Eurovision Song Contest 2010

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Eurovision Song Contest 2010 (ESC 2010), offisielt 55. Eurovision Song Contest, var den 55. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Telenor Arena i Bærum i Noreg. Den fyrste semifinalen fann stad tysdag 25. mai 2010, den andre semifinalen fann stad torsdag 27. mai 2010 og finalen fann stad laurdag 29. mai 2010. Tyskland vann tevlinga med songen «Satellite», sungen av Lena.

Kjappe fakta Share the Moment, Dato ...
Remove ads

Under finalen i Eurovision Song Contest 2009 vart det igjen brukt nasjonale fagjuryar i tillegg til telefonrøysting, der røystene til fagjuryane og telefonrøystene i utgangspunktet skulle telje like mykje. Frå og med 2010 skulle dette systemet òg takast i bruk under semifinalane. Totalt 39 land deltok i tevlinga: Georgia kom attende etter ikkje å ha delteke i 2009, medan Andorra, Tsjekkia, Ungarn og Montenegro trekte seg. Litauen kunngjorde fyrst at dei ikkje kom til å delteke, men stod seinare på lista over stadfesta deltakarland kunngjort av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).

Remove ads

Arrangement

Thumb
Telenor Arena.

Dåverande statsråd i kulturdepartementet Trond Giske og kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas vart samde om eit budsjett på rundt 150 millionar kroner, noko som er om lag 130 millionar kroner mindre enn budsjettet til Moskva frå 2009, men 50 millionar meir enn HelsingforsFinland arrangerte tevlinga i 2007. Dette estimatet vart seinare justert til 211 millionar kroner.

Det vart tidleg slått fast av Norsk rikskringkasting (NRK) at ein kom til å nytte ein allereie eksisterande arena, og at det ikkje ville verte bygd noko nytt i samband med arrangementet. EBU gav NRK og kulturministaren melding om at det vart stilt strenge krav til arena, noko som gjorde Tromsø, Bergen, Trondheim og Stavanger uaktuelle som arrangørbyar, sjølv om desse byane viste interesse for å arrangere tevlinga. Dimed stod valet mellom Telenor Arena på Fornebu i Bærum og Oslo Spektrum i Oslo. 3. juli 2009 vart det avgjort at tevlinga skulle arrangerast i Telenor Arena.

Finalen vart arrangert 29. mai med semifinalar 25. og 27. mai. Opphavleg dato for finalen var 22. mai med semifinalar 18. og 20. mai, men dette vart endra, då 22. mai òg er dato for finalen i Mesterligaen.

Programleiarar

Norske medium starta tidleg å spekulere i moglege kandidatar til programlederjobbene. Jon Almaas og Fredrik Skavlan frå høvesvis Nytt på nytt og Skavlan var mellom dei som vart nemnt hyppigast, medan duoen Thomas Numme og Harald Rønneberg vann ei avrøsting der Dagbladet spurde kva for kjendisar ein helst ville ha som programleiarar. Dorthe Skappel, som enda på andreplass i Dagbladet si kåring, viste interesse for å verte programleiar.

På ein pressekonferanse 10. mars 2010 offentleggjorde NRK at Eurovision Song Contest 2010 skulle leiast av Erik Solbakken, Haddy N'jie og Nadia Hasnaoui. Programleiarane opna og avslutta sendingane i fellesskap, men hadde ulike oppgåver undervegs. Medan Solbakken og N'jie stod for kontakten med deltakarane, hadde Hasnaoui ansvaret for avrøstinga. Dette var andre gongen i historia til tevlinga ein hadde fleire enn to programleiarar; fyrste gongen var i 1999.

Pauseinnslag

Pauseinnslaget i den fyrste semifinalen var ein film om menneskelege lydar, medan den andre semifinalen sitt pauseinnslag handla om korleis ein gut kom seg til konsertarenaen, der han deltok i ein oppvisning i breakdance. Pauseinnslaget i finalen bestod mellom anna av førehandsinnspelte klipp av dansande flash mob-ar frå ulike stader i Europa, og dessutan direkteoverføring frå Hamburg. Klipp frå fjernsynsstover i alle deltakarland direkte via nettkamera var òg med. Publikum i salen deltok òg i dansen. Den norske rapgruppa Madcon song songen «Glow» som ein del av pauseinnslaget.

Avrøysting

EBU vidareførte ordninga med både jury- og telefonrøyster som vart introdusert under finalen i Eurovision Song Contest 2009. I 2010 vart dette systemet òg teke i bruk under semifinalane. Kvart land hadde ein nasjonal fagjury som gav poeng i valørane 12, 10 og 8–1 til sine favorittbidrag. Røystene til juryen vart kombinert med resultatet frå telefonavrøstinga ved at dei ti bidraga som mottok flest telefonrøystar, òg fekk poeng i valørane 12, 10 og 8–1. Dei ti bidraga som til saman hadde fått flest røyster då jury- og telefonrøystene vart lagt saman, mottok poeng frå landet. Ved eventuell røystelikskap skulle telefonrøystene vege tyngst.

Dette året kunne ein røyste frå før fyrste land hadde framført til om lag 15 minutt etter at siste bidrag var framført. Tidlegare kunne ein berre røyste i om lag 15 minutt etter at eit land hadde framført.[1]

Orkester

Ei gruppe på nettsamfunnet Facebook som hadde som mål at det skulle nyttast orkester under Eurovision Song Contest 2010, oppnådde nærare 5000 medlemmar. Det vart nytta orkester i tevlinga frå starten i 1956 til og med 1998. Sidan Eurovision Song Contest 1999 har ein som fylgje av den tekniske utviklinga innan musikkindustrien vald å nytte forhandsinnspelte lydspor i staden. Debatten om framtida til orkestret i tevlinga har versert sidan, men EBU ytra ikkje noko ynskje om å endre på den noverande ordninga. Jan Fredrik Heyerdahl frå Kringkastingsorkestret sa at orkestret var interessert i å bidra i tevlinga, om EBU og NRK samtykte.

Fordeling av semifinaleplassar

Sundag 7. februar 2010 vart det halde ei trekning som avgjorde kva for land som skulle delteke i kvar av dei to semifinalane. Deltakarlanda vart fordelt i fem ulike grupper basert på røystemønstrane frå tidlegare tevlingar. Det vart òg avgjord i kva for ein halvdel av semifinalen dei respektive landa kom til å framføre – dette for at delegasjonane skulle vita når øvingane starta. Det vart òg avgjord i kva for semifinalar vertslandet Noreg og «Dei fem store», Storbritannia, Frankrike, Spania og Tyskland, som alle var førehandskvalifiserte til finalen, skulle vere med og røyste. Den endelege rekkjefylgja for fremføringane vart trekt 23. mars 2010. Her vart det òg avgjord i kva for ei rekkjefylgje landa skulle presentere røystene sine under finalen.

Remove ads

Bidraga

Semifinale 1

  • Den fyrste semifinalen vart kringkasta 25. mai frå Telenor Arena i Bærum.
  • Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 prosent telefonrøystar og 50 prosent juryrøystar som hadde fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen og dei tre direktekvalifiserte landa som ville røyste i denne semifinalen kvalifiserte seg til finalen.
  • Frankrike, Tyskland og Spania måtte kringkaste og røysta i denne semifinalen.
  • EBU kunngjorde poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som røysta ikkje ville verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.
Meir informasjon #, Land ...

Semifinale 2

  • Den andre semifinalen vart kringkasta 27. mai frå Telenor Arena i Bærum.
  • Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 prosent telefonrøystar og 50 prosent juryrøystar som hadde fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen og dei tre direktekvalifiserte landa som ville røyste i denne semifinalen kvalifiserte seg til finalen.
  • Noreg og Storbritannia måtte kringkaste og røysta i denne semifinalen.
  • EBU kunngjorde poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som røysta ikkje ville verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.
Meir informasjon #, Land ...

Finalen

  • Finalen vart kringkasta 29. mai frå Telenor Arena i Bærum.
  • Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland, kalla dei fire store, og vertslandet Noreg var direktekvalifisert til finalen.
  • 20 land kvalifiserte seg frå dei to semifinalane 25. og 27. mai. Totalt deltok 25 land i finalen.
  • I 2010 fekk en berre røyste i 15 minutt etter alle landa hadde framført sitt bidrag. Dette var ulikt systemet frå 2009 der ein kunne røyste under alle framføringane.
  • Då Spania framføre sitt bidrag laup den kjende avbrytaren Jimmy Jump opp på scena. Svante Stockselius, øvste ansvarlege for Eurovision Song Contest, gav Spania lov til å framføre bidraget på nytt etter at Danmark hadde framført sitt bidrag. Jimmy Jump fekk seinare ei bot på 15 000 kroner.
Meir informasjon #, Land ...
Remove ads

Røystegjeving

Semifinale 1

I den første semifinalen brukte eitt land berre juryrøystar, sidan det ikkje kom inn nok telefonrøyster etter det EBU krev. Det er ikkje kjend kva for eit land dette dreiar seg om.[2] EBU offentleggjorde dei samla jury- og sjåarrøystene i juni 2010. Det detaljerte resultatet for kvart enkelt land vart ikkje offentleggjort.[3]

Meir informasjon Semifinale 1, Plass ...
Meir informasjon Deltakarland, Poenggjevande land ...

12 poeng i semifinale 1

Under er lista over landa som fekk 12 poeng i semifinale 1:

Meir informasjon Antall, Land som fekk 12 poeng ...

Semifinale 2

EBU offentleggjorde dei samla jury- og sjåarrøystene i juni 2010. Det detaljerte resultatet for kvart enkelt land vart ikkje offentleggjort.[3]

Meir informasjon Semifinale 2, Plass ...
Meir informasjon Deltakarland, Poenggjevande land ...

12 poeng i semifinale 2

Under er lista over landa som fekk 12 poeng i semifinale 2:

Meir informasjon Antall, Land som fekk 12 poeng ...

Finalen

EBU offentleggjorde dei samla jury- og sjåarrøystene i juni 2010. I motsetnad til i 2009 vart ikkje det detaljerte resultatet for kvart enkelt land offentleggjort.[3] Poenggjevande land er organisert i same rekkefølgje som landa røysta i under finalen.

Meir informasjon Finalen, Plass ...
Meir informasjon Deltakarland, Poenggjevande land ...

12 poeng i finalen

Under er lista over landa som fekk 12 poeng i finalen:

Meir informasjon Antall, Land som fekk 12 poeng ...


Remove ads

Artistar som har delteke tidlegare

Meir informasjon Artist, Land ...

Sjå òg

Merknadar

  1. Det vart ikkje arrangert nokon semifinale i 1993, men ein kvalifikasjonsrunde der sju land deltok.

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads