Portugisisk Angola

From Wikipedia, the free encyclopedia

Portugisisk Angola
Remove ads

Portugisisk Angola var ein koloni i det portugisiske imperiet i Sørvest-Afrika frå 1575 til 1951. Det utgjorde den oversjøiske provinsen Portugisisk Vest-Afrika av Estado Novo-styret i Portugal (1951-1972), og staten Angola i Det portugisiske riket (1972-1975). Folkerepublikken Angola, seinare Republikken Angola, blei sjølvstendig i 1975. Brasil var det fyrste landet som anerkjende angolansk sjølvstande.

Kjappe fakta Land ...

På 1500- og 1600-talet hadde Portugal hatt makt langs kysten og tatt del i militære konfliktar med Kongoriket, men på 1700-talet klarte portugisarane gradvis å kolonisera dei indre høglanda. Andre politiske einingar i regionen inkluderte Kongeriket Ndongo, Kongeriket Lunda og Kongeriket Mbunda. Portugisarane fekk fyrst full kontroll over heile området på byrjinga av 1900-talet, då avtalar med andre europeiske stormakter under kappløpet om Afrika fastsette dei indre grensene til kolonien.

Remove ads

Historie

Historia om portugisisk nærvær på territoriet til Angola varte frå utforskaren Diogo Cão kom til området i 1484[1] til avkoloniseringa av territoriet i november 1975. I løpet av dei fem hundreåra var det fleire ulike situasjonar i tilhøva.

Koloni, 1575-1951

Thumb
Skisse av Luanda (då kalla São Paulo) og São Tome frå 1641.
Thumb
Dronning Nzinga i fredsforhandlingar med den portugisiske guvernøren i Luanda, 1657.

Då Diogo Cão og andre utforskarar i 1484 kom til Kongoriket på slutten av 1500-talet, budde det ei rekkje ulike folkeslag i det nordlege territoriet. Nokre av desse var organiserte som kongerike eller stammeføderasjonar i ulike storlekar. Portugisarane var interesserte i handel, særleg i slavehandel. Dei opprettheldt derfor eit fredeleg og gjensidig gunstig forhold med styresmakane og adelsmennene i Kongoriket. Lokale kongar som João I og Afonso I følgde kristendomen og lærte seg portugisisk, kristna landet sitt og tok del i vinsten frå slavehandelen. Portugisarane etablerte små handelsstader i nedre delar av Kongoelva, i området til dagens Demokratiske republikken Kongo. Ein viktigare handelsbusetnad ved Atlanterhavet blei bygd i Soyo i Kongoriket. Dette er no den nordlegaste byen i Angola, bortsett frå den angolanske Cabinda-eksklaven.

I 1575 grunnla portugisarane busetnaden Luanda ved kysten sør for Kongoriket. På 1700-talet blei Benguela skipa endå lengre sør. Mellom 1580 og 1820-talet blei over ein million menneske frå Angola frakta som slavar til Den nye verda, hovudsakleg til Brasil, men òg til Nord-Amerika.[2] Ifølge Oliver og Atmore «utvikla Angola seg i det vesentlege som ei gigantisk slavehandelverksemd over 200 år».[3] Angola var tett knytt til Brasil, både økonomisk og sosialt, gjennom den transatlantiske slavehandelen.[4] I Luanda utvikla det seg ein elite av mestiçoar (folk av blanda opphav) tidleg på 1600-talet, og den viktigaste kjelda til rikdom var å støtta opp om kjøp av afrikanarar frå det indre av det som no er Angola og Den demokratiske republikken Kongo for å senda dei som slavar til Brasil.[4] Størstedelen av slavane blei tekne til fange av andre afrikanarar, vanlegvis i krigar og/eller raid, og selde til kjøparar i Luanda.[4] Portugisiske sjøfolk, utforskarar, soldatar og handelsmenn hadde ein langvarig politikk med å erobra og oppretta militære og handelspostar i Afrika frå erobringa av muslimsk-styrte Ceuta i 1415 og etableringa av baser i det noverande Marokko og Guineabukta. Portugisarar var katolikkar, og dei militære ekspedisjonane deira inkluderte frå byrjinga konvertering av utlendingar til trua.

Thumb
Angolansk frimerke frå 1948 til minne om Fortaleza de Massangano, grunnlagt i 1648.

Angola blei styrt på særs militaristisk vis.[5] Kvar einaste kaptain-general (kalla guvernør-general frå 1836) for kolonien var ein aktiv offiser i hæren eller marinen.[6]

Det var typisk rundt 2000 europeiske soldatar frå den portugisiske hæren i Angola på eitkvart tidspunkt frå 1600-talet til innpå 1900-talet.[7] Portugisiske styrkar blei støtta av såkalla guerra preta (‘svart krig’) av afrikanske troppar som telde mellom 5 000 og 20 000.[7] Guerra preta blei skipa av lojale afrikanske høvdingar, og blei til tider forsynt med uniformer og lønningar.[7] Teneste i Angola var ikkje omtykt i den portugisiske hæren,og det var sjeldent for ein fyrsteklasses offiser å bli stasjonert i Angola.[6] Det var fyrst i dei siste innvinningskampanjene mellom 1890 og 1920 at offiserar rekna som fyrsteklasses offiserar blei stasjonerte i Angola på ein regelmessig basis, og før dette blei Angola sett på som det staden der offiserar av andre klasse som ikkje var eigna til forfremjing blei sende til.[6] Dei fleste av dei portugisiske troppane i Angola var degredados (kriminelle som blei sende til Angola for å bøta på problemene med overfylt fengsel), desertørar som òg blei sende til Angola som straff, og ulike eventyrarar.[6] Lønningane for tenesta i Angola var dei same som i Portugal, som ikkje inspirerte mange til å arbeida frivillig i Angola.[6] Teneste i Angola var særs upopulær ettersom levekostnadene var dobbelt så store der som i Portugal; dødsraten frå sjukdomar var svært høg; mange av soldatane følte seg isolerte ute i villmarka; og det blei ofte klaga over at afrikarane ikkje tok imot portugisarar med velvilje.[6]

På 1700-talet førte motstridende økonomiske interesser til ein militær konfrontasjon med Kongoriket. Portugisarane overvann Kongoriket i Slaget ved Mbwila den 29. oktober 1665, men fekk eit katastrofalt nederlag ved Slaget ved Kitombo, då dei prøvde å invadera Kongo i 1670. Portugal fekk kontroll over mesteparten av det sentrale høglandet blei oppnådd på 1700-talet. Det blei gjort vidare forsøk på å erobra interiøret på 1800-talet.[8] Men det blei ikkje oppnådd full portugisisk administrativ kontroll over heile området før i byrjinga av 1900-talet.

Etterkvart som kolonien strekte seg inn i det indre av regionen gjekk det føre seg ei vesenleg blanding mellom afrikarar og portugisiske busetjarar. Dei skapte afro-portugisiske samfunn kjende som ambaquista (eller mbakista), oppkalla etter byen Mbaka som blei grunnlagd i 1618.[9]

1800-talet

Thumb
Unge slavekvinner i Luanda kring 1897.
Thumb
Gate i Luanda i 1899.

Avskaffinga av den transatlantiske slavehandelen på 1800-talet skadde Angola økonomisk.[10] Mestiço-eliten som var blitt rik på slavehandelen såg eit alvorleg fall i den sosiale statusen sin då den viktigaste inntektskjelda deira ikkje eksisterte lenger.[10] Det var fyrst på 1800-talet med «kappløpet om Afrika» at portugisarar byrja å presse alvorleg inn i regionar i det indre av Angola som dei hadde ignorert fram til då, stort sett av frykt for at andre europeiske styrkjer kunne annektera dette landet før Portugal gjorde det.[10]

I 1884 gjekk Storbritannia, som fram til då hadde nekta å anerkjenna at Portugal hadde territoriale rettar nord for Ambriz, med på ein avtale som anerkjende portugisisk suverenitet over begge breiddene av Kongo. Men traktaten, som møtte motstand der og i Tyskland, blei ikkje ratifisert. Avtalar som blei inngått med Fristaten Kongo, Det tyske riket og Frankrike i 1885-1886 fastsette grenser for provinsen, med unntak av i søraust, der grensa mellom Barotseland (Nordves-Rhodesia) og Angola blei fastsett gjennom den anglo-portugisiske traktaten av 1891 og skilsdommen til kong Viktor Emmanuel III av Italia i 1905.[1]

Under det portugisiske kolonistyret i Angola blei det grunnlagt byar, småbyar og handelsstader, opna jernbanar (der Benguelabanen er særleg viktig), bygd hamner og gradvis utvikla eit vestleggjort samfunn. Portugisarar viste til ambaquistaene for å rettferdiggjera koloniale krav i tråd med «siviliseringsoppdraget» sitt.[9] I 1908 blei det innført ein «innfødd-skatt» for å tvinga angolanarane til å bli del av den kapitalistiske pengeøkonomien og auka inntektene til styresmakta. Det blei innført fleire former for tvangsarbeid, den strengaste av desse var at afrikanarar blei sende til Sao Tome eller Principe for å arbeida på plantasjar som få kom tilbake frå. Lokale administratorar tvinga folk til å arbeida med å byggja jernbanar og bygningar. Så seint som i 1954 blei det anslått at over 300 000 angolanarar arbeidde under tvangsarbeid. Det blei ikkje avskaffa før i 1962.[9]

1900-talet

På 1930-talet rekna portugisarane med at det fanst rundt 5000 mucubalfolk, ei halvnomadisk gjetargruppe som heldt til i eit område på storleik med to tredelar av Portugal. Mellom 1939 og 1943 dreiv den portugisiske hæren operasjonar mot mucubalfolk, som dei skulda for opprør og kvegtjuveri, og hundrevis av mucubalfolk blei drepne. Under kampanjen blei det teke til fange 3 529 folk, 20 % av dei kvinner og born, og fengsla i konsentrasjonsleirar. Mange døydde i fangenskapet på grunn av underernæring, vald og tvangsarbeid. Om lag 600 blei sende til Sao Tome og Principe. Hundre blei òg sende til ein leir i Damba, der 26 % døydde.[11]

Thumb
Religiøs prosesjon i Conda på 1970-talrt.

Før 1950-talet var det relativt lite av portugisiske busetjarar i Angola. Ved folketeljinga i 1950 blei det berre registrert 80 000 «kvite» menneske som budde i Angola.[12] Styresmaktene ville ikkje oppmuntra portugisisk busetnad i Angola, for at ikkje Angola skulle bli eit «nytt Brasil» som ville krevja sjølvstende slik som den portugisiske kolonien Brasil hadde vunne sjølvstende på 1800-talet.[12] Etter at Angola blei oppgradert frå å koloni til ein oversjøisk provins i Portugal i 1951, byrja Estado Novo-regimet å oppmuntra eit stort tal portugisiske busetjarar til å flytta til Angola for å visa at Angola verkeleg var ein oversjøisk provins.[12] I 1973 var det 324 000 portugisiske busetjarar i Angola som dominerte det økonomiske livet i kolonien, som eigarar av nesten alle verksemdene og dominerande inna alle dei profesjonelle yrka.[12] Talet på portugisiske busetjarar var 9 000 i 1900, 12 000 i 1910, 20 700 i 1920, 30 000 i 1930, 40 000 i 1940, 80 000 i 1950, 172 000 i 1960 og 290 000 i 1970.[13] I 1974 var 5 % av dei seks millionar innbyggjarane i Angola, 335 000, busetjarar, og Angola hadde den nest største kvite folkesetnaden i Afrika etter Sør-Afrika.[13] Busetjinga starta ein økonomisk boom, men samstundes vekte det massiv misnøye frå den innfødde afrikanske folkesetnaden som reagerte på at Estado Novo-regimet openberre favorisera interessene til busetjarane over dei.[12] Det at styresmaktene gav skulegang til kolonistane sine born, medan det nesten ikkje gav noko høve til utdanning for den afrikanske folkesetnaden, gjorde at dei svarte angolanarane følte seg som andreklasses borgarar i sitt eige land.[14] Dei fleste innflyttarane budde i byområde og vart relativt upåverka av krigen for sjølvstende fram til 1970-talet, noko som forklarer kvifor krigen ikkje stoppa straumen av folk til Angola på 1960-talet.[12] Dei portugisiske busetjarane i Angola kom frå dei fattigaste samfunnsklassane, og dei fleste hadde ikkje råd til å venda tilbake til Portugal sjølv om dei ville. [13] Dei fleste av busetjarane i byområda pleidde å ha ufaglært arbeid som gatefeiarar, taxisjåførar, servitørar, marknadsfolk og så vidare.[15] Dei portugisiske busetjarane pressa på for å få einerett til desse jobbane, noko som førte til stor misnøye frå mestiços og enda meir frå afrikanarane som dermed blei utelukka frå desse yrka.[16] Innflyttarane dominerte også forretningslivet i Angola og eigde nesten alle kaffeplantasjane, i tillegg til å ha dei fleste embestmannrollene.[15] Den generelle haldninga til innflyttarane var at Angola var eit land for kvite, og at dei hadde kome for å grunnleggja «eit nytt Brasil» eller «Nye Lusitania».[13] Samfunnet som eksisterte i Angola på 1950-talet blei skildra som prega av «ekstrem rasisme» med eit strengt sosialt hierarki med kvite på toppen; mestiços (folk av blanda opphav) under dei; assimilados (afrikanarar som hadde teke til seg portugisisk språk og kultur) under desse att og til slutt den uassimilaterte afrikanske folkesetnaden i botnen.[17] Det var ein del spenning mellom Estado Novo-regimet, som såg Angola som ein fjern provins, og nybyggjarane, som forventa at Angola til slutt skulle utvikla seg til «eit nytt Brasil», og det vil seia at det ville bli ein sjølvstendig nasjon under leiarskapen deira.[13]

I 1951 blei den portugisiske kolonien Angola ein portugisisk provins. På slutten av 1950-talet byrja den nasjonale fronten for frigjering av Angola (FNLA) og Folkerørsla for frigjeringa av Angola (MPLA) å organisera strategiar og handlingsplanar for å kjempa mot portugisisk styre og det tvangsarbeidsystemet som påverka mange av dei innfødde afrikanske folka frå landsbygda, som blei flytta frå heimane sine og tvinga til arbeid, nesten alltid ukvalifisert hardt arbeid, medan samfunnet rundt var i økonomisk vekst.

Kolonikrigen

Thumb
Portugisiske troppar under kolonikrigen.

I 1961 braut det ut organisert geriljakrig, same året som det blei vedtatt ein lov for å betra arbeidsvilkåra til den hovudsakleg ufaglærte innfødde arbeidsstyrken, som krevde fleire rettar. I 1961 avskaffa òg portugisiske styresmakter ei rekkje grunnleggjande reglar som diskriminerte mot svarte, slik som Statuto do Indigenato (Lovdekret 43: 893 av 6. september 1961). Den væpna konflikten braut ut nord i landet då UPA-opprørarar med base i Kongo massakrerte både kvite og svarte sivile i eit overfallsangrep på landsbyen. Etter å ha vitja FN, vende opprørsleiaren Holden Roberto tilbake til Kinshasa og organiserte militante bakongofolk.[18]

Thumb
Portugisiske soldatar i Angola.
Thumb
Luanda i 1972.

Frå 1966 til 1970 utvida gerriljarørsla MPLA opprørsoperasjonane sine til Aust- Angola. Dette enorme landlege området var langt unna dei største byane og låg nært naboland der gerriljastyrkane kunne søka tilflukt. UNITA, ein mindre geriljaorganisasjon som var etablert i aust, støtta MPLA. Fram til 1970 var deti kombinerte styrkane til MPLA og UNITA på austfronten vellukka i å leggja trykk på dei portugisiske væpna styrkane (FAP) i dette området. Geriljastyrkane klarte å kryssa Cuanza-elva og kunne truga Bié-provinsen, som inkluderte det viktige byområdet i jordbruks-, kommersiell og industribyen Silva Porto (no Cuíto). I 1970 bestemte gerriljarørsla seg for å styrke den austlege fronten ved å flytta tropper og våpen frå nord til aust.

I 1971 byrja den portugisiske hæren ein vellykka militærkampanje mot opprørane, Frente Leste, og dreiv ut dei tre geriljarørslen i aust til utanfor grensene til Angola. Dei siste geriljastyrkane mista hundrevis av soldatar og la att etter seg tonnevis av utstyr. Dei oppløyste seg på kaotisk vis til naboland eller, i nokre tilfelle, slutta seg til eller overgav seg til dei portugisiske styrkane. For å få tillit blant den lokale landsbybefolkninga og skapa vilkår for at dei kunne bli verande i regionen, organiserte portugisarane massive vaksinekampanjer, medisinske kontrollar og vatn, sanitasjon og matinfrastruktur for å bidra til den økonomiske og sosiale utviklinga til folket og skilja dei frå gerriljastyrkane og innverknaden deira.

I juni 1972 godkjende Den portugisiske nasjonalforsamlinga ein ny versjon av den organiske lova si om oversjøiske territorium, for å gje afrikanske oversjøiske territorium større politisk sjølvstyre og for å få ned den aukande motstanden både innanlands og i utlandet. Dette endra statusen til Angola frå oversjøisk provins til ein sjølvstyrande stat med sjølvstyre over nokre indre saker, medan Portugal heldt på ansvaret for forsvars- og utanlandske saker. Dette var ikkje del av ein plan for at Angola skulle bli sjølvstendig, men for å vinna velviljen til angolanarane og overtale dei til å bli verande ein del av Portugal. Omnemninga av Angola (som Mosambik) i november 1972 (i kraft frå 1. januar 1973)[19] til Estado (stat) var ein del av ein tilsynelatande innsats for å gje det portugisiske imperiet ein slags føderal struktur, og gje statane ein viss grad av sjølvstyre. I røynda var dei strukturelle endringane og auken av sjølvtyre ekstremt avgrensa. Styresmakten i «Staten Angola» var dei same som dei gamle provinsstyresmaktene, bortsett frå nokre kosmetiske endringar i personell og titlar. Som i sjølve Portugal var styresmaktene i Staten Angola utelukkende samansett av folk knytte til Estado Novo-regimet. Medan desse endringane fann stad, heldt nokre geriljagrupper seg aktive inne i territoriet, og heldt fram med kampen mot portugisisk styreutanfor Angola. Ideen om at sjølvstenderørslene skulle ta del i den politiske strukturen til det omforma territoriet var absolutt utdenkeleg på begge sider.[20]

Nellikrevolusjonen og sjølvstende

Portugal kunne aldri nedkjempa gerillaene heilt under den portugisiske kolonikrigen, særleg ikkje i Portugisisk Guinea, og leid store tap i den 13 år lange konflikten. I løpet av kolonikrigen møtte Portugal aukande motstand, våpenembargoar og andre straffesanksjonar frå størstedelen av det internasjonale samfunnet. Kriget blei endå meir upopulær i det portugisiske samfunnet på grunn av lengda og kostnadane, forverringa av diplomatiske samband med andre medlemmar av SN, og rolla det spelte som ein faktor i forlenginga av Estado Novo-regimet. Denne eskaleringa førte til opprøret innan dei portugisiske væpnede styrkane kjent som Nellikrevolusjonen i april 1974 – ein hending som leidde fram til sjølvstande for alle dei tidlegare portugisiske koloniane i Afrika.

Thumb
Portugisiske soldatar som trekk seg ut frå Nova Lisboa-garnisonen i Angola i 1975.

25. april 1974 blei Estado Novo-regimet under Marcelo Caetano styrta etter å ha styrt Portugal sidan 1930-talet. I mai same året kunngjorde Junta de Salvação Nacional (det nye revolusjonsstyret i Portugal) ei våpenkvile med sjølvstenderetta afrikanske gerriljaer i eit forsøk på å fremja fredssamtalar og sjølvstende.[21]

Desse hendingane førte til ei massiv flukt av portugisiske borgarar, dei fleste kvite men med nokre mestiçofolk og svarte, frå dei afrikanske territoria til Portugal, og førte til hundretusentals fattige flyktningar - retornados.[22] Den 11. november 1975 blei Angola ein sjølvstendig stat i samsvar med Alvor-avtala, og det nyoppretta landet vart proklamert som Folkerepublikken Angola.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads