Chaos and Creation in the Backyard
album av Paul McCartney From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Chaos and Creation in the Backyard er det 13. studioalbumet til Paul McCartney, gjeve ut i 2005. Albumet tok lang tid å få i stand og vart produsert av produsenten til Radiohead og Beck, Nigel Godrich, etter forslag frå George Martin.
McCartney spelar dei fleste instrumenta sjølv, slik han gjorde på McCartney i 1970 og McCartney II i 1980. I tillegg var Chaos and Creation in the Backyard det første sidan Give My Regards to Broad Street i 1984 der McCartney ikkje var produsent på sitt eigne studioalbum.
Chaos and Creation in the Backyard var det siste rockealbumet McCartney gav ut for selskapet EMI. Han signerte ein avtale med Hear Music, eigd av Starbucks, i mars 2007.[18] Han gjekk seinare attende til det gamle selskapet sitt, Capitol Records, i 2016.
Remove ads
Musikk og tekst
McCartney sa at songen «Friends to Go» var inspirert av, og dedisert til, George Harrison.
Produksjon
Då Godrich fekk spørsmål om å produsere eit album med McCartney sa han:
- «Den første reaksjonen min var frykt, ikkje berre fordi han er ein særs viktig person, men fordi eg var ikkje sikker på kor villig han var til å skitne til hendene.»[19]
Dei to byrja teste ut eit samarbeid og spelte inn songane «This Never Happened Before» og «Follow Me», som var nok til å overtyde begge om at dei kunne utvikle eit album. Godrich deltok aktivt og inspirerte McCartney til å skrive songen «At the Mercy», legge piano-bandsløyfer på «How Kind of You» og arbeide med McCartney for å sakke ned tempoet på «Riding to Vanity Fair», som McCartney sa «endra stemninga fullstendig».[20]
I følgje McCartney var Godrich stundom direkte i vurderinga av songane til McCartney for albumet:
- «Nigel... nekta meg å syngje songar han ikkje likte, som var veldig frekt av han.»[20]
Remove ads
Innspeling
Innspelinga føregjekk over ein lang periode. Dei første innspelingane vart gjort i RAK Studios i London i september 2003 av McCartney og bandet hans. Etter nokre få opptak sa Godrich at han ønskte å arbeide med McCartney aleine, og ikkje involvere bandet. Etter nokre månaders pause, heldt innspelinga fram i Ocean Way Studios i Los Angeles i april 2004, med fleire innspelingar i september. Dei siste innspelingane fann stad i AIR Studios i London i april 2005.[21]
Plateomslag
Omslaget til Chaos and Creation in the Backyard er frå eit fotografi av McCartney som spelar gitar i hagen til familien sin i Liverpool, teke av broren Mike McCartney (òg kjend som Mike McGear) og opphavleg kalla Paul Under Washing, før det vart kalla Our Kid Through Mum's Net Curtains.
Utgjeving
Den første singelen, «Fine Line», kom ut seint i august 2005, like før sjølve Chaos and Creation in the Backyard kom ut, og nådde 20. plassen i Storbritannia. Ein annan singel, «Jenny Wren», nådde 22. plassen i Storbritannia i november.
The 'US' Tour i 2005 marknadsførte albumet i USA og Canada. Det vart òg halde ein konsert i Abbey Road Studios kalla Chaos and Creation at Abbey Road.
Albumet vart nominert til Grammyprisen for årets album. I USA nådde albumet sjetteplasen på Billboard 2000 og låg på lista i 21 veker, og selde totalt 530 000 eksemplar i USA i 2007.[22] I Storbritannia nådde albumet 10. plassen og låg berre tre veker på lista. Det selde kring 45 000 eksemplar i Storbritannia, som vart rekna som skuffande.[23] I Frankrike selde det over 100 000 eksemplar og låg på albumlista der i 21 veker.[24] EMI annonserte i mars 2006 at albumet fram til då hadde seld 1,3 millionar eksemplar verda over.[25]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Paul McCartney
Spesialutgåve med DVD
Remove ads
Medverkande
Medverkande følgje plateomslaget.[27]
|
|
Remove ads
Prisar
Grammyprisen
Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads