Ziferblat
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ziferblat [a] er eit ukrainsk musikkband som består av vokalisten Danyjil Lesjtsjynskyj, gitaristen Valentyn Lesjtsjynskyj og trommeslagaren Fedir Khodakov.[1][2] Dei representerte Ukraina i Eurovision Song Contest 2025 med songen «Bird of Pray».
Historie
Dei einegga tvillingbrørne Danyjil og Valentyn Lesjtsjynskyj byrja si musikkutdanning då dei var seks år gamle, då dei gjekk på musikkskule og lærte å spela cello. Etter kvart utvikla dei interesse for rockemusikk, og etter niande klasse danna dei bandet Runnin’ Blue, oppkalla etter songen med same namn av The Doors. I 2015, etter Euromajdan, bestemte brørne seg for å skriva songar på ukrainsk i staden for engelsk, og danna Ziferblat.[3][4][5][6]
Ziferblat sitt første EP-album, Kinoseans, kom ut i desember 2017, med bidragsytarar som Lesjtsjynskyj-brørne, bassisten Jevhen Sjevtsjenko, trommeslagaren Valentyn Oliinyk, tangentisten Viktor Nikolenko og saksofonisten Andrij Martynenko. I 2019 gav bandet ut singelen «Vnotsji» og engasjerte trommeslagaren Fedir Khodakov til å framføra han på TV-programmet X-Factor. [6][7] Khodakov heldt fram med å spela med bandet og vart fast medlem.[7]

I 2022 presenterte Ziferblat musikkvideoen til songen «Zemlja». I oktober same år vart det kunngjort at bandet hadde kome med på langlista til Vidbir 2023, den ukrainske nasjonale utveljinga til Eurovision Song Contest 2023, men dei nådde ikkje kortlista. I november gav dei ut singelen «Dlja tsjoho ty pryjsjla», den andre frå det komande albumet Peretvorennja. I februar 2023 kom den tredje og siste singelen frå albumet, «Dysko-Fanko Terapija». Albumet sjølv vart sleppt 7. april 2023 og vart presentert på ein solokonsert 22. april. Albumet består av tretten songar, dei fleste skrivne i perioden 2019–2020.[8][9] I september same år vann Ziferblat Muzvar Awards i kategorien «Beste nye namn innan alternativ musikk».
I 2024 nådde bandet finalen i Vidbir 2024, den ukrainske utveljinga til Eurovision Song Contest 2024, med songen «Place I Call Home».[10] Ziferblat tok andreplassen totalt, med 11 poeng frå juryen og 8 poeng frå publikum.[11]
Den 8. februar 2025 vann bandet den ukrainske nasjonale utveljinga til Eurovision Song Contest 2025 i Basel, Sveits, og fekk retten til å representera Ukraina med songen «Bird of Pray».[1] Trass i at dei hadde same poengsum som Albania, enda dei på niande plass fordi dei fekk lågare poeng frå telefonrøystinga.[12]
Remove ads
Diskografi
Album
- 2023 – Peretvorennja (Перетворення – Transformasjon)
- 2025 – Of Us
EP-ar
- 2017 – Kinoseans (Кіносеанс)
Singlar
- 2019 – «Vnotsji» (Вночі – Om natta)
- 2022 – «Zemlja» (Земля – Jorda)
- 2022 – «Dlja tsjoho ty pryjsjla» (Для чого ти прийшла – Kvifor kom du?)
- 2023 – «Dysko-Fanko Terapija» (Диско-Фанко Терапія – Disco-Funk-terapi)
- 2023 – «Place I Call Home»
- 2024 – «Litaky» (Літаки – Fly)
- 2024 – «Druh» (Друг – Venn)
- 2024 – «Doteper i nazavzjdy» (Дотепер і назавжди – No og for alltid; med Tember Blanche)
- 2025 – «Bird of Pray[13]»
Remove ads
Merknadar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
