Ram It Down

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ram It Down er det ellevte studioalbumet til Judas Priest, gjeve ut i 1988 på Columbia Records. Albumet selde til gullplate i USA den 18. juli 1988. Dette er det siste albumet til Judas Priest med trommeslagaren Dave Holland og det siste av mange som vart produsert av Tom Allom før konsertalbumet A Touch of Evil: Live i 2009.

Meir informasjon Judas Priest-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn

I 1986 hadde Judas Priest planar om å gje ut eit dobbeltalbum kalla Twin Turbos, der halvparten skulle bestå av melodisk og meir kommersiell hardrock, og ein halvdel som var tyngre og mindre synth-driven. Columbia Records sette foten ned for eit dobbelalbum og prosjektet vart delt i to fråskilde utgjevingar, Turbo i 1986 og Ram It Down i 1988. Minst tre songar, «Hard as Iron», «Love You to Death» og «Monsters of Rock», var skrivne for Twin Turbos.

Trommeslagaren Dave Holland fekk helseproblem under innspelinga og bandet valde å bruke trommemaskin på det meste av albumet i staden for å hente inn ein ny trommeslagar.

Bandet spelte ei utgåve av Chuck Berry-songen «Johnny B. Goode», som var meint for filmmusikken til Anthony Michael Hall-komedien Johnny Be Good i 1988. Songen kom med på Ram It Down og vart den første singelen frå albumet. Songen vart òg spelt på dei første konsertane til bandet i 1988, i lag med tittelsporet og tre andre songar frå albumet. Dei einaste songane frå Ram It Down som er spelt på seinare turnear er «I'm a Rocker», under Retribution-turneen og «Blood Red Skies», under Epitaph-turneen.

Sjølv om Judas Priest hadde nok fans til at albumet selde til gullplate i Nord-Amerika,[5] fekk det heller dårleg kritikk og kritikarane meinte at bandet ikkje klarte å skape nye idear og at songane var dårlegare enn før.

Halford sa at Ram It Down vart øydelagd av at dei tok med «Johnny B. Goode», som han kalla «tåpeleg». Resten av albumet meinte han var «særs tungt».[6]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Glenn Tipton, Rob Halford og K.K. Downing, utanom der anna er nemnt

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Judas Priest
Produksjon
  • Produsert av Tom Allom
  • «Johnny B. Goode» produsert i lag med Glenn Tipton, Rob Halford og K.K. Downing
  • Lydteknikar: Henrik Nilsson
  • Assistent: Bill Dooley
  • Utstyrsansvarleg Tom Calcaterra
  • Plateomslag av Mark Wilkinson

Lister

Meir informasjon Lister (1988), Plassering ...

Salstrofé

Land Organisasjon År Sal
USA RIAA 1988 Gull (+ 500 000)[5]
Canada CRIA 1988 Gull (+ 50 000)[16]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads