EP-en Peace in the Valley
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Peace in the Valley er ein EP av Elvis Presley, gjeven ut på RCA Victor Records i mono i april 1957. Innspelinga vart gjort 12., 13. og 19. januar i Radio Recorders i Hollywood i California. Han nådde tredjeplassen på den kortvarige Billboard EP-lista og tredjeplassen på albumlista, og 39. plassen singles chart.
Remove ads
Innhald
I 1950-åra hadde heimbyen til Presley i Memphis i Tennessee blitt eit gospelsenter i USA.[1] Presley voks opp med denne musikken og likte godt gospelmusikken resten av livet sitt. Denne EP-en var første gongen Presley gav ut denne musikken. Han spelte sidan inn fleire religiøse plater, som albuma His Hand In Mine, How Great Thou Art og He Touched Me.
Alle fire songane er gospelklassikarar, med to songar av Thomas A. Dorsey, «faren til svart gospel». Seks månader etter EP-en kom ut, kom dei fire songane ut på julemusikkalbumet Elvis' Christmas Album.
Remove ads
Medverkande
- Elvis Presley – vokal, gitar
- The Jordanaires - vokal
- Scotty Moore – elektrisk gitar
- Floyd Cramer – piano
- Dudley Brooks – piano
- Gordon Stoker - orgel
- Bill Black – bass
- D.J. Fontana – trommer
Innhald
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads