Inside Information av Foreigner
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Inside Information er det sjette studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Foreigner, gjeve ut 8. desember 1987. Albumet nådde femteplassen på Billboard 200-lista og selde til platinaplate i USA for sal på over ein million eksemplar. Sjølv om dette kan reknast som eit godt platesal for dei fleste artistar, var dette eit kraftig fall i platesalet for Foreigner sidan 4 i 1981. Det var det siste albumet deira med kjernebesetninga i 80-talet med Gramm, Jones, Wills og Elliott.
«Say You Will» kom ut som den første singelen frå albumet. Allmusic skildra seinare denne singelen som «eit godt døme» på «balanseringa bandet dreiv med» der «den gitartunge stilen frå dei tidlege platene deira vart flytta til sides for eit glattare arrangement med elektroniske instrument i framgrunnen...»[2] Singelen nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100 og vart den fjerde førsteplassen deira på Billboard Hot Mainstream Rock Tracks-lista, der han låg i fire veker. Songen vart òg den tredje største hitten deira i Tyskland, der han nådde 22. plassen, men gjorde det enno betre i Sveits, Nederland, og særskild i Noreg, der han nådde fjerdeplassen. Ein sjeldan CD-singel inneheldt ein lengre miks av songen.
Den andre singelen frå albumet, «I Don't Want to Live Without You», nådde femteplassen på Hot 100. Han er markant rolegare enn andre songar dei hadde laga til då og var den første og einaste songen deira som nådde toppen av Adult Contemporary-lista i USA, etter at dei andre balladane «Waiting for a Girl Like You» og «I Want to Know What Love Is» hadde nådd høvesvis femte- og tredjeplassen på denne lista. Songen gjekk òg inn på Mainstream Rock-lista, der han nådde 18. plassen.
Fleire singlar frå albumet kom ut, som «Heart Turns to Stone», som nådde sjuandeplassen på Hot Mainstream Rock Tracks-lista, men nådde berre 56. plassen på Hot 100. Den hardare «Can't Wait», klatra til 18. plassen på Mainstream Rock Tracks-lista, men gjekk ikkje inn på Hot 100.[3] «Out of the Blue» vart òg gjeven ut på singel, men gjekk ikkje inn på listene.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
Foreigner
- Lou Gramm – solovokal
- Mick Jones – gitar, klaverinstrument, som Roland D-50 og Yamaha DX7, korvokal
- Rick Wills – bass, korvokal
- Dennis Elliott – trommer
Andre medverkande
- Tom Bailey – ekstra klaverinstrument (4)
- Kevin Jones – Synclavier
- Ian Lloyd – korvokal
- Hugh McCracken – spansk gitar (7)
- Sammy Merendino – elektronisk perkusjon
- Mark Rivera – saksofon (1), korvokal
- Peter-John Vettese – klaverinstrument
Remove ads
Produksjon
- Produsent – Mick Jones
- Medprodusent, lydteknikar og miksing – Frank Filipetti
- Assisterande lydteknikar – Billy Miranda
- Mastering av Ted Jensen i Sterling Sound (New York City, NY).
- Teknisk støtte – Kevin Jones
- Førproduksjonsassistent – Warren Austerer
- Kunstnarisk leiar – Bob Defrin
- Gruppefotografi – E.J. Camp
- Fotografi på fram- og baksida– Roger Corbeau
- Management – Bud Prager
Salstrofé
Salslister
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads