Why Me?

From Wikipedia, the free encyclopedia

Why Me?
Remove ads

«Why Me?» (norsk 'kvifor meg?') er ein engelskspråkleg popballade som vann Eurovision Song Contest 1992 for Irland. Songen vart framført av Linda Martin og var skriven av Johnny Logan, som også vann Eurovision Song Contest i 1980 og 1987. Logan skreiv også det irske bidraget i 1984, «Terminal 3», som Linda Martin song til ein andreplass. «Why Me?» kom ikkje på VG-lista i Noreg, men toppa den irske singellista og kom inn på listene i eit par europeiske land. Dette var den fjerde sigeren til Irland i Eurovision Song Contest og innleia landet sitt hat trick i Eurovision; Irland vann også tevlinga i 1993 og 1994.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Eurovision Song Contest

«Why Me?» var eit av åtte bidrag som deltok i den irske finalen i Cork 29. mars 1992. Der vann songen ein klar siger med 105 poeng og vart det irske bidraget til Eurovision Song Contest i Malmö laurdag 9. mai 1992. «Why Me?» var komponert av Johnny Logan, og dette var fjerde gongen han vann den irske finalen. I 1980 vann Logan som artist, i 1984 som komponist og i 1987 som komponist og artist.

I den internasjonale finalen var «Why Me?» det 17. bidraget ut på scena av 23 bidrag. På førehand var Storbritannia den store favoritten, men utover i avrøystinga tok Irland leiinga og vann til slutt med 155 poeng16 poeng framfor Storbritannia. Den norske juryen gav 7 poeng til det irske vinnarbidraget.[2][3] Dette var den tredje Eurovision-sigeren til Johnny Logan og den fjerde sigeren til Irland i tevlinga. Sigeren innleia ein gullalder i Eurovision Song Contest for Irland, og landet vann også i 1993, 1994 og i Oslo i 1996.

Remove ads

Utgjevingar og sal

Til liks med dei fleste andre Eurovision-vinnarane i 1990-åra fekk «Why Me?» avgrensa kommersiell suksess etter sigeren. Songen toppa singellisten heime i Irland og kom inn på singellistene i Storbritannia, Nederland og Belgia. «Why Me?» kom ikkje inn på singellistene i Noreg eller Sverige, som arrangerte tevlinga dette året.

Johnny Logan si sigersrekkje gjorde han derimot for alvor til ei stjerne innan Eurovision Song Contest, og han fekk blant anna tilnamnet Mr. Eurovision. Logan er per 2022 den einaste som har vunne Eurovision Song Contest tre gongar.[4]

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (1992), Høgaste plassering ...

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads