Tuvaluansk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tuvaluansk
Remove ads

Tuvaluansk (eige namn Te 'gana Tūvalu[1]) er eit polynesisk språk som blir snakka fremst på Tuvalu, og av utvandrar frå Tuvalu. Språket blir forstått av dei som snakkar tokelauisk. Tuvaluansk er saman med engelsk offisielt språk på Tuvalu. Talet på talar er cirka 11 000.[2]

Kjappe fakta
Talt tuvaluansk

Språket blir skrive med det latinske alfabetet.[3] Heile bibelen vart omsett til tuvaluansk i 2016[4]

Remove ads

Dialektar

Dialektane skil seg litt frå kvarandre mellom dei ulike øyane i Tuvalu. Det er vanleg å dela opp språket i to hovuddialektar, ein nordleg og ein sørleg.[5] Den sørlege, særleg den som blir prata på hovudatollen Funafuti, bruker ofte blir vurdert som den meir «standardspråklege».

Fonologi

Konsonantar

Meir informasjon Bilabial, Alveolar ...

Kjelde:[6]

Vokalar

Meir informasjon Fremre, Sentral ...

Kjelde:[6]

Grammatikk

Ordstillinga er relativt fri. Ofte blir rekkjefølgja VSO brukt. Det er likevel mogleg å endra på denne rekkjefølgja, t.d. om ein vil framheva noko. Derfor er det vanleg med ordstillingarsom OSV eller VOS. Òg SVO er temmeleg vanleg.

Tuvaluansk er eit ergativt språk. Det inneber at subjektet i ei transitiv setning (i dei fleste tilfellet) blir merka med ein særskild partikkel, nee (eller i visse dialektar e), medan subjektet i ei intransitiv setning blir handsama som det direkte objektet i ei transitiv setning, nemleg umarkert. Tuvaluansk skil seg dermed frå nominativ-akkusativ-språk, der det er subjektet i den transitive setninga som blir markert på same måten som subjektet i den intransititve.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads