Roberto Cecon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Roberto Cecon (fødd 28. desember 1971) er ein italiensk tidlegare skihoppar frå Gemona del Friuli i Udine. Han deltok i internasjonal hoppsport i heile seksten sesongar, 1988–2003. Cecon vann bronsemedaljen i VM i skiflyging både i 1992 og 1994. Seks gongar gjekk han til topps i verdscuprenn i skihopping i perioden 1990-95, og kom på andreplass i verdscupen 1994/95. Han er Italias fremste skihoppar gjennom alle tider.
Remove ads
Aktiv
Cecon debuterte i verdscupen 30. desember 1987, to dagar etter at han fylte 16 år, i opningsrennet i hoppveka i Oberstdorf. Han enda på 54. plass. Eitt år seinare fekk han i Chamonix si fyrste pallplassering, mykje takk vere at han var ein av dei fyrste skihopparane som la om til den såkalla V-stilen. Den 16. februar 1990 kleiv han heilt til topps etter eit verdscuprenn i Predazzo i Val di Fiemme.
Den beste perioden hadde Cecon i fyrste halvdel av 1990-åra, særleg sesongane 1994 og 1995. Han vann bronsemedaljen i VM i skiflyging i 1992 i Harrachov, ein prestasjon han kopierte i den neste skiflygingsmeisterskapen i 1994 i Planica. Hoppsesongen 1993/94 kom han på femteplass i verdscupen i skihopping. Sesongen etter, 1994/95, kom han på andreplass i verdscupen, milevidt bak den suverene einaren Andreas Goldberger frå Austerrike, men mod god klaring til tredjemann, Janne Ahonen frå Finland.
Etter 1995 lukkast Cecon sjeldan med å prege resultatlistene i internasjonale renn. To gongar var han mellom dei seks beste i verdscuprenn perioden 1996-2003, begge gongane på tredjeplassen; i Trondheim i mars 1998 og i Kuopio i november 1999. Gjennom si tid som aktiv vann Cecon seks verdscuprenn og stod atten gongar på sigerspallen i same.
Frå 1988 til 2001 vann han det italienske meisterskapen i skihopping ni gongar. Åttandeplassen i storbakken i ski-VM 1995 i Thunder Bay var han beste plassering i noko ski-VM eller vinter-OL.
Verdscupsigrar
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Roberto Cecon» frå Wikipedia på tysk, den 12. januar 2013.
Bakgrunnsstoff
- (en) Roberto Cecon – Profil og resultatoversikt hos FIS
- «Roberto Cecon» (på engelsk). olympedia.org. Henta 25. januar 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads