We Don't Need Another Hero (Thunderdome)
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«We Don't Need Another Hero (Thunderdome)» er ein song frå 1985 av Tina Turner. Han vart nytta i filmen Mad Max Beyond Thunderdome same året, der Turner spelte i lag med Mel Gibson. Songen var skriven av Terry Britten og Graham Lyle.
«We Don't Need Another Hero (Thunderdome)» vart gjeven ut like etter det storseljande albumet til Turner, Private Dancer. Songen vart gjeven ut på singel og ein lengre versjon kom ut på ein 12" singel og på det tilhøyrande filmmusikkalbumet. I Storbritannia vart det òg gjeve ut ein forma biletdisk.
I 1986 vart songen nominert til ein Golden Globe for beste originale song, og ein Grammy for beste popsong. Som låtskrivar vann Lyle og Britten Ivor Novello-prisen for beste song i 1985 med denne songen.[1]
Remove ads
Musikkvideo
I musikkvideoen ser ein Turner kledd i kostymet sitt frå filmen, ein tung ringbrynjekjole. Medan fleire spotlight lyser på ho, syng ho songen på toppen av ei plattform innimellom klipp frå filmen. I siste delen av videoen ser ein òg saksofonisten, perkusjonisten og klaverspelaren til Turner, Timmy Capello og eit barnekor. Musikkvideoen vart nominert til MTV Video Music Award for beste kvinnelege video.
Remove ads
Innspeling
Turner vart akkompagnert av eit kor frå King's House School i Richmond i London. Eit av kormedlemmane var Lawrence Dallaglio, som sidan vart ei stor rugby union-stjerne og kaptein på det engelske landslaget.
Versjonar og miksar
- 7" edit – 4:16
- 7" instrumental – 4:41
- 12" Extended Mix (Soundtrack album version) – 6:07
- 12" Dub Mix (Soundtrack instrumental version) – 6:30
Salsliste
«We Don't Need Another Hero (Thunderdome)» vart ein av dei største hitsinglane til Turner verda over. Singelen nådde andreplassen på singellista i USA Billboard Hot 100, berre bak «St. Elmo's Fire (Man in Motion)» av John Parr, og tredjeplassen i Storbritannia. Han gjekk heilt til topps i Canada, Australia, Tyskland, Spania og Sveits.
Remove ads
Andre versjonar
The Shadows spelte ein instrumentalversjon av songen i 1987 på Simply Shadows.
Den uruguayansk musikaren, komikaren og forfattaren Leo Maslíah spelte inn ein parodiversjon kalla «No necesitamos otro héroe (Balderrama)» i 1988 for albumet I lique rock. I denne versjonen spelte han originalmelodien, men erstatta songen med ein heilt anna tekst.
Shirley Bassey spelte songen i 1995 på albumet Sings the Movies.
I 1998 spelte den kroatiske gruppa Vatrogasci ein versjon av songen i sigøyner-stil, og omsette songen til kroatisk, kalla «Daj još jednu».
Den svenske songaren Regina Lund spelte ein neddempa versjon av songen på albumet Year Zero i 2000.
Jane Child spelte ein versjon av denne songen i 2004, kalla «Beyond Thunderdome (We Don't Need Another Hero)».
Ein versjon av songen vart spelt inn i 2007 av det finske heavy metal-bandet Northern Kings frå debutalbumet Reborn.
«Weird Al» Yankovic parodiserte songen som «We Won't Eat Another Hero» (Hero er namnet på ein sandwich). Han har framført songen på konsertar, men har aldri blitt gjeve ut på album.[38][39]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads