Mon alliée (The Best in Me)
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Mon alliée (The Best in Me)» (norsk '(min allierte) det beste i meg'), tidlegare kalla «The Best in Me», er ein popballade frå 2020 som vert framført av den franske songaren Tom Leeb. Songen er komponert av dei svenske låtskrivarane Peter Boström og Thomas G:son, og dei skreiv teksta saman med John Lundvik, Amir Haddad, Tom Leeb og Léa Ivanne. Songen vart utgjeven 16. februar 2020 og skulle ha vore det franske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2]
Remove ads
Om songen
«Mon alliée (The Best in Me)» er komponert av dei svenske låtskrivarane og musikkprodusentane Peter Boström og Thomas G:son. Begge har skrive ei rekkje Eurovision-låtar tidlegare, blant andre dei norske Melodi Grand Prix-vinnarane «Stay» (2012) og «Ven a bailar conmigo» (2007). Dei to står òg bak Eurovision-vinnaren frå 2012, «Euphoria» med Loreen.
Boström og G:son har òg skrive teksta, saman med John Lundvik, som representerte Sverige i 2019, og Amir Haddad, som representerte Frankrike i 2016. Léa Ivanne og artisten sjølv, Tom Leeb, har òg bidrege på teksta som er ein fleirspråkleg engelsk-fransk popballade. Versa er på fransk, medan refrenga vert framført på engelsk.
Remove ads
Eurovision Song Contest
Både Tom Leeb og låten «The Best in Me» vart internt utvalde av tv-kanalen France 2 til å representere Frankrike i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Ei jurygruppe av musikkekspertar og medlemmar frå kringkastaren France Télévisions valde låten frå rundt hundre innsende bidrag.[3] Songen vart framført offentleg for første gong under ei direktesending frå Eiffeltårnet i Paris 16. februar 2020.[4]
Avlysninga
«Mon alliée (The Best in Me)» skulle ha representert Frankrike i Eurovision Song Contest 2020. Sidan Frankrike er eit av «Dei fem store landa» i Eurovision Song Contest, var songen automatisk kvalifisert til finalen i Rotterdam Ahoy laurdag 16. februar 2020. Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020, såg EBU seg nøydd til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[5] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.
Remove ads
Utgjevingshistorikk
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads