Point of Entry

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Point of Entry er det sjuande albumet til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest. Det kom ut 26. februar 1981.

Meir informasjon Judas Priest-kronologi ...

I 1980 vart Judas Priest spelt ein del på radio med «Breaking the Law» og «Living After Midnight» frå albumet British Steel. Bandet forfølgde derfor den meir melodiøse, radiovenlege retninga på Point of Entry.

Etter British Steel-turneen var over sette band i gang med det neste prosjektet. Denne gongen hadde dei nok pengar til å fly utstyret sitt til Ibiza Studios i Spania, og dette gav Point Of Entry ein meir høglydt, kraftigare og meir «konsertaktig» lyd enn på tidlegare Judas Priest-album.

Remove ads

Marknadsføring

Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet: «Heading Out to the Highway», «Don't Go» og «Hot Rockin'», alle med eigne musikkvideoar. Songen «Heading Out to the Highway» har blitt spelt på dei fleste konsertane til bandet sidan han kom ut. «Desert Plains» vart ofte spelt på konsertane deira i 1980-åra og «Hot Rockin'» vert framleis spelt i nyare tid.

Albumet vart nymastra i 2001 med to bonusspor, ein konsertversjon av «Desert Plains» og «Thunder Road», ein song frå innspelinga av Ram It Down.

Remove ads

Plateomslag

Europa-utgåva av albumet bestod av eit fargerikt omslag med ei futuristisk metallvengje over ein horisont, designa av Roslav Szaybo, som hadde laga alle plateomslaga til bandet medan dei var på CBS.[1] Det nordamerikanske omslaget var forskjellig med eit printa papir som skulle simulere midtlinja på ein veg og kvite pappboksar bakom. Dette vart designa av John Berg hos Columbia Records.[1] Glenn Tipton, ein av gitaristane i bandet sa «Omslaget var forferdeleg, og me skulda managementet vårt fordi dei ikkje brukt nok tid på å finne noko som var bra nok. Det amerikanske omslaget var annleis, men det var enno verre!»[2]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I 2005 vart Point of Entry rangert på 352. plassen på lista til magasinet Rock Hard over dei 500 beste rocke- og metal-albuma gjennom tidene.[4]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Glenn Tipton, Rob Halford og K.K. Downing, utanom der anna er nemnt

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Medverkande

Judas Priest
Produksjon
  • Produsert av Judas Priest og Tom Allom
  • Lydteknikar: Louis Austin
  • Miksa av Tom Allom
  • Mastra av Ray Staff
  • Britisk omslag av Rosław Szaybo
  • Amerikansk omslag av John Berg, fotografi av Art Kane

Lister

Meir informasjon Lister (1981), Plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads