Rattle That Lock
album av David Gilmour From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rattle That Lock er det fjerde soloalbumet til Pink Floyd-songaren og gitaristen David Gilmour. Det vart opphavleg gjeve ut i september 2015 på Columbia.[2][14][15] Gilmour fullførte ein kort turné i Europa i september og oktober 2015 og i Sør-Amerika i desember 2015. Ein liknande turné vart heldt i USA og Canada i mars og april 2016. Plateomslaget vart skapt av Dave Stansbie frå The Creative Corporation under rettleiing av Aubrey Powell, som hadde arbeidd med David Gilmour og Pink Floyd sidan seint 1960-åra.[2]
Remove ads
Innspeling
Albumet vart spelt inn i studioa til Gilmour. Phil Manzanera, som var medprodusent på albumet, estimerte at Gilmour hadde skrive songar for Rattle That Lock over dei siste fem åra, men peikte òg ut eit pianostykke som var spelt inn i stova til Gilmour 18 år tidlegare.[16] Det meste av albumet vart spelt inn i Medina Studio i Hove – og ekstra lydspor vart spelte inn i husbåtstudioet Astoria, begge i lag med lydteknikaren Andy Jackson. Det siste Pink Floyd-albumet The Endless River, vart på liknande vis spelte inn og produsert i desse to studioa.[2][17] Orkesterpartane vart spelte inn i AIR Studios i London[18] og Liberty Choir vart spelte inn i ei kyrkje i South London.[18] Albumet vart miksa i Astoria og masteringa for alle format vart utført av James Guthrie og Joel Plante i das boot recording i Lake Tahoe i California.[17]
Tittelsporet «Rattle That Lock» var inspirert av ein SNCF-jingel, komponert av Michaël Boumendil. Denne jingelen vert òg nytta på sporet. Gilmour hadde høyrd og spelt inn jingelen på iPhone-en sin i Aix-en-Provence medan han var på besøk hos nokre vener.[2][19] Då Boumendil fekk ei telefonmelding frå Gilmour trudde han førstdet var ein spøk, så han ringde ikkje attende.[20] Teksten på sporet vart skriven av kona til Gilmour, Polly Samson og er baserte på tema i John Milton-romanen Paradise Lost. Musikarane Mica Paris and Louise Marshall, i lag med Liberty Choir, speler på songen.[2]
Sonen til David, Gabriel, speler piano på songen «In Any Tongue», som var første gongen han var på ei plate.[21]
Remove ads
Marknadsføring
Radio
«Rattle That Lock» var den første singelen frå albumet og han vart først spelt på BBC Radio 2-programmet The Chris Evans Breakfast Show morgonen 17. juli 2015.[2] Singelen vart like etter gjort tilgjengeleg for digital nedlasting.[2][22] I veka som byrja 3. august 2015 gjorde BBC Radio 2 «Rattle That Lock» til vekas singel, og han vart derfor spelt minst ein gong til dagen den veka.
Musikkvideo
Den 31. juli 2015 vart det sleppt ein musikkvideo for «Rattle That Lock» på nettsida til Gilmour og marknadsført via sosiale media. Videoen vart laga av Trunk Animation og regissert av Alasdair Brotherston og Jock Mooney, produsert av Richard Barnett og involverte 12 animatørar, kunstnarar og typografar. Aubrey Powell frå Hipgnosis var kunstnarisk leiar for videoen. Videoen syner fallet til Lucifer frå Himmelriket og den påfølgjande reisa hans gjennom Pandæmonium, skjerselden og Kaos der han forderver jorda og vert Satan, slik det vert fortalt i det episke diktet Paradise Lost.[23]
Remove ads
Utgåver
Standardutgåva
Luksusutgåva Luksusutgåva er tilgjengeleg på CD/DVD og CD/Blu-ray og inneheld
|
Digitale utgåver Den digitale utgåva av albumet i mp3-format var tilgjengeleg frå iTunes og Amazon. Dei digitale utgåvene er:
|
Plateomslag
Biletet på omslaget består av eit landskap fotografert av Rupert Truman frå StormStudios[24] med målte kråker som rømmer får eit bur.[16] Fotografia inne i omslaget vart tekne av Kevin Westenberg[24] medan Polly Samson tok bilete frå innspelinga.[24] Aubrey Powell frå Hipgnosis var kunstnarisk leiar.[25]
Turné
Rattle That Lock-turneen byrja 12. september 2015 i Pula i Kroatia med ei spesialframsyning av albumet den 5. september 2015 i Brighton i England. Turneen enda 12. april 2016 i New York City, med ein tre månaders pause mellom den søramerikanske og nordamerikanske delen av turneen. Gilmour spelte òg ein enkel konsert i Wrocław i Polen den 25. juni 2016.
Dei fleste spelestadane under den europeiske delen av turneen var i romerske amfiteater, liknande det som finst i Pink Floyd: Live at Pompeii (1971). Gilmour spelte òg på historiske stader i London: Royal Albert Hall og KOKO (tidlegare Camden Palace-teateret). Han spelte òg på det historiske Auditorium Theatre i Chicago, der han siste gongen spelte med Pink Floyd i 1972. I juli 2016 spelte Gilmour og bandet hans to konsertar i Pompeii og i 2017 vart ein film av konserten vist på utvalde kinoar verda over.[26] Dette vart til slutt gjeve ut på forskjellige format.
Turnébandet var stort sett dei same musikarane som hadde spelt med Gilmour på On an Island-turneen i 2006. Desse var Phil Manzanera, Guy Pratt, Jon Carin og Steve DiStanislao.[27] Kevin McAlea, som spelte med Carin på Kate Bush-konsertane Before the Dawn i 2014, spelte òg klaverinstrument på denne turneen[27] i staden for Richard Wright.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
Henta frå plateomslaget.[21]
- David Gilmour – solovokal (all); gitar (all); klaverinstrument (alle utanom 8); piano (1, 3, 4, 5); SNCF-sample (2); Hammondorgel (2, 5, 9); bassgitar (5, 6, 7, 10); bassmunnspel (7); elektrisk piano (9, 10)
- Jon Carin – elektrisk piano (9)
- David Crosby – korvokal (4)
- Graham Nash – korvokal (4)
- Danny Cummings – perkusjon (3, 4, 5, 7, 10)
- Steve DiStanislao – trommer (2, 3, 5, 7, 9); perkusjon (2, 3, 7); korvokal (2)
- Roger Eno – piano (4, 7)
- Martin France – trommer (8)
- Gabriel Gilmour – piano (6)
- Jools Holland – piano (8)
- Damon Iddins – trekkspel (3); calliope (3)
- Rado Klose – gitar (8)
- Chris Laurence – kontrabass (8)
- The Liberty Choir – korvokal (2)
- Phil Manzanera – Hammondorgel (2, 3); klaverinstrumentelement (2, 3, 6); akustisk gitar (3, 9)
- Louise Marshall – korvokal (2, 9)
- Andy Newmark – trommer (5, 6, 10)
- Eira Owen – valthorn (3)
- John Parricelli – gitar (8)
- Mica Paris – korvokal (2, 9)
- Guy Pratt – bassgitar (2, 9)
- Mike Rowe – elektrisk piano (9)
- Polly Samson – korvokal (9)
- Yaron Stavi – bassgitar (2); kontrabass (2, 4, 5); korvokal (2)
- Colin Stetson – saksofon (8)
- Richard Wright – sample av stemma hans (4)
- Robert Wyatt – kornett (8)
- Zbigniew Preisner – orkestrering (1, 3, 5, 6, 9, 10)
- Michaël Boumendil – original SNCF-jingle (2)
Barn Jam-personell
- David Gilmour – gitar
- Richard Wright – klaverinstrument
- Guy Pratt – bassgitar
- Steve DiStanislao – trommer
Remove ads
Salslister
Remove ads
Salstrofé
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads