Turnstiles
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Turnstiles er det fjerde studioalbumet av den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel, gjeven ut 19. mai 1976. Joel spelte inn albumet dels som ei feiring av at han var flytta heim att til New York City etter ein periode i California. Tre av albuma refererer til New York: «Summer, Highland Falls», «New York State of Mind» og «Miami 2017 (Seen the Lights Go Out on Broadway)». Albumet byrjar med «Say Goodbye to Hollywood» (inspirert av The Ronettes-songen «Be My Baby») og inneheld òg «I've Loved These Days», eit underfundig uttrykk for anger etter å ha reist frå dekadansen i Hollywood.
Songane vart opphavleg spelt inn ved Caribou Ranch med medlemmar frå bandet til Elton John og produsert av Chicago-produsenten James William Guercio. Joel var misnøgd med resultatet og sparka Guercio. Han tok så over produsentrolla sjølv og reiste attende til New York, der han spelte inn albumet på ny. Joel brukte då sitt eige turnéband, som bestod av Long Island-musikarane Richie Cannata og alle fire medlemmar av bandet Topper: Liberty DeVitto, Russell Javors, Howie Emerson og Doug Stegmeyer. Turnstiles var den første gongen bandet til Joel spelte med han i studio.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Billy Joel
På CD-utgåva frå 1998 vart orignalversjonen av «New York State of Mind» med Richie Cannata på saksofon erstatta av versjonen med Phil Woods på det instrumentet, som var med på Greatest Hits Volume 1 & 2 i 1985.
Remove ads
Medverkande
- Billy Joel – klaverinstrument, vokal
- Ken Ascher – orkesterarrangement
- Richie Cannata – saksofon
- Liberty DeVitto – trommer
- Howie Emerson – elektriske og akustiske gitarar
- Russell Javors – elektriske og akustiske gitarar
- Mingo Lewis – perkusjon
- James Smith – akustisk gitar
- Doug Stegmeyer – bassgitar
- Phil Woods - saksofon på «New York State of Mind» (berre 1998-utgåva)
Lister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads