Triplicate

studioalbum av Bob Dylan From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

Triplicate er det 38. studioalbumet til Bob Dylan, gjeve ut på Columbia Records den 31. mars 2017.[1]

Meir informasjon Bob Dylan-kronologi, Singlar frå ...

Som dei to førre studioalbuma til Dylan, inneheld Triplicate coverversjonar av klassiske amerikanske songar, spelte inn live med turnébandet hans og utan bruk av overdubbingar.[2] Det er det første tredoble studioalbumet til Dylan, og inneheld tretti songar fordelte på dei tre platene, som kvar har sin eigen tittel og presentert i tematisk orden med ti songar kvar.[3]

Tre songar frå albumet — «I Could Have Told You», «My One and Only Love» og «Stardust» — vart gjevne ut som digitale singlar, og berre den første av desse kom ut på fysisk CD-format. Alle tre kom med videoar av at songane vert spelte på ein platespelar.

Som med dei to førre albuma med amerikanske popstandaradar, fekk Triplicate god omtale. Det vart nominert til Grammyprisen for beste tradisjonelle popalbum med vokal.[4] Trass i positive meldingar, nådde det berre 37. plassen på Billboard 200 og 17. plassen på UK Albums Chart.

Remove ads

Bakgrunn

Etter Shadows in the Night i 2015 og Fallen Angels i 2016, var Triplicate det tredje albumet hans på tre år som berre bestod av «standardar» frå Great American Songbook. I følgje Dylan var dei to førte albuma «berre ein del av biletet», og han kjende det naudsynt å utforske denne musikken i større detalj.[2] Sjølv om det hadde vore plass til songane på to CD-plater, ønskte Dylan at kvar song skulle vere 32 minuttar lange, sidan han meinte at dei førre albuma hadde blitt «overlessa», noko som skulle ha ført til ein «tynn» lydkvalitet når dei vart trykte på vinylplater. Dei tre platene vart tematisk delte, der «kvar plate peikte fram mot den neste».[2]

Songane vart spelte inn i Capitol Studios i Los Angeles med turnébandet til Dylan, utan bruk av overdubbingar. I følgje Dylan vart songane framført «tett» opp til nedskrivne arrangement, og det var i praksis ikkje noko improvisasjon under innspelingane.[2]

Remove ads

Utgjeving

Dei tre singlane kom ut før albumet — «I Could Have Told You» den 30. januar 2017, «My One and Only Love» den 17. februar[5] og «Stardust» den 10. mars. «I Could Have Told You» vart òg gjeven ut på ein promo CD, medan dei andre singlane berre var digitale. Alle tre vart lagt ut på YouTube der ein kan sjå songane verte spelt på ein platespelar, med knitringa frå vinylplata som ein del av lyden.

Albumet kom ut 31. mars på CD, vinyl, luksusvinyl, og digitale format.[6] Luksusvinylutgåva vart alle nummererte og kom i ein boks.[7]

Triplicate nådde 37. plassen på Billboard 200, og låg berre på lista i to veker før ho fall ut av lista.[8] Plata låg òg to veker på den britiske albumlista og nådde der 17. plassen.[9] I Noreg nådde albumet tiandeplassen.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Samla karakter ...

Som med dei to førre albuma hans med amerikanske standardarar, fekk Triplicate generelt god kritikk då det kom ut. På samlesida Metacritic, som gjev ein normalisert score opp til 100 basert på fleire meldingar, fekk albumet ein score på 80 basert på 21 meldingar.[10]AnyDecentMusic?, som på liknande vis samlar mange meldingar, fekk albumet 7.6 av 10, basert på 50 meldingar.

I meldinga for The Guardian, kalla Jon Dennis Dylan «eit prisme der amerikansk musikk vert vist fram på ein ny og fascinerande måte».[14] Mikal Gilmore i Rolling Stone sa at Dylan klarte å «handtere fraseringane like effektivt som Sinatra sjølv.»[18] Jeremy Winograd frå Slant Magazine sa at Dylan hadde «pusta nytt liv i desse songane, avdekte, eller i det minste gjenoppdaga, ei kjenslemessig tyngde i dei.»[19] Stephen Thomas Erlewine frå AllMusic sa at samlinga «sementerer posisjonen hans som den mest særeigne tolkaren av Great American Songbook.»[11]

Nokre kritikarar var meir lunkne til albumet. Mike Powell frå Pitchfork sa at «balladane, vakre som dei er, kjennest stundom statiske, berøva av det indre som vart opna opp av songarar som Johnny Hartman eller til dømes Willie Nelson, som med sitt eige standardalbum Stardust framleis er eit høgdepunkt for prosjekt som dette.»[17] I melding kalla «Bob Dylan burde stoppa som smørsongar og gå tilbake til å skrive songar» sa Neil McCormick i The Telegraph at «Triplicate er ei nytingssjuk handling som berre har interesse for komplettistane», og at sjølv om «du kan finne deg sjølv dregen inn i den underlege rytmen til Dylan, overgje deg til den utsøkte stemninga, eller verkeleg ønskjer å høyre desse gamle songane på nytt, så treng me ikkje fem volum av det. Nå er det verkeleg på tide å finne ut av kva alt dette fører med seg til den originale kunsten til Dylan. Han vann ikkje Nobelprisen som smørsongar.»[21]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (2017), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads