Namnet Jesus

mannsnamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Jesus er eit latinsk mannsnamn danna av gresk Iesoûs (Ιησους), som igjen kjem frå det arameiske namnet Jēšūaʿ (ישׁוע) eller hebraiske Jəhōšūa‘ (יְהוֹשֻׁעַ) eller Jōšūa‘ (יֹשׁוּעַ) ‘Gud bergar meg’.

Isho eller Eesho, den arameiske/gammalsyriske varianten av namnet Jesus

Namnet er særleg kjend gjennom Jesus frå Nasaret, men stammar frå eit vanleg jødisk namn. Etter utbreiinga av kristendommen er det blitt eit vanleg namn i nokre kristne kulturar, men omfatta av namnetabu i andre. I Noreg har det lenge vore ulovleg å gje Jesus som førenamn, medan det derimot har vore vanleg i mange katolske land. Derimot har det hebraiske namnet Jəhōšūa‘/Jōšūa‘ med same opphav vore ein del brukt i forma Joshua på engelsk og Josva på norsk. Tilnamnet «Kristus» kjem frå gresk Khristos og tyder 'den salva'.

Remove ads

Variantar på ulike språk

På fleire germanske og fleire andre språk skriv ein namnet «Jesus». På andre språk kan namnet vera:

Meir informasjon Språk, Namn/variant ...
Remove ads

Kjende namneberarar

  • Jesús Malverde (1870–1909), meksikansk forbrytar og folkehelt
  • Jesús Enrique Helguera (1910–1971), meksikansk kunstnar
  • Jesus Morente (f. 1971), spansk flamencogitarist
  • Jesús Navas (f. 1985), spansk fotballspelar
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads