Hell Freezes Over

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Hell Freezes Over er det andre konsertalbumet til Eagles, gjeve ut i 1994. Det inneheld fire nye studiospor og elleve konsertopptak for ein MTV-spesial frå april 1994. Albumet gjekk til topps på Billboard-lista, der det låg i to veker. Det er det ander konsertalbumet ti lbandet etter Eagles Live i 1980. Eagles hadde kome saman att etter ein fjorten år lang pause. Albumet vart ein like stor suksess som turneen og selde over seks millionar eksemplar og inneheldt to singlar som nådde topp 40, «Get Over It» og «Love Will Keep Us Alive». Bandbesetninga bestod av besetninga frå Long Run-tida: Don Henley, Glenn Frey, Joe Walsh, Don Felder og Timothy B. Schmit. Turneen varte frå 1994–96 og vart ein av dei mest suksessrike turenane i musikkhistoria. Albumet inneheld ein akustisk versjon av «Hotel California». Hell Freezes Over vart òg gjeve ut på video i form av VHS, LaserDisc og DVD.

Meir informasjon Eagles-kronologi, Singlar frå {{{namn}}} ...
Remove ads

Bakgrunn

Namnet på albumet er ein referanse til det Don Henley sa då bandet braut opp i 1980. Han sa at bandet kom til å spele saman att først når «Hell freezes over» (når helvete frys til). Ein av dei mest kjende songane på albumet er eit nytt arrangement av «Hotel California» med ein lengre akustisk gitar- og perkusjonsintro. I byrjinga av konserten seier Glenn Frey: «For å få det sagt, me gjekk aldri frå kvarandre; me berre tok ein 14 år lang pause.»

Den nye songen «Get Over It» vart ein mindre hitt, og ein annan ny song, «Love Will Keep Us Alive», nådde toppen av Billboard Adult Contemporary-lista.

DVDen var ein av dei første musikkutgjevingane som hadde eit DTS-lydspor i tillegg til eit PCM-stereolydspor. DVDen inneheld songen «Seven Bridges Road» som berre var i DTS-lyd. DVDen har sidan blitt gjeven ut på ny med Dolby Digital-lyd. Albumet vart òg gjeve ut på DTS CD i 1997.

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
  • Alle nye songar vart gjevne ut som studioopptak på albumet, men ein kan sjå dei i konsertopptak på VHS- og DVD-versjonane.

DVD-spor

  1. "Help Me Through the Night» (Walsh) 21.44
  2. "The Heart of the Matter» (Henley, Mike Campbell, J.D. Souther)
  3. "Seven Bridges Road» (Steve Young) DTS 
Remove ads

Medverkande

Andre medverkande
  • John Corey – piano
  • Scott Crago – perkusjon, trommer
  • Timothy Drury – klaverinstrument, vokal
  • Stan Lynch – perkusjon
  • Jay Oliver – organ, klaverinstrument, piano
  • Paulinho Da Costa – perkusjon
  • Gary Grimm – perkusjon
  • Brian Matthews electro-theremin
  • Al Garth trompet på «New York Minute»
  • Burbank Philharmonic Orchestra – på «New York Minute»
Produksjon
  • Eagles, Elliot Scheiner, Rob Jacobs, Stan Lynch produsent
  • Joel Stillerman – leiande produsent
  • Carol Donovan – program-produsent
  • Beth McCarthy – programleiar
  • Audrey Johns – program-linjeprodusent
  • Rob Jacobs, Elliot Scheiner lydteknikar
  • Charlie Bouis, Carl Glanville, Barry Goldberg, Andy Grassi, Tom Trafalski, Tom Winslow – ass. lydteknikar
  • Todd Bowie og Chris Buttleman gitarteknikar
  • Ted Jensen – mastering
  • Rob Jacobs, Dave Kob, Dave Reynolds, Elliot Scheiner – miksing
  • Adam Armstrong – vokalteknikar
  • Ted Jensen – redigering
  • Don Davis, The Eagles, Jay Oliver blåsar og strykearrangement
  • David Hewitt – innspelingskoordinator
  • John Halpern, David Skernick – fotografi
  • Keith Raywood – produksjonsdesign
  • Robin Sloane, Janet Wolsborn – kunstnarisk leiar
  • Dwaine «The Peachin' Trucker» Wise – turnemanager
  • Andrew Lopez – sjefssjåfør

Lister

Album

Meir informasjon Liste (1994), Plassering position ...
Meir informasjon Liste (1995), Plassering ...
Meir informasjon Liste (1996), Plassering ...
Meir informasjon Liste (1997), Plassering ...
Meir informasjon Liste (2001), Plassering ...

Årslister

Meir informasjon Liste (1990–1999), Plassering ...

Video/DVD

Meir informasjon Liste (2002), Plassering ...
Meir informasjon Liste (2003), Plassering ...
Meir informasjon Liste (2004), Plassering ...

Singlar

Meir informasjon År, Single ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads