Elvis' Gold Records Volume 4

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Elvis' Gold Records Volume 4 er det 34. albumet til Elvis Presley, gjeve ut av RCA Victor i mono og stereo som LPM/LSP 3921 i januar 1968. Albumet består av innspelingar frå ein åtteårsperiode i RCA Studio B i Nashville i Tennessee, og i RCA Studios og Radio Recorders i Hollywood. Det er eit samlealbum med hitsinglar gjevne ut mellom 1961 og 1967 og nådde 33. plassen på Billboard 200.[2] Det selde til gullplate 27. mars 1992 i USA.[3]

Meir informasjon -kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Innhald

Sjølv om Presley hadde vore ein populær artist sidan Elvis' Golden Records Volume 3 (1963), og hatt åtte album inne på topp 10 og 17 singlar på topp 40, hadde salet falle sidan glanstida.[2] Samlealbumet Elvis for Everyone (1965) var det første albumet hans som selde under 300 000 eksemplar, og dei siste fem filmmusikkalbuma hadde alle gjort det stadig verre, og falle under 200 000 selde eksemplar.[4] Singlane hans nådde ikkje lenger automatisk topp 40, og sjølv om den siste singelen hans «Big Boss Man» hadde seld 350 000, hadde han ikkje nådd 500 000 for å få gullplate i USA.[5] Vanlegvis var samlealbuma ein garantert salssuksess, men denne utgåva selde berre 400 000 eksemplar. Dette var betre enn dei siste filmmusikkalbuma, men langt dårlegare enn dei tre føregjengaren.[6] Det var no tvil om den framtidige karrieren til Presley.

Elvis' Gold Records Volume 4 består av fem A-sider og sju B-sider. Tre songar hadde ikkje blitt skrivne for Presley: «Love Letters» kom frå filmen med same namn; «Witchcraft» hadde vore ein hit i 1956 for The Spiders og «What'd I Say» var klassikaren til Ray Charles frå 1959.[7] Tre B-sider, «Lonely Man», «A Mess of Blues» og «Just Tell Her Jim Said Hello» var gamle nok til å ha vore med på Elvis' Golden Records Volume 3, og ei anna B-side «Ain't That Loving You Baby», kom frå permisjonsinnspelinga for RCA den 10. juni 1958, då han spelte inn musikk som skulle gjevast ut medan Presley var i United States Army.[8]

I 1997 vart Elvis' Gold Records Volume 4 gjeven ut på ny med seks ekstra songar og ei anna rekkefølgje på songane. «Rock-A-Hula Baby» frå Blue Hawaii i 1961 vart gjeven ut som B-sida til singelen «Can't Help Falling In Love».[9] Tre songar vart gjevne ut som singlar før filmmusikkalbuma dei høyrte til kom ut: «Bossa Nova Baby» for Fun in Acapulco; «Kissin' Cousins» for albumet med same namn og «Return to Sender», som kom ut ein månad før Girls! Girls! Girls!.[10] «Viva Las Vegas» (B-sida til «What'd I Say»), av Doc Pomus og Mort Shuman, vart ein av dei mest kjende Elvis-innspelingane, og ei rekkje artistar har spelt inn denne songen, som Dead Kennedys, Bruce Springsteen og Nine Inch Nails. Gospelsongen «Crying in the Chapel» vart spelt inn under innspelinga for His Hand in Mine, og denne fem år gamle songen nådde tredjeplassen og selde ein million eksemplar då han kom ut på singel i 1965.[11]

I 1968 var det mindre vanleg å gje ut plater i mono, så monoutgåva av albumet vert rekna som sjeldant og er eit samleobjekt.[12]

Dei originale innspelingane vart produserte av Steve Sholes, Joseph Lilley, Chet Atkins, Urban Thielmann, George Stoll og Felton Jarvis.

Remove ads

Medverkande

Remove ads

Innhald

Plassering for singlar er for Billboard Pop Singles-lista, med mindre det står noko anna.

Originalutgåve

Side ein
Nr.ZTittelLåtskrivar(ar)InnspeltKatalogUtgjeveListerTid
1.«Love Letters»Edward Heyman og Victor Young26. mai 196647−88708. juni 1966192:30
2.«Witchcraft»Dave Bartholomew and Pearl King26. mai 196347−8243b1. oktober 1963322:19
3.«It Hurts Me»Joy Byers og Charlie Daniels12. januar 196447−8307b10. februar 1964292:27
4.«What'd I Say»Ray Charles30. august 196347−836028. april 1964213:02
5.«Please Don't Drag That String Around»Otis Blackwell og Winfield Scott26. mai 196347−8188b18. juni 19631:54
6.«Indescribably Blue»Darrell Glenn10. juni 196647−905610. januar 1967332:48
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltKatalogUtgjeveListerTime
1.«(You're the) Devil in Disguise»Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye26. mai 196347−818818. juni 196332:20
2.«Lonely Man»Bennie Benjamin og Sol Marcus7. november 196047−7850b7. februar 1961322:43
3.«A Mess of Blues»Doc Pomus og Mort Shuman20. mars 196047−7777b5. juli 1960322:39
4.«Ask Me»Domenico Modugno, Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye12. januar 196447−884022. september 1964122:07
5.«Ain't That Loving You Baby»Clyde Otis og Ivory Joe Hunter10. juni 195847−8840b22. september 1964162:22
6.«Just Tell Her Jim Said Hello»Jerry Leiber og Mike Stoller19. mars 196247−8041b17. juli 1962551:52

Bonusspor på 1997-utgåva

Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltKatalogUtgjeveListerTid
1.«Return to Sender»Otis Blackwell og Winfield Scott27. mars 196247−81002. oktober 196222:06
2.«Rock−a−Hula Baby»Fred Wise, Ben Weisman, Dolores Fuller23. mars 196147−7968b22. november 2016 1961231:57
3.«Love Letters»Edward Heyman og Victor Young26. mai 196647−88708. juni 1966192:30
4.«Bossa Nova Baby»Jerry Leiber og Mike Stoller22. januar 196347−82431. oktober 196382:02
5.«Witchcraft»Dave Bartholomew og Pearl King26. mai 196347−8243b1. oktober 1963322:19
6.«Kissin' Cousins»Fred Wise og Randy Starr30. september 196347−830710. februar 1964122:12
7.«It Hurts Me»Joy Byers og Charlie Daniels12. januar 196447−8307b10. februar 1964292:27
8.«Viva Las Vegas»Doc Pomus og Mort Shuman10. juli 196347−8360b28. april 1964292:21
9.«What'd I Say»Ray Charles30. august 196347−836028. april 1964213:02
10.«Please Don't Drag That String Around»Otis Blackwell og Winfield Scott26. mai 196347−8188b18. juni 19631:54
11.«Indescribably Blue»Darrell Glenn10. juni 196647−905610. januar 1967332:48
12."(You're the) Devil in Disguise"Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye26. mai 196347−818818. juni 196332:20
13.«Lonely Man»Bennie Benjamin og Sol Marcus7. november 196047−7850b7. februar 1961322:43
14.«A Mess of Blues»Doc Pomus og Mort Shuman20. mars 196047−7777b5. juli 1960322:39
15.«Ask Me»Domenico Modugno, Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye12. januar 196447−884022. september 1964122:07
16.«Ain't That Loving You Baby»Clyde Otis og Ivory Joe Hunter10. juni 195847−8840b22. september 1964162:22
17.«Just Tell Her Jim Said Hello»Jerry Leiber og Mike Stoller19. mars 196247−8041b7. juli 1962551:52
18.«Crying in the Chapel»Artie Glenn31. oktober 196047−06436. april 196532:24
Remove ads

Lister

Album

Meir informasjon År, Lister ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads