Zitti e buoni

song av Måneskin, framført ved Eurovision Song Contest 2021 From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Zitti e buoni» (italiensk uttale [ˈtsitti e bˈbwɔːni]; norsk omsetjing 'tei stille og oppfør deg') er ein rockesong frå 2021 med den italienske gruppa Måneskin. Songen vann San Remo-festivalen 2021 og deretter Eurovision Song Contest 2021. «Zitti e buoni» er skriven av bandmedlemmane Damiano David, Ethan Torchio, Thomas Raggi og Victoria De Angelis. Han er produsert av Fabrizio Ferraguzzo og vart sloppen for strøyming og digital nedlastning 3. mars 2021.

Remove ads

Bakgrunn

«Zitti e buoni» vart opphavleg skriven som ein ballade i 2016, men dei påfølgjande åra omarbeidde bandet han til ein rockelåt.[1] Ifølgje Måneskin viser tittelen til «sinnet vårt som vert omforma til noko positivt, noko som førar til endring».[2][3] Ifølgje NME er songen eit kritisk spark frå den yngre generasjon retta mot den eldre generasjonen, og magasinet skriv vidare at teksta tek for seg tema som å «utfordre fordommar» og det å «finne forløysing».[4] Nettstaden Wiwibloggs beskreiv songen som eit «manifest for dei som ønskjer å ta seg framover, ved å verdsetje sine unike eigenskapar».[5]

Songen vart gjeven ut 3. mars 2021, mens ein akustisk versjon vart publisert på YouTube 7. mai 2021.[6] Fire dager etter utgivinga, 7. mars 2021, deltok og vann han i den største musikktevlinga i Italia, San Remo-festivalen.

Remove ads

Eurovision Song Contest

Thumb
Måneskin si framsyning under den fyrste semifinalen i Eurovision Song Contest 2021.

Som vinnar av San Remo-festivalen, tilbaud kringkastaren Radiotelevisione Italiana Måneskin å representere Italia i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Bandet takka ja til tilbodet og «Zitti e buoni» vart dimed det italienske bidraget til finalen i Eurovision Song Contest laurdag 22. mai.[7] På førehand var songen storfavoritt til å vinne tevlinga.[8][9][10]

Songen innfridde favorittstempelet og vann Eurovision Song Contest 2021 med til saman 524 poeng – 318 poeng frå telefonavrøystinga og 206 fra juryane. Songen fekk 25 poeng meir enn andreplassen «Voilà» av den franske artisten Barbara Pravi.[11][12] Songen fekk 12 poeng fra juryane i Kroatia, Georgia, Slovenia og Ukraina, og fra sjåarane i Bulgaria, Malta, San Marino, Serbia og Ukraina.[13] Då gruppa framførte vinnerlåten på ny, song dei den usensurerte versjonen av songen.[14] I sigersintervjuet under sendinga uttalte vokalist Damiano David: «Vi vil bare seie til heile Europa, til heile verda: Rock 'n' roll døyr aldri».[15]

Dette var fyrste gongen sidan 2006 at ei gruppe vann tevlinga, og med ein utypisk musikksjanger for Eurovision Song Contest. Dette var òg den fyrste sigeren til Italia sidan 1990, og den fyrste sigeren til ein av dei «fem store landa», sidan Tyskland vann på Fornebu i 2010.[16]

Med unntak av vokalisten David, vart dei øvrige bandmedlemmane dei fyrste vinnarane av Eurovision Song Contest som var fødde etter 2000. Dei vart gratulerte av den italienske presidenten og regjeringa.[17] Italiensk presse samanlikna gleda og sigeren med sigeren til det italienske herrelandslaget under Fotball-VM i 2006.[18]

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2021), Høgaste plassering ...

Sertifiseringar

Meir informasjon Region, Sertifisering ...

Utgivingshistorikk

Meir informasjon Region, Dato ...
Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads