William Crookes
britisk fysikar og kjemikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sir William Crookes (17. juni 1832–4. april 1919) var ein engelsk kjemikar og fysikar. Han gjekk på Royal College of Chemistry i London, og arbeidde med spektroskopi.
Crookes vart utnemnd til medlem av Order of Merit og var president i Royal Society 1913–15.
Han undersøkte elektriske utladingar i glasrøyr med gass under lågt trykk, Crookes-røyr, der han påviste eit mørkt område, Crookes-mørkerom
Han påviste at det fanst helium i sola og i mineralet cleveitt. Han oppdaga metallet thallium og separerte thorium frå uran. For å verne augo til industriarbeidarar mot intenst lys laga han briller av mørkt glas, og kan derfor reknast som oppfinnar av solbrillene. Han var òg sterkt oppteken av spiritisme.
Remove ads
Prisar (utval)
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «William Crookes» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2013.
- Holtebekk, Trygve (14. februar 2009). «William Crookes». Store norske leksikon. Henta 4. november 2013.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads