Summer Days (And Summer Nights!!)

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Summer Days (And Summer Nights!!) er det niande studioalbumet til The Beach Boys og det andre albumet deira i 1965. Det var ein oppfølgjar til The Beach Boys Today! og hadde sine progressive augneblikk , men vart òg trekt ned av at dei framleis prøvde å halde seg til den kjende «formelen» med sol, sommar og moro.

Meir informasjon The Beach Boys-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Summer Days (And Summer Nights!!) nådde andreplassen i USA og låg på lista i 33 veker. Han nådde fjerdeplassen i Storbritannia sommaren 1966. Albumet vart gjeven ut på CD i lag med The Beach Boys Today!, samt bonusspor frå perioden.

Remove ads

Historie

Etter den dramatiske og sofistikerte stilendringa på side to av The Beach Boys Today!, vart Brian Wilson visstnok møtt av Mike Love og Capitol Records som lurte på kva musikalske mål Wilson hadde og oppfordra han til å lage meir «Beach Boys»-liknande musikk for det neste albumet. Det var klart at bandet no hadde vorte sett i bås som eit glad «moro i sola»-band som song om strender, jenter og moro.

På overflata virka Summer Days (And Summer Nights!!) som eit steg tilbake til den sorglause stilen på All Summer Long, men Brian Wilson hadde forsiktig vove inn intrikate musikkspor under muntre tekstar i songar som «Amusement Parks U.S.A.» og «Salt Lake City». Han skapte òg fleire instrumentalar med strykarar («Summer Means New Love») og lagde til og med ein symfonisk introduksjon til den nye hitsingelen deira «California Girls». I ettertid er det tydeleg at Wilson la grunnsteinane til det som skulle verte Pet Sounds året etter.

«The Girl From New York City» var eit svar til «The Boy From New York City», ein hit av The Ad-Libs tidlegare same året, og «Then I Kissed Her» var eit forsøk på å slå helten til Brian Wilson, Phil Spector, i hans eige spel. Utanom «California Girls» fann ein stor framgang på Summer Days (And Summer Nights!!) med «Let Him Run Wild».

Summer Days (And Summer Nights!!) var første albumet med Bruce Johnston som medlem i bandet. Han hadde erstatta Brian Wilson på scenen og var ikkje eit «offisielt» medlem enno, men Brian Wilson likte vokalen til Johnston nok til at han fekk medverke på plata. På grunn av ein tidlegare kontrakt med Columbia Records fekk han ikkje medverke på nokre av plateomslaga til bandet før Friends i 1968.

Albumet selde til gullplate i USA og nådde andreplassen på albumlista her, bak The Rolling Stones sitt Out of Our Heads. Året etter nådde albumet fjerdeplassen i Storbritannia.

Tidleg i 1980-åra gav Capitol Records ut fleire Beach Boys-album på ny og Summer Days (And Summer Nights!!) fekk då namnet California Girls og to spor vart fjerna, «Amusement Parks, USA» og «I'm Bugged At My Ol' Man».

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Brian Wilson og Mike Love, bortsett frå der andre er nemnde.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Info frå kontrakten til Musician's Union AFM og lydklipp frå studioinnspelingane, dokumentert av Craig Slowinski.[6][7]

The Beach Boys
Andree musikarar og teknisk personell

Salslister

Album
Meir informasjon År, Liste ...
Singlar
Meir informasjon År, Singel ...

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads