Julekaker
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Julekaker er småkaker det er vanleg å baka eller kjøpa til jul. Dei blir også serverte og etne ved juletider, typisk frå advent til og med romjula.


Norske kakesortar
Eit omgrep knytt til julekakene er «dei sju slaga» eller «dei sju sortane», der ein var meint å baka sju ulike kakeslag før jul. Ein kan velja sju slag frå fleire meir eller mindre juleaktige kaker. I ei avstemming i Aftenposten i 1992 blei desse sju slaga valde ut som nødvendige julekaker: Smultring/hjortetakk, sandkake, sirupssnipp, berlinerkrans, goro, krumkake og fattigmann.
Andre kakeslag som mange meiner høyrer jula til er brune pinnar, havre- eller kokosmakron, julekake, jødekake, kransekake (stenger), kling eller lefse, Mor Monsen, nøtterose, peparkake, peparnøtt, rosett- og bordstabelbakkels og serinakake.
I samband med betre tilgang på sjokolade er det også blitt vanleg å laga konfektkaker som delfiakake og risbolle til jul. Til jul i dag kan ein også laga store kaker og ikkje berre småkaker.
Remove ads
I andre land
I tysk tradisjon er Lebkuchen, ei mjuk peparkakeaktig kake, ei utbreidd julekake.
Av større kaker laga til jul finn ein den engelske plum-puddingen, som blir tent på ved servering, og franske Bûche de Noël, 'julekubbe', ei kake laga for å sjå ut som ein vedkubbe lik den ein har hatt for skikk å pynta og brenna til jul i fleire europeiske land.
Sjå og
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads