Marokko i Eurovision Song Contest

From Wikipedia, the free encyclopedia

Marokko i Eurovision Song Contest
Remove ads

Marokko debuterte i Eurovision Song Contest 1980 i Haag i Nederland med songen «Bitakat Hob», framført på arabisk av Samira Bensaïd. Landet har berre delteke ei gong. Bidraget vart valt av SNRT.

Kjappe fakta Uttakingar, Deltaking ...
Remove ads

Deltaking

Marokko er det fyrste, og førebels einaste, afrikanske og arabiske landet som har delteke i Eurovision Song Contest. Det var òg fyrste gongen eit av bidraga var sunge på arabisk.

Songen, «Bitakat Hob», fekk berre sju poeng i tevlinga, alle frå Italia, og enda på 18. plass.

På grunn av den dårlege plasseringa i 1980 trekte Marokko seg frå tevlinga og har aldri delteke sidan.

Framtidig deltaking

Den marokkanske kringkastaren 2M TV har uttrykkja sin intensjon om å verte medlem i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). 2M TV vil gje det marokkanske folk ein sjanse til å delta i Eurovision Song Contest. Kringkastaren har berre høve til å delta om dei vert medlem i EBU.[1][2][3]

Bidraga i Eurovision Song Contest

Meir informasjon År, Artist ...

Røystegjeving

Finale

Meir informasjon #, Land ...

Kjelder

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads