Månane til Jupiter
Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Månane til Jupiter er dei naturlege satellittane til Jupiter. Så langt er det sekstitre kjende.
Oppdaging

Nedteikningar gjorde av den kinesiske astronomen Gan De frå år 364 kan ha vore den første oppdaginga av jupitermånar, men dei første sikre observasjonane blei gjorde først i 1610 av Galileo Galilei med eit 33x teleskop.
Ingen nye oppdagingar blei gjorde før E. E. Barnard observerte Amalthea i 1892. Fleire oppdagingar, hjelpte av teleskopfotografering, kom på 1900-talet. Før Voyager-sondane nådde Jupiter på 1970-talet var det tretten kjende satellittar.
Voyager 1-ferda oppdaga tre indre månar i 1979 og bringa det totale talet på kjende jupitermånar opp til 16 (17 dersom ein tel med Themisto som var tapt i tidsrommet 1975-2000). Dette talet var gjeldande til 1999. Sidan då har astronomar gjenoppdaga Themisto og funne 46 fleire små jupitermånar i lange eksentriske og ofte retrograde banar. Desse nye månane er 3 km i diameter i gjennomsnitt, og den største er omtrent 9 km på tvers. Dei er antekne å vera innfanga asteroidar eller kometar, kanskje brekte opp i bitar; men lite er kjent om dei. Talet på jupitermånar står no på 63 og er førebels det største talet på naturlege satellittar i heile solsystemet. Mange fleire småmånar ventar kanskje framleis på å bli oppdaga.
Remove ads
Tabell over månane
Under er alle kjende jupitermånar rangerte etter baneperiode, frå kortast til lengst. Dei galileiske månane er dei einaste som er massive nok til at dei kan oppretthalda ein sfærisk form og står på blå bakgrunn. Dei innfanga og irregulære satellittane står på grå bakgrunn: lysegrå for prograd-banerørsle og mørkegrå for retrograd.
- (1) Utrekna ved bruk av IAU-MPC Satellites Ephemeris Service sin µ-verdi
- (2) Kjelde: JPL/NASA Arkivert 2008-09-17 ved Wayback Machine.
- (3) Kjelde (for Themisto og utover): IAU-MPC Satellites Ephemeris Service
- (4) Baneperiodar med negative verdiar er retrograde.
- (5) Utrekna med data frå IAG Travaux 2001 Arkivert 2018-10-31 ved Wayback Machine. for Metis til og med Callisto og viser banehellinga i forhold til Jupiters ekvator. Dataa for resten kjem frå IAU-MPC Satellites Ephemeris Service og er banehellinga i forhold til det lokale laplace-planet.
Remove ads
Gruppering av månane
Som hos alle dei fire store gassplanetane er jupitermånane delte opp i to hovudkategoriar:
- Regulære satellittar – består av amalthea-gruppa av indre månar og dei fire galileiske månane som alle blei danna i bane rundt Jupiter.
- Irregulære satellittar – små objekt med høgt eksentriske og lange banar som har blitt plukka opp av Jupiters tyngdekraft gjennom planetens ferd i rommet.

Det første diagrammet illustrerar banane til alle dei irregulære satellittane til Jupiter som er oppdaga så langt. Banehellinga er representert ved Y-aksen. Satellittane over aksen har prograde banar medan dei under har retrograde. X-aksen står oppført i gigameter (mill. km) etter avstand frå Jupiter. Sirklane står for hill-sfæren (radius for gravitasjonspåverknad).
Prograde irregulære månar
Himalia-gruppa er relativt tett, fordelt på knappe 1,4 mill. km i store halvakse og 1,6° i banehelling (27,5 ± 0,8°). Eksentrisitetane varierer mellom 0,11 og 0,25.
Retrograde irregulære månar
Det som no er igjen av dei ytre retrograde og irregulære satellittane kan fordelast på tre familiar, basert på delte banekarakteristika. Gruppenamnet kjem frå den største medlemen i kvart tilfelle. Desse familiane er klumpar i store halvakse, men òg i banehelling og eksentrisitet.
Carme-gruppa er sentrert på store halvakse = 23,4 mill. km, banehelling = 165,0±0,3° og eksentrisitet = 0,238 – 0,272. S/2003 J 10 skil seg litt med sin høge eksentrisitet på 0,344.
Ananke-gruppa er sentrert på store halvakse = 21,3 mill. km, banehelling = 149,0±0,5° og eksentrisitet = 0,216 – 0,244; men grensene er lausare. Dei åtte kjernemedlemma ((S/2003 J 16, Mneme, Euanthe, Orthosie, Harpalyke, Praxidike, Thyone, Thelxinoe, Ananke, Iocaste) er tydeleg klumpa saman, men den attverande resten er til ulike gradar kontroversiell.
Pasiphaë-gruppa tar opp den attverande resten, med unntak av månane i dei indre og ytre grensene (S/2003 J 12 og S/2003 J 2). Gruppa er sentrert på store halvakse = 23,6 mill. km, banehelling = 151,4±6,9° og eksentrisitet = 0,156 – 0,432. Pasiphaë har store skilnadar innetter; så om grupperinga er reell, må den vera veldig gamal for å kunna forklara dei store forskjellane.
S/2003 J 12 og S/2003 J 2 (den ytste satellitten) er isolerte.
Remove ads
Namnsetting
Dei sju satellittane oppdaga mellom 1904 og 1951 (Himalia, Elara, Pasiphaë, Sinope, Lysithea, Carme og Ananke) blei ikkje namnsette før 1975, 24-71 etter at dei blei oppdaga. Dei var for det meste kjende ved dei romartala dei hadde fått tildelt: Jupiter VI til Jupiter XII. Likevel hadde det vore lagt fram namneforslag I 1955, 1962 og 1973.
Nokon asteroidar deler namn med jupitermånar: 9 Metis, 38 Leda 52 Europa, 85 Io, 113 Amalthea og 239 Adrastea. Ytterlegare to asteroidar delte namn med jupitermånar inntil IAU bestemte at asteroidenamna skulle stavast annleis:
- Ganymede og asteroiden 1036 Ganymed
- Callisto og asteroiden 204 Kallisto
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
- Scott S. Sheppard, David C. Jewitt: «An abundant population of small irregular satellites around Jupiter» Nature, 423 (mai 2003), s.261-263. Full tekst
- Scott S. Sheppard, David C. Jewitt, Carolyn Porco: «Jupiter's outer satellites and Trojans» i: «Jupiter. The planet, satellites and magnetosphere» redigert av Fran Bagenal, Timothy E. Dowling, William B. McKinnon. Cambridge planetary science, Vol. 1, Cambridge, UK: Cambridge University Press, ISBN 0-521-81808-7, 2004, s. 263 - 280 full tekst
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Jupiters månar av NASAs «Solar System Exploration»
- Satellittdata for Jupiter
- «43 nye månar i bane rundt Jupiter» (engelsk)
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads