The Back Seat of My Car
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«The Back Seat of My Car» er ein song skriven av Paul McCartney og gjeven ut av han og kona Linda McCartney som den siste songen på albumet hans Ram i 1971. Fleire månader seinare vart songen gjeven ut på singel i Storbritannia og nådde 39. plassen der.[1][2] Songen modulerer stilmessig mellom ein feiande piano-og-orkesterballade, liknande McCartney sin «The Long and Winding Road» og ein meir livleg rockeseksjon før songen tar av meir på slutten.[treng kjelde]
Remove ads
Historie
McCartney presenterte først songen for The Beatles under innspelinga av Let It Be den 14. januar 1969 i Twickenham Film Studios i London.
I følgje McCartney var denne songen og andre songar med bil-tema seint i Beatles-karrieren og tidleg i solokarrieren, som «Two of Us» og «Helen Wheels», inspirerte av dei lange turane han og Linda brukte å køyre då The Beatles var i ferd me å oppløysast.[3] Det meste av songen er ein piano-basert ballade.[3] Allmusic-skribenten Stewart Mason samanliknar hovudmelodien med Beatles-songane «Two of Us» og «You Never Give Me Your Money.»[3]
Remove ads
Medverkande
- Paul McCartney – solo- og korvokal, piano, bassgitar
- Linda McCartney – korvokal
- David Spinozza – sologitar
- Hugh McCracken – sologitar
- Denny Seiwell – trommer
- New York Philharmonic – orkesterarrangement
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads