Adrenalina
song frå 2021 med Senhit From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Adrenalina» (spansk/italiensk for 'adrenalin') er ein popsong frå 2021 med element av reggaeton og rap. Han vert framført av den italiensk-eritreiske songaren Senhit og den amerikanske rapparen Flo Rida. Songen var det sanmarinske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, der han vart nummer 22 i finalen.
Om songen
Kringkastaren San Marino RTV valde den italienske songaren Senhit internt til å representere landet i Eurovision Song Contest 2020.[1] Då Eurovision Song Contest vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien, fekk Senhit i staden tilbod om å representere San Marino i Eurovision Song Contest 2021, eit tilbod ho takka ja til.[2][3][4]
«Adrenalina» vart gjeven ut 7. mars 2021 og er laga av eit breitt, internasjonalt låtskrivarlag sett saman av Chanel Tukia, Dillard Tramar, Jimmy Thörnfeldt, Joy Deb, Kenny Silverdique, Linnea Deb, Malou Linn Eloise Ruotsalainen, Senhit Zadik Zadik, Suzi Pancenkov, og Thomas Stengaard. Songen har element av elektropop, afrikapop, latinopop, reggaeton og rap.[5][6] I tillegg til Senhit deltek den amerikanske rapparen Flo Rida med eit rap-vers på studioinnspelinga og i musikkvideoen. Det var lenge usikkert om rapparen ville deltake sjølv på scena under Eurovision Song Contest, men han dukka opp i Rotterdam to dagar før semifinale 2 og deltok i tevlinga.[5][6][7][8]
«Adrenalina» har engelsk tekst, men tittelen er italiensk og spansk for 'adrenalin'. I songen vert det også brukt to instrument frå Eritrea: krar (ei skålforma lyre) og kebero (ei kjegleforma tofells-handtromme).[5]
Remove ads
Eurovision Song Contest
San Marino var trekt til å deltake i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 20. mai. Der kom «Adrenalina» på niendeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai. I finalen var låten den siste ut på scena av 26 deltakarar, og enda til slutt som nummer 22 med 50 poeng. [9]
San Marino debuterte i Eurovision Song Contest i 2008 og hadde før 2021 kvalifisert seg til finalen to gongar tidlegare, seinast i 2019 med Serhat og «Say Na Na Na».
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads