She's a Mystery to Me

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«She's a Mystery to Me» er ein song av Roy Orbison på albumet Mystery Girl, som kom ut i 1989.[1] Songen vart skriven for Orbison av Bono og The Edge frå U2. Albumet Mystery Girl fekk namnet sitt frå denne sognen. Songen vart godt motteken av musikkjournalistane, som generelt meinte det var høgdepunktet på albumet.[treng kjelde]

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Roy Orbison-kronologi ...
Remove ads

Composition

Ei søvnlaus natt i juni 1987 London under Joshua Tree-turneen til U2, lytta Bono til Orbison sin «In Dreams» om att og om att. Då han vakna morgonen etter starta han å skrive ein song for Orbison. Seinare på dagen song han den uferdige songen for bandet under ein lydsjekk før konserten deira på Wembley Arena. Etter konserten møtte Orbison bandet bak scenen og Bono spelte songen for han. Bono og Orbison arbeidde på songen igjen i midten av november i Los Angeles.[2] Albumet Mystery Girl vart kalla opp etter songen.[1]

Remove ads

Musikkvideo

Musikkvideoen til songen vart regissert av David Fincher og vart først sendt i april 1989.[3][4] Det vart laga to versjonar av videoen og begge vart sendte på MTV og andre fjernsynskanalar. Begge versjonane syner ei jente som dreg ut på ei flyreise. I den mest populære versjonen er det ei kvinne som planlegg å dra med ein rik elskar, medan ein andletslaus hovudperson hovudsakleg vert sett i nærbilete av cowboystøvlar som ser at ho dreg utan han. I den alternative versjonen endar videoen med at dei er ei ung jente, eit barn, som går ombord på flyet, med ei eldre kvinne (som truleg er mora).

Remove ads

Mottaking

Musikkjournalistane tok godt i mot songen. Chris Jones i BBC hylla songen og kalla han «ein sann sjeldanheit».[5] Rolling Stone kalla songen ein av dei beste på albumet. Michael Azerrad skreiv at songen høyrtes litt ut som ein U2-song og samanlikna fraseringa til Orbison til Bono si, men at syngestilen likevel avgjort var Orbison si.[6] Pitchfork Media meinte songen avslørte ting i stemma til Orbison som tyda på at han byrja å bli eldre, men skreiv at han la til «tekstur og autoritet» til songen.[7] Allmusic skreiv at songen var høgdepunktet på albumet, ein stemningsskapande ballade som var perfekt for stemma til Orbison.[8]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

«She's a Mystery to Me»

«Crying»
  • Pete Anderson - produsent
  • David Was - ytterlegare produksjon, miksing
  • Don Was - ytterlegare produksjon, miksing[9]

Lister

Meir informasjon Liste (1989), Plassering Position ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads