Regjeringa Solberg

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Regjeringa Solberg var Noregs regjering frå 16. oktober 2013 til 14. oktober 2021 med statsminister Erna Solberg som regjeringssjef. Regjeringa tiltredde etter den borgarlege valsigeren ved stortingsvalet i 2013, og fekk eit fornya parlamentarisk fleirtal bak seg etter stortingsvalet 2017.

I byrjinga gjekk regjeringa ut frå Høgre (H) og Framstegspartiet (Frp). Ho vart også kalla Høgre–Frp–regjeringa og den «blåblå» regjeringa,[1] og baserte seg på ein samarbeidsavtale med Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF).[2] Den 17. januar 2018 vart regjeringa utvida med Venstre og vart då kalla den «blågrøne» regjeringa.[3] Den 22. januar 2019 vart regjeringa utvida med Kristeleg Folkeparti.[4] Dimed vart Solberg-regjeringa den første borgarlege fleirtalsregjeringa sidan 1985.

24. januar 2020 gjekk Frp ut av regjeringa, og vart det første partiet i Noregs historie som har forlate ei sitjande regjering. Regjeringa heldt fram som mindretalsregjering og styrte på grunnlag av Granavolden-erklæringa, som var utarbeidd i 2019 av dei fire borgarlege partia.

Remove ads

Samansetnad

I statsråd 16. oktober klokka 10 vart statsrådane i regjeringa Solberg utnemnde.[5] Fordeling av ansvarsområde vart gjort i statsråd 16. oktober klokka 12.[6] I tabellen er statsrådane ført opp med departementsnamn slik desse er etter endringane 24. januar 2020.

Meir informasjon Namn, Parti ...
Remove ads

Merknader

  1. Etter at Sylvi Listhaug gjekk av som som Justis- og beredskapsminister den 20. mars 2018, vart Per Sandberg utnemnd til fungerande Justis- og beredskapsminister fram til 4. april 2018.
  2. Tor Mikkel Wara hadde permisjon som Justis- og beredskapsminister frå 15. mars 2019 fram til han gjekk av den 29. mars 2019. Jon Georg Dale var utnemnd til fungerande Justis- og beredskapsminister frå 15. mars til 29. mars 2019.[13]
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads