Eurovision Song Contest 1996

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eurovision Song Contest 1996
Remove ads

Eurovision Song Contest 1996, også kalla Eurosong '96, var den 41. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songkonkurransen for medlemmane av organisasjonen EBU. Konkurransen blei arrangert av NRK laurdag 18. mai 1996 i Oslo Spektrum, etter at Secret Garden vann med songen «Nocturne» året før. Dette var andre gongen Eurovision Song Contest blei arrangert i Noreg, og den fyrste som blei halden i Oslo. Programleiarane var nyheitsankeret Ingvild Bryn og a-ha-vokalisten Morten Harket.

Kjappe fakta Dato, Vertskap ...
Remove ads
Thumb
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen ██ Land som ikkje deltok i konkurransen fordi dei ikkje klarte å kvalifisere seg

EBU heldt talet på deltakarland på 23 land og arrangerte ei førehandskvalifisering der 29 land skulle bli redusert til 22. Førehandskvalifiseringa blei ikkje filma eller vist på fjernsyn, og juryane bedømde bidraga frå dei andre landa berre ut frå lydopptak. Landa som ikkje kvalifiserte seg var Danmark, Israel, Makedonia, Romania, Russland, Ungarn, og ikkje minst Tyskland som mista sin fyrste og hittil einaste finale i historia til Eurovision Song Contest. Noreg var direktekvalifisert som vertsnasjon og deltok difor ikkje i kvalifiseringa.

Irland tok sin sjuande siger med «The Voice», framført av Eimear Quinn og komponert av Brendan Graham. Dette var den fjerde sigeren til Irland på fem år. Noreg og Elisabeth Andreassen kom på andreplass med «I evighet». Sverige blei nummer tre med «Den vilda», mens Kroatia og Estland utgjorde resten av topp fem. Dette var Kroatia og Estland sine beste plasseringar til då. Dette same gjaldt for sjetteplassen Portugal, som var den beste plasseringa til Portugal siden debuten i 1964. Den portugisiske rekorden blei ikkje slått før Salvador Sobral[1] vann med «Amar pelos dois» 21 år seinare. Ein av dei store førehandsfavorittane, Gina G og «Ooh Aah... Just a Little Bit» frå Storbritannia, innfridde ikkje og enda på åttandeplass.

Remove ads

Bakgrunn

Thumb
Eurovision Song Contest 1996 blei arrangert i Oslo Spektrum.

Som vinnar av Eurovision Song Contest 1995 var Noreg og NRK vert for konkurransen dette året. Like etter sigeren til Secret Garden med «Nocturne» begynte spekulasjonane om kor i Noreg finalen skulle bli arrangert. To veker etter den norske sigeren vurderte NRK fire forskjellige arenaar: Gjøvik Olympiske Fjellhall, VikingskipetHamar, Oslo Spektrum og Håkons Hall i Lillehammer.[2] 31. mai 1995 kunngjorde NRK at konkurransen skulle bli arrangert i Oslo Spektrum laurdag 18. mai 1996. Eit av krava var at Oslo kommune skulle stille Oslo Spektrum til disposisjon gratis.[3]

NRK marknadsførte arrangementet under namnet Eurosong '96. Namnet blei droppa året etter, og siden har konkurransen gått under sitt fulle namn, Eurovision Song Contest.[4] Odd Arvid Strømstad var hovudprodusent, mens Pål Veiglum var regissør.

Førehandskvalifisering

For å redusere talet på deltakarland, innførte Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) dette året for fyrste gang ein førehandskvalifisering. Eit liknande konsept hadde blitt prøvd ut i 1993, men nå måtte samtlige 29 land gjennom kvalifiseringa. Berre vertslandet Noreg var direktekvalifisert til finalen i Oslo.

Sjølve kvalifiseringa blei gjennomført på ein enkel måte, og kvalifiseringa blei korkje sendt på tv eller radio. Kvart land hadde en nasjonal jury som høyrde gjennom dei andre songane på band og røysta i same stil som i Eurovision Song Contest: 1–8, 10 og 12 poeng. Dei 22 beste landa kvalifiserte seg til finalen i Oslo 18. mai.[4] Blant landa som ikkje kvalifiserte seg var Danmark, Israel og Tyskland. Ved at Tyskland ikkje kvalifiserte seg, har ingen land deltatt kvar gong sidan 1956.

I ettertid kom det kritikk mot kvalifiseringsmetoden, ikkje minst frå Tyskland, som er ein av dei største økonomiske bidragsytarane til konkurransen. Konkurransen i 1996 er framleis den einaste gongen at Tyskland ikkje har deltatt i Eurovision Song Contest.[5] Kvalifiseringsordninga blei difor endra året etter, då skulle i staden gjennomsnittspoengsummen til landa frå åra 1993–1996 avgjere om landet kvalifiserte seg eller ikkje.[4]

Remove ads

Sendinga

Finalen blei arrangert i Oslo Spektrum laurdag 18. mai frå klokken 21.00 til 00.10 sentraleuropeisk tid. Programleiar Mortenen Harket opna sendinga med å syngje sin nyaste låt, «Heaven's Not for Saints», før medprogramleiaren Ingvild Bryn dukka opp på scena. Til saman deltok 23 land, og dei fleste songane blei akkompagnert av Kringkastingsorkestret. Frode Thingnæs var sjefdirigent for orkestret.[6]

Thumb
Morten Harket leia sendinga saman med Ingvild Bryn.

I finaleveka truga dirigentane frå dei ulike deltakarlanda med å gå til streik. Årsaka var at NRK ønskte å spare tid ved ikkje å vise dirigentane før kvar enkelt song. Konflikten blei løyst nokre dagar før finalen, og dirigentane dukka tradisjonen tru opp på tv-skjermen før kvart bidrag.[4]

Scena var bygd i ulike metallkonstruksjonar og hadde eit vassbasseng som skjørtekant. Scena skulle illustrere ei oljeplattform og var eigentleg tre scener i eitt. Det gjorde at kvar song blei framført på ulike delar av scena for å spare tid med å rigge til kvart enkelt nummer.

1996-konkurransen førte også med seg fleire nye innslag. Blant anna blei kvart land presenterte med eit postkort med ei lykkeønsking frå ein politisk leiar eller utsending frå det aktuelle landet. I Noreg sitt tilfelle var det statsminister Gro Harlem Brundtland som ønskte lykke til.

Den andre nyvinninga var at avrøystinga blei gjennomført med bluescreen-teknologi. Dei einaste fysiske gjenstandane i «det blå rommet» var programleiar Ingvild Bryn, to bord og scenegolvet ho stod på. På den blå skjermen la produsentane inn den elektroniske poengtavla og skjermar der poengopplesarane dukka opp.

Pausenummeret før avrøystinga var eit song- og dansenummer kalla «Vardebrenning», laga av Petter Skavlan. Nummeret var todelt og starta med ein film laga av Nils Gaup, der sjåarane fekk ei musikalsk rundreise i Noreg med stev, jazz og norsk folkemusikk. I filmen deltok musikarar som Torbjørg Aamlid Paus, Bukkene Bruse, Bendik Hofseth, Håvard Gimse, Helge Kjekshus, The Brazz Brothers, Mari Boine og Terje Rypdal.

Nummeret blei avslutta med eit dansenummer i Oslo Spektrum, utført av dansarane frå Oslo Danse Ensemble. Egil Monn-Iversen hadde komponert og arrangert musikken, mens Runar Borge stod for koreografien.[6]

Det norske bidraget

Thumb
Ragnhild Sælthun Fjørtoft las poenga frå den norske jurygruppa direkte frå scena.

Elisabeth Andreassen representerte Noreg for tredje gong, og deltok for fjerde gong, etter å ha vunne ein overlegen siger i den norske finalen i slutten av mars. Vinnarbidraget «I evighet» var skrive av Torhild Nigar som også hadde sendt songen inn i 1991, året då NRK avlyste den norske finalen.

I forkant av den internasjonale finalen var låten rekna som ein mogleg vinnar, og «I evighet» var det tolvte bidraget ut på scena i Oslo Spektrum. I avrøystinga fekk «I evighet» 114 poeng og enda på ein andreplass. Dette er den fjerde beste plasseringa til Noreg i Eurovision Song Contest, og framleis den einaste andreplassen til Noreg i konkurransen. Han er også den einaste sølvvinnaren i Eurovision Song Contest som ikkje har fått 12 poeng, men songen fekk 10 poeng frå Sverige, Nederland og Slovenia.[7][8]

Frode Thingnæs dirigerte det norske bidraget, mens Roar Engelberg spelte panfløyte og Rolf Graf keyboard. Jean-Paul Gaultier hadde designa kjolen til Elisabeth Andreassen.[9]

Jostein Pedersen kommenterte sendinga på NRK1, mens Stein Dag Jensen og Anita Skorgan kommenterte for NRK P1.[10] Ragnhild Sælthun Fjørtoft las dei norske jurypoenga, men ikkje via satellitt. I staden dukka ho overraskande opp på scena i Oslo Spektrum og las opp poenga derfrå.[6]

Avrøystinga

Kvart land hadde ei jurygruppe med 16 medlemmar mellom 16 og 60 år som bedømde songane frå dei andre landa med poeng frå 1 til 10. Deretter summerte jurysekretæren saman røystene. Songen som fekk flest jurypoeng, blei tildelt 12 poeng frå den nasjonale jurygruppa. Andreplassen fekk 10, tredjeplassen 8, fjerdeplassen 7 og så vidare ned til tiandeplassen som fekk 1 poeng. Altså gav kvar jurygruppe 12, 10 og 8–1 poeng til sine ti favorittsongar. Det var ikkje lov å røyste på bidraget frå sitt eige land. Kvart land hadde ein talsperson som las opp poenga frå si nasjonale jurygruppe via telefon på direkten under avrøystinga. Unntaket var norske Ragnhild Sælthun Fjørtoft som las dei norske poenga frå Oslo Spektrum. Konkurransesjef og overdommar for avrøystinga var Christine Marchal-Ortiz fra EBU.

Thumb
Eimear Quinn vann den fjerde sigeren til Irland på fem år.

Dette var siste året at resultatet eine og åleine blei avgjort av nasjonale jurygrupper. Året etter innførte EBU ei prøveordning der sjåarane i fem land (Austerrike, Storbritannia, Sveits, Sverige og Tyskland) kunne røyste via telefon. I 1998 blei telefonavrøysting obligatorisk for alle deltakarland med adekvat teknisk infrastruktur.

I byrjinga av avrøystinga var det ingen songar som stakk seg ut, og fleire land veksla på å leie. Poenga frå de ulike nasjonale jurygruppene fortsette å sprike, men etter kvart stakk Irland frå og vann til slutt klårt med 162 poeng – 48 poeng føre Noreg på andreplass.

Noreg låg lenge langt nede på resultatlista, men etter fleire høge poengsummar midtvegs i avrøystinga, gjekk Noreg opp på ein andreplass. Til slutt fekk Norge 114 poeng og kom på andreplass. Sverige blei nummer tre, Kroatia nummer fire og Estland nummer fem. Portugal fekk sin beste plassering til då, ein sjetteplass, med «O meu coração não tem cor» sungen av Lúcia Moniz. Ho skulle seinare spele rolla som hushjelpa Aurélia i filmen Love Actually.

Finland kom på sisteplass med berre 9 poeng – to poeng frå Noreg og sju poeng frå Island.

Remove ads

Deltakarar

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[11] Tabellen er rangert etter startrekkefølgje, plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Artist Sang Språk Plass Poeng
01 Tyrkia Şebnem Paker «Beşinci Mevsim» Tyrkisk 12 57
02 Storbritannia Gina G «Ooh Aah... Just a Little Bit» Engelsk 8 77
03 Spania Antonio Carbonell «¡Ay, qué deseo!» Spansk 20 17
04 Portugal Lúcia Moniz «O meu coração não tem cor» Portugisisk 6 92
05 Kypros Konstantínos «Móno ja mas» (Μόνο για μας) Gresk 9 72
06 Malta Miriam Christine «In a Woman's Heart» Engelsk 10 68
07 Kroatia Maja Blagdan «Sveta ljubav» Kroatisk 4 98
08 Austerrike George Nussbaumer «Weil's dr guat got» Vorarlbergisk 10 68
09 Sveits Kathy Leander «Mon cœur l'aime» Fransk 16 22
10 Hellas Mariánna Evstratíou «Emís foráme to khimóna anixiátika»
(Εμείς φοράμε το χειμώνα ανοιξιάτικα)
Gresk 14 36
11 Estland Maarja-Liis Ilus og Ivo Linna «Kaelakee hääl» Estisk 5 94
12 Noreg Elisabeth Andreassen «I evighet» Norsk 2 114
13 Frankrike Dan Ar Braz og L'héritage des Celtes «Diwanit bugale» Bretonsk 19 18
14 Slovenia Regina «Dan najlepših sanj» Slovensk 21 16
15 Nederland Maxine og Franklin Brown «De eerste keer» Nederlandsk 7 78
16 Belgia Lisa del Bo «Liefde is een kaartspel» Nederlandsk 16 22
17 Irland Eimear Quinn «The Voice» Engelsk 1 162
18 Finland Jasmine «Niin kaunis on taivas» Finsk 23 9
19 Island Anna Mjöll «Sjúbídú» Islandsk 13 51
20 Polen Kasia Kowalska «Chcę znać swój grzech …» Polsk 15 31
21 Bosnia-Hercegovina Amila Glamočak «Za našu ljubav» Bosnisk 22 13
22 Slovakia Marcel Palonder «Kým nás máš» Slovakisk 18 19
23 Sverige One More Time «Den vilda» Svensk 3 100

Kvalifiseringsrunde

Landa under hadde sendt inn bidrag til kvalifiseringsrunden. 29 land skulle bli redusert til 22, og kvart land hadde ei jurygruppe som bedømde bidraga frå dei landa. Kvar jurygruppe gav 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittsongar. Songane blei bedømde etter lydopptak, og kvalifiseringsrunden blei aldri kringkasta eller tatt opp. Sjølv om Makedonia deltok i kvalfiseringsrunden, blei denne songen aldri klassifisert som eit offisielt bidrag. Difor debuterte Makedonia offisielt først i 1998. Landa i rosa kvalifiserte seg til finalen i Oslo. Sidan Noreg var vertsnasjon, deltok ikkje «I evighet» i kvalifiseringsrunden.[12][13]

Land Artist Sang Språk Plass[13] Poeng
Austerrike George Nussbaumer «Weil's dr guat got» Vorarlbergisk 6 80
Belgia Lisa del Bo «Liefde is een kaartspel» Nederlandsk 12 45
Bosnia-Hercegovina Amila Glamočak «Za našu ljubav» Bosnisk 21 29
Danmark Martin Loft og Dorte Andersen «Kun med dig» Dansk 25 22
Estland Maarja-Liis Ilus og Ivo Linna «Kaelakee hääl» Estisk 5 106
Finland Jasmine «Niin kaunis on taivas» Finsk 22 26
Frankrike Dan Ar Braz og L'héritage des Celtes «Diwanit Bugale» Bretonsk 11 55
Hellas Mariánna Evstratíou «Emís foráme to khimóna anixiátika»
(Εμείς φοράμε το χειμώνα ανοιξιάτικα)
Gresk 12 45
Irland Eimear Quinn «The Voice» Engelsk 2 198
Island Anna Mjöll «Sjúbídú» Islandsk 10 59
Israel Galit Bell «Shalom olam» (שלום עולם) Hebraisk 28 12
Kroatia Maja Blagdan «Sveta ljubav» Kroatisk 19 30
Kypros Konstantínos «Móno ja mas» (Μόνο για μας) Gresk 15 42
Makedonia Kaliopi «Samo ti» (Само ти) Makedonsk 26 14
Malta Miriam Christine «In a Woman's Heart» Engelsk 4 138
Nederland Maxine og Franklin Brown «De eerste keer» Nederlandsk 9 63
Polen Kasia Kowalska «Chcę znać swój grzech …» Polsk 15 42
Portugal Lúcia Moniz «O meu coração não tem cor» Portugisisk 18 32
Romania Monica Anghel og Sincron «Rugă pentru pacea lumii» Rumensk 29 11
Russland Andrej Kosinskij «Ja eto ja» (Я это я) Russisk 26 14
Slovakia Marcel Palonder «Kým nás máš» Slovakisk 17 36
Slovenia Regina «Dan najlepših sanj» Slovensk 19 30
Spania Antonio Carbonell «¡Ay, qué deseo!» Spansk 14 43
Sveits Kathy Leander «Mon cœur l'aime» Fransk 8 67
Sverige One More Time «Den vilda» Svensk 1 227
Storbritannia Gina G «Ooh Aah... Just a Little Bit» Engelsk 3 153
Tyrkia Şebnem Paker «Beşinci Mevsim» Tyrkisk 7 69
Tyskland Leon «Planet of Blue» Tysk 24 24
Ungarn Gjon Delhusa «Fortuna» Ungarsk 23 26
Remove ads

Artistar som har delteke tidlegare

Meir informasjon Artist, Land ...

Poengtavle

Tavla er ordna etter røysterekkefølgja i finalen. På direkten skjedde det ein feil under røystegjevinga til Spania, då den spanske poemgopplesaren sa «Holland» i staden for «Netherlands». Ingvild Bryn trudde poengopplesaren sa «Poland» (Polen), og Polen fekk difor seks poeng som eigentleg skulle gått til Nederland. Feilen blei retta etter finalen og gjorde at Nederland og Storbritannia bytta plass.[14]

Meir informasjon Deltakarland, Poenggjevande land ...

12 poeng

Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversikt over alle 12-poengarane som blei gjevne under avrøystinga.

Meir informasjon Tal, Mottakarland ...
Remove ads

Dirigentar

Mens Frode Thingnæs var sjefdirigent, hadde dei fleste landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkefølgja.[15]

  1. Tyrkia  Levent Çoker
  2. Storbritannia  Ernie Dunstall
  3. Spania  Eduardo Leyva
  4. Portugal  Pedro Osório
  5. Kypros  Stavros Lantsias
  6. Malta  Paul Abela
  7. Kroatia  Alan Bjelinski
  8. Austerrike  Mischa W. Krausz
  9. Sveits  Rui dos Reis
  10. Hellas  Mikhalis Rozakis
  11. Estland  Tarmo Leinatamm
  12. Noreg  Frode Thingnæs
  13. Frankrike  Fiachra Trench
  14. Slovenia  Jože Privšek
  15. Nederland  Dick Bakker
  16. Belgia  Bob Porter
  17. Irland  Noel Kelehan
  18. Finland  Olli Ahvenlahti
  19. Island  Ólafur Gaukur
  20. Polen  Wiesław Pieregorólka
  21. Bosnia-Hercegovina  Sinan Alimanović
  22. Slovakia  Juraj Burian
  23. Sverige  Anders Berglund
Remove ads

Kommentatorar og poengopplesarar

Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå sitt land på engelsk eller fransk over telefon.[16] Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga.

  1. Tyrkia  Ömer Önder
  2. Storbritannia  Colin Berry[17]
  3. Spania  Belén Fernández de Henestrosa[17]
  4. Portugal  Cristina Rocha
  5. Kypros  Marios Skordis[18]
  6. Malta  Ruth Amaira
  7. Kroatia  Daniela Trbović[19]
  8. Austerrike  Martina Rupp
  9. Sveits  Yves Ménestrier[20]
  10. Hellas  Niki Venega[21]
  11. Estland  Annika Talvik[22]
  12. Noreg  Ragnhild Sælthun Fjørtoft
  13. Frankrike  Laurent Broomhead
  14. Slovenia  Mario Galunič
  15. Nederland  Marcha[23]
  16. Belgia  An Ploegaerts[20][24]
  17. Irland  Eileen Dunne[25]
  18. Finland  Solveig Herlin
  19. Island  Svanhildur Konráðsdóttir
  20. Polen  Jan Chojnacki
  21. Bosnia-Hercegovina  Segmedina Srna
  22. Slovakia  Alena Heribanová
  23. Sverige  Ulla Rundqvist[26]

Kommentatorar og sendingar

Dei fleste landa som overførte finalen, hadde kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Oversikt over kommentatorar under Eurovision Song Contest 1996:[27]

Meir informasjon Land, Kringkastar ...
Meir informasjon Land, Kringkastar ...
Remove ads

Lykkeønskingar

For fyrste og einaste gong blei deltakarane frå kvart land ønskte lykke til av ein politikar frå sitt heimland, og på sitt eige språk. Lykkeønskingane blei vist i slutten av kvar postkort-film mellom songane. Følgjande personar ønskte deltakaren frå sitt land lykke til:[9]

Meir informasjon Land, Person ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads