Asteroidemåne
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein asteroidemåne er ein asteroide som går rundt ein annan asteroide. Astronomane går ut frå at mange asteroidar har månar, ofte relativt store månar. Asteroidar med månar blir ofte kalla binære asteroidar.

Termen dobbelasteroide blir nokre gonger brukt for tilfelle der asteroiden og månen er omtrent like store. 90 Antiope er ein slik asteroide, der to like store delar går i bane rundt eit felles gravitasjonssentrum.
Remove ads
Opphav
Kvar asteroidemånar kjem frå veit ein ikkje sikkert, men det finst mange moglege forklaringar. Ein populær teori er at dei er blitt til ved at bitar er blitt slått av asteroidar gjennom kollisjonar. Ein større asteroide kan òg ha fanga ein mindre gjennom gravitasjonskrefter.
Oppdagingar
Den første asteroidemånen ein identifiserte var Dactyl, som går rundt 243 Ida. Denne blei oppdaga av Galileosonden i 1993. I 1998 oppdaga ein den andre, Petit-Prince, som gjekk rundt 45 Eugenia.
Ved byrjinga av 2004 hadde ein funne nær førti fleire asteroidemånar ved hjelp av teleskop på jorda. Det blei funne månar rundt hovudbelteasteroidar, trojanske asteroidar, nærjordsasteroidar og objekt i Kuiperbeltet.
I august 2005 fann ein det første måneparet rundt ein asteroide, Remus og Romulus som gjekk rundt 87 Sylvia. Seinare same året oppdaga ein òg to månar rundt 2003 EL61.
Remove ads
Viktige asteroidar med månar
Bakgrunnsstoff
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads