Rock and Roll Music

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Rock and Roll Music» er ein song skriven og opphavleg spelt inn av Chuck Berry. Songen vart ein hit i 1957 og seinare spelt av mange artistar, mellom anna The Beatles og The Beach Boys.[3] Hausten 1957 nådde innspelinga hans sjetteplassen på Billboard si R&B Singles-liste og åttandeplassen på Hot 100-lista.[4]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Teksten omhandlar gledene med rock and roll samanlikna med andre musikkstilar og uttrykker at songaren berre vil danse til denne musikkstilen og ingen annan.

I 2004 rangerte Rolling Stone Berry sin versjon på 128. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[5] Songen er òg med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.[6]

Just let me hear some of that rock and roll music
Any old way you choose it
It's got a back beat, you can't lost it,
Any old time you use it
It's gotta be rock roll music
If you wanna dance with me

Chuck Berry
Remove ads

Chuck Berry-versjonen

Innspelinga til «Rock and Roll Music» fann stad 6. eller 21. mai 1957 i Chicago i Illinois. Innspelinga vart produsert av Leonard Chess og Phil Chess. Berry vart akkompagnert av Lafayette Leake (piano), Willie Dixon (bass) og Fred Below (trommer).[2]

Ei stund etter singelen kom ut i september 1957,[1] nådde «Rock and Roll Music» sjetteplassen på Billboard si R&B Singles-liste og åttandeplassen på Billboard Top 100-lista før året var omme.[4]

Remove ads

The Beatles version

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

The Beatles framførte songen på mange av dei tidlege konsertane sine i Hamburg, og på BBC-showet Pop Go The Beatles. Seint i 1964, då bandet var slitne etter lange turnear og innspelingar, mangla dei nye songar og valde å spele inn somme av dei gamle rock and roll- og rhythm and blues-favorittane sine for å få nok songar til albumet Beatles for Sale. Blant desse var Berry-songen som vart nesten like kjend i deira versjon som originalen. John Lennon song vokal på Beatles-versjonen. I motsetnad til den jamne vokalen til Berry, song Lennon songen så høgt og dynamisk som røysta hans kunne tole. I USA vart songen gjeven ut på albumet Beatles '65. Songen var ein del av konsertsongane deira fram til den siste turneen deira i 1966.

Songen var òg tittelspor på samlealbumet Rock 'n' Roll Music.

The Beatles sin versjon av «Rock and Roll Music» vart gjeven ut på singel i somme land, og toppa salslistene i Finland, Noreg (tre veker[8]), Nederland (dobbel a-side med «No Reply») og Australia.

Medverkande

Medverkande i følgje The Beatles Bible[9]
Remove ads

The Beach Boys-versjonen

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

The Beach Boys-versjonen vart det brukt korvokal som repeterte linja «Rock, roll, rockin' and roll.» Det er ein skilnad mellom versjonen dei gav ut på singel og versjonen dei gav ut på album. På albumversjonen var det meir synthesizer. Versjonen deira nådde femteplassen på den amerikanske singellista og 11. plassen i Canada sommaren 1976.[10]

Medverkande

Lister

Meir informasjon Liste (1976), Plassering ...

Andre versjonar

Songen er blitt spelt inn av mange kjende artistar, som Bill Haley & His Comets, Dickie Rock and the Miami Showband, REO Speedwagon, Mental As Anything, Humble Pie, Manic Street Preachers og Bryan Adams. Berry spelte songen 16. desember 1957 på det kortvarige varietéshowet The Guy Mitchell Show.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads