir informasjon Grunnsymbol, Tigrinja ...
Meir informasjon Modifiserte symbol, Tigrinja ...

Som tabellen viser, blir labiale og dorsale orale lukkelydar til frikativar, medan alveolare konsonantar blir palataliserte, i vid meining.

Labialiseringsmodifikasjon

Det finst to typar labialiseringsmodifikasjon:

  1. Wa-modifikasjon
  2. Dorsal-labialisering

Wa-modifikasjon

Symbol som står for ikkje-dorsale konsonantar – bortsett frå dei laryngaleh, ሐ ħ/h, አ ʔ og ዐ ʕ/ʔ, halvvokalanew og የ j og frikativens – kan få lagt til ein strek under – bortsett frå ved ሯ rʷa, der han er over – for å uttrykkje at dei skal uttalast med tillegget wa. Til dømes kan በ b gjerast til ቧ bʷa. Ved wa-modifikasjonen blir med andre ord konsonanten labialisert og får vokalen a. Her er eit oversyn over alle wa-modifiserte konsonantsymbol, både grunnsymbol og frikativiserings/palataliserings-modifiserte symbol:

Meir informasjon Wa-modifiserte symbol, Tigrinja ...
Meir informasjon Wa-modifiserte symbol, Tigrinja ...

Dorsal-labialisering

Symbol som står for dorsale konsonantar kan få labialisering, med fire ulike teikn, avhengig av kva for ein av fem (urunda) vokalar som følgjer:[2]

Meir informasjon Labialiserte dorsal-symbol, Tigrinja ...
Meir informasjon Labialiserte dorsal-symbol, Tigrinja ...
Remove ads

Vokalar

Vokalar utan labialisering kan normalt følgjast av sju forskjellige vokalar, som er uttrykte gjennom modifikasjonar av konsonantsymbola. Heile systemet er sett opp i tabellane nedanfor. Det er vanleg praksis å omtale settet med konsonantar med same vokal som ein orden, og ordenane er nummererte frå 1 til 7. Symbola i 1. orden er grunnformene i dette systemet; dei har ingen vokalmodifikasjon.

Når uttalen i tigrinja og amharisk er forskjellig, står tigrinja-uttalen føre og amharisk-uttalen etter ein skråstrek, til dømes slik: ħ/h. Merk vidare at nokre konsonantar i 1. orden er uttala med vokalen a i staden for vokalen ɜ. Det gjeld desse: ሀ ha, ሐ ħa/ha og ዐ ʕa/ʔa.

Meir informasjon Vokalmodifikasjon, Orden ...
Meir informasjon Vokalmodifikasjon, Orden ...
Remove ads

Teiknsetjing

Tradisjonelt blei orda i ei setning skilde frå kvarandre med to prikkar, ፡. Denne praksisen gjekk gradvis av bruk etter at ein byrja å trykkje tekstar. Slutten på ei setning blir merkt med fire prikkar, ።. Teiknet ፥ svarer jamt over til vårt komma (,), og ፤ til vårt semikolon (;).

Meir informasjon Funksjon:, ordskilje ...

Talteikn

I fidel finst det eigne symbol for talord. Det finst eigne symbol for einarane frå 1 til 9, for tiarane frå 10 til 90, og dessutan for 100 og 10 000.

Meir informasjon Einarar, Verdi ...
Meir informasjon Tiarar o.a., Verdi ...

Mal:Clesr

Teiknkoding

I Unicode blir fidel koda i området U+1200 – U+139F og U+2D80 – U+2DDF (desimal 4608–5023 og 11648–11743):

  0123456789ABCDEF
1200 
1210 
1220 
1230 
1240 
1250 
1260 
1270 
1280 
1290 
12A0 
12B0 
12C0 
12D0 
12E0 
12F0 
1300 
1310 
1320 
1330 
1340 
1350 
1360 
1370 
1380 
1390 
2D80 
2D90 
2DA0 
2DB0 ⶿
2DC0 
2DD0 
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Fotnotar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads