Russell Javors
amerikansk komponist From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Russell Javors (fødd 13. juni 1952) er ein amerikansk rockegitarist. Han er mest kjend som rytmegitarist for Billy Joel frå 1976 til 1989.
Karriere
Frå han var 15 år gammal spelte Javors saman med barndomsvenen Liberty DeVitto. Han møtte Doug Stegmeyer på skulen og i lag med Howard Emerson, danna dei bandet Topper.[1]
I lag spelte dei songar som Javors skreiv. Billy Joel la merke til Topper. Joel trengde ein bassist på Streetlife Serenade-turneen. Han inviterte Stegmeyer til å bli med han, og Javors og DeVitto Liberty følgde kort tid etter, og Topper vart Billy Joel Band. Javors spelte rytmegitar med Joel frå 1976 til 1989.
Javors spelte òg gitar på Karen Carpenter sitt album i 1979. Det kom først ut i 1996.[2]
Remove ads
Billy Joel-album
- 1976 Turnstiles
- 1977 The Stranger
- 1978 52nd Street
- 1980 Glass Houses
- 1981 Songs in the Attic
- 1982 The Nylon Curtain
- 1983 An Innocent Man
- 1985 Greatest Hits Volume I & II
- 1986 The Bridge
- 1987 КОНЦЕРТ
- 1997 Greatest Hits Volume III
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads