Tyrkia i Eurovision Song Contest

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tyrkia i Eurovision Song Contest
Remove ads

Tyrkia debuterte i Eurovision Song Contest i 1975 og deltok til saman 34 gongar inntil landet trekte seg frå tevlinga i 2012 på ubestemt tid. Tyrkia har vunne tevlinga éin gong, i 2003Sertab Erener deltok med songen «Everyway That I Can». Tyrkia har òg hamna på sisteplass tre gongar, to av dei utan poeng.[1]

Kjappe fakta Uttakingar, Deltaking ...
Remove ads

Historikk

Det var Tyrkia si statlege kringkastar, TRT, som deltok i Eurovision Song Contest på vegner av Tyrkia. Tyrkia debuterte i 1975 og kom då på ein sisteplass med «Seninle bir dakika», framført av Semiha Yankı. Tyrkia hadde liten suksess i tevlinga fram til 2000, og dei einaste topp ti-plasseringane Tyrkia hadde var ein niandeplass i 1986 og ein tredjeplass i 1997. Fyrst då landet gjekk over til å syngje på engelsk i 2003, fekk landet sin fyrste siger i Eurovision Song Contest då Sertab Erener og «Everyway That I Can» slo Belgia og Russland med høvesvis to og tre poeng.[2]

Sigeren var starten på ein lang periode med høge plasseringar for Tyrkia. På heimebane i 2004 kom gruppa Athena på ein fjerdeplass. To nye fjerdeplassar følgde i 2007 og 2009, og i Oslo i 2010 kom gruppa maNga på ein andreplass. I 2011 klarte ikke Tyrkia å kvalifisere seg til finalen; dette var fyrste og einaste gongen at Tyrkia ikkje kvalifiserte seg til finalen sidan semifinaleordninga vart innført i 2004.

Tyrkia trekkjer seg

Ved fleire anledningar har Tyrkia stått over tevlinga, fyrste gongen i 1976 og 1977. I 1979 hadde Tyrkia vald både song og artist, men landet trakk seg frå tevlinga kort tid før finalen. Årsaka var at finalen skulle haldast i Jerusalem, og dei arabiske nabolanda kravde at den tyrkiske regjeringa måtte trekkje landet frå tevlinga, på grunn av den arabiske konflikten med vertsnasjonen Israel.[3][4]

I 1994 var ikkje Tyrkia kvalifisert for finalen på grunn av den dårlege plasseringa året før, men frå 1995 deltok Tyrkia kvart einaste år fram til og med 2012.

I desember 2012 offentleggjorde TRT at dei ikkje ville deltake i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö. Den tyrkiske regjeringa grunngav avgjerda med at dei ikkje var fornøgde med dei nye røystereglane i tevlinga. Tyrkia har ikkje delteke sidan, og TRT har førebels ingen planar om å deltake i Eurovision Song Contest igjen.

Remove ads

Bidraga

Meir informasjon År, Artist ...
Remove ads

Røystehistorikk

Finalane

Meir informasjon Nr., Land ...

Semifinalane

Meir informasjon Nr., Land ...

Galleri

Eurovision Song Contest i Tyrkia

Meir informasjon År, Sted ...

Referansar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads