Eurovision Song Contest 2025
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eurovision Song Contest 2025 var den 69. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen. Tevlinga fann stad i Basel i Sveits etter at Nemo og «The Code» vann Eurovision Song Contest 2024 for Sveits. Tevlinga vart organisert og produsert av den sveitsiske ålmennkringkastaren SRG SSR i samarbeid med EBU. Dette var den tredje gongen Sveits var vertskap for Eurovision Song Contest, og det var fyrste gongen Basel var vertsby.
Tevlinga bestod av tre sendingar: ein semifinale tysdag 13. mai, ein semifinale torsdag 15. mai og finalen laurdag 17. mai. Dei tre showa var arrangerte i St. Jakobshalle, ein fleirbruksarena utanfor Basel med kapasitet på 12 400 tilskodarar. Sendingane vart overførte direkte til alle deltakerlanda og andre land med senderettar. Programleiarane for alle sendingane var Hazel Brugger og Sandra Studer. Michelle Hunziker gjekk inn i finalen som den tredje programleiaren.[1]
Til saman deltok 37 land, like mange land som året før.[2] Montenegro kom tilbake til tevlinga etter å sist ha delteke i 2022, medan Moldova valde å trekkje seg.[3] Av deltakarlanda måtte 31 land gjennom ein av dei to semifinalane, der 20 av dei kvalifiserte seg til finalen. I tillegg deltok vertslandet Sveits og dei «fem store landa» i finalen. Vinnaren blei kåra av fagjuryar og sjåarar.
Tevlinga blei vunnen av Austerrike og JJ med låten «Wasted Love».[4][5][6] Israels Yuval Raphael enda på andreplass etter å ha vunne telefonavrøystinga. Estland, Sverige og Italia utgjorde resten av topp fem. Noreg enda på 18. plass i finalen med Kyle Alessandro og låten «Lighter».[7]
Remove ads
Bakgrunn
Sveits vann Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige med «The Code» og Nemo. Dette var den tredje sigeren til Sveits i Eurovision Song Contest etter å vunne den fyrste utgåva i 1956 med Lys Assia og «Refrain», og på nytt i 1988 med Céline Dion og «Ne partez pas sans moi[8]».
Som vinnar av 2024-tevlinga vant Sveits også retten til å arrangere tevlinga i 2025. Dette vert den tredje gang Sveits står vertskap etter tidlegare å ha arrangert Eurovision Song Contest i Lugano i 1956 og Lausanne i 1989.
Den sveitsiske kringkastingsorganisasjonen SRG SSR har lagd tevlinga til Basel, den tredje største byen i Sveits etter Zürich og Genève. I august kunngjorde SRG SSR at tevlinga skal verte halden i St. Jakobshalle med kapasitet på 12 400 tilskodarar.[9]
Andre arrangement
I samband med Eurovision Song Contest vil Congress Center Basel huse den offisielle nattklubben EuroClub i tillegg til Eurovision-landsbyen Eurovision Village, som er det offisielle festivalområdet til tevlinga for vitjande, fans og delegasjonar.[10]
Fotballstadionen St. Jakob-Park, som ligg ved sida av St. Jakobshalle, vil vise dei tre sendingane og ha konsertar med tidlegare Eurovision-deltakarar for betalande publikum. Eurovision Street er lagd til Steinenvorstadt.[10]
Remove ads
Vertsby-prosessen
Etter sigeren til Sveits i mai 2024, kom fleire sveitsiske byar på banen og melde interesse for å stå vertskap for Eurovision Song Contest 2025. Blant dei var Genève, Basel, St. Gallen, Lugano, Bern og Zürich.[11][12]
Vertskringkastaren SRG SSR opna vertsby-prosessen 27. mai 2024 med ei kravliste til interesserte byar.[13] Basel, Bern, Genève og Zürich leverte inn bud 28. juni.[14] Kort tid etter vitja delegatar frå SRG SSR dei fire kandidatbyane. Den 19. juli vart det klart at det stod mellom Basel og Genève, og 30. august kunngjorde EBU og SRG SSR at dei hadde vald Basel som vertsby og St. Jakobshalle som tevlingsarena.[9][15]
Remove ads
Deltakande land
Til saman skal 37 land delta i tevlinga. Montenegro kjem tilbake etter to års fråvær.[2] Moldova skulle opphavleg ha deltatt, men den 22. januar 2025 trekte den moldovske kringkasteren Teleradio-Moldova (TRM) seg frå deltaking i årets tevlinga. I følgje TRM blei avgjersla tatt «etter en detaljert analyse av den pågående situasjonen, i tillegg til økonomiske, administrative og kunstnariske utfordringar».[3]
For å delta, må eit land ha en ålmennkringkastar som er medlem av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Landet må også liggje innanfor det europeiske kringkastingsområdet eller ha ein spesialinvitasjon frå EBU.
Land som utgjer «dei fem store» og vertslandet Sveits er automatisk kvalifiserte til finalen laurdag 17. mai. Dei øvrige deltakerlandene er fordelte på dei to semifinalane som blir arrangert tysdagen og torsdagen før finalen.
Semifinale 1
Semifinale 2
Finalen
Remove ads
Sjå òg
- Junior Eurovision Song Contest 2025
Merknadar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads