Workingman's Dead

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Workingman's Dead er det fjerde studioalbumet til Grateful Dead. Det vart spelt inn i februar 1970 og først gjeve ut 14. juni 1970. Albumet og oppfølgjaren, American Beauty, vart spelte inn etter kvarandre med liknande stil, der dei gjekk bort frå dei psykedeliske eksperimenta frå dei førre albuma til fordel for Jerry Garcia og Robert Hunter sine americana-prega songar.

Meir informasjon Grateful Dead-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I 2012 vart albumet rangert på 264. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Remove ads

Innspeling

Bandet spelte inn albumet i Pacific High Recording Studio i San Francisco i løpet av berre ni dagar. Etter at dei to førre studioalbuma hadde vore lange og omstendelege prosessar, føreslo Garcia at «la oss berre gjere det på tre veker og kome oss til helvete ut der frå».[5] I tillegg til å prøve å unngå å opparbeide seg meir gjeld, slik dei hadde gjort under innspelinga av Aoxomoxoa, sleit bandet med stress etter nyleg å ha blitt teken med dop i New Orleans  noko som kunne føre til at dei hamna i fengsel. I tillegg kom dei attende frå ein turné og oppdaga at den snart sparka manageren deira Lenny Hart (far til trommeslagaren Mickey Hart), nekta å vise rekneskapen til nokon andre i organisasjonen.

Tekstforfattaren Robert Hunter hadde blitt med bandet på turné for første gongen, og dei kunne derfor skrive songane kjappare. I motsetnad til den psykedeliske, elektrifiserte musikken som bandet hadde blitt kjend for, tok dei no songane i ei ny retning, og tok opp att folkrockrøtene sine.

Workingman's Dead og American Beauty, som følgde nokre månader seinare, var i følgje trommeslagaren Bill Kreutzmann, begge inspirerte av Bakersfield sound. Han forklarte «Me prøvde å vere som eit Bakersfield-band  men eitt som høyrdest ut som om me var 300 miles nord for byen ... me heldt fast ved dei psykedeliske røtene våre. Workingman's Dead handla berre om å oppdage songen ... American Beauty handla berre om å få harmoniane til å gjere dette».[6]

På turné i Boulder i Colorado året før, hadde Garcia kjøpt ein steelgitar og ønskte no å bruke denne på dei nye songane. Lesh sa: «Som alle andre instrument han plukka opp, så fekk han det til å syngje. Den fremste drivkrafta for denne utviklinga var karakteren til songane Hunter og Jerry hadde skrive. Fleire av dei hadde definitivt ein smak av country ('Dire Wolf,' 'Friend of the Devil,' 'High Time,' 'Casey Jones,' 'Ripple') og Jerry byrja å bruke den nye øksa på desse etter kvart som dei kom inn på setlista. Bobby [Weir] henta òg inn coverversjonar av countryfavorittane hans og somme originale songar i liknande stil, så me byrja å sjå starten på ein trend.»[7]

Songar som «Uncle John's Band», «High Time» og «Cumberland Blues» vart brakt til liv med harmonisong og fleire lag med vokal som ikkje tidlegare hadde vore ein del av stilen til bandet. Sommaren 1968 vitja Stephen Stills ranchen til Mickey Hart i Novato. «Stills budde hos meg i tre månader kring tida då han spelte inn det første albumet med Crosby, Stills & Nash», sa Hart, «og han og David Crosby fekk verkeleg Jerry og Bobby til å sjå på røysta som eit heilag instrument. Det vende oss bort frå rein improvisasjon og meir mot songar.»[8]

Garcia sa at mykje av lyden på albumet kom frå både låtane han skreiv med Hunter, og venskapen bandet hadde med Crosby, Stills and Nash: «Då me høyrde dei karane syngje og kor fint det høyrdest ut, tenkte me 'Me kan prøve det. La oss arbeide litt med det'.»[9]

Remove ads

Utgjeving

Albumtittelen kom Jerry Garcia sa til Robert Hunter at albumet var «i ferd med å bli 'arbeidarens Dead'-utgåve av bandet».[10] Etter å ha arbeidd med alle songane på albumet og vore med bandet på turné, er Hunter med som det sjuande medlemmet av bandet på framsida av plateomslaget.

Warner Bros. gav ut «Uncle John's Band» (med B-sida «New Speedway Boogie») som singel for å marknadsføre albumet. Han vart lite spelt på radio.

Lesarane av Rolling Stone stemte fram Workingman's Dead som det beste albumet i 1970, etterfølgd av Crosby, Stills, Nash and Young sitt Déjà Vu og Van Morrison sitt Moondance.[10]

Albumet vart ommastra og utvida i 2001 som ein del av plateboksen The Golden Road (1965–1973). Denne utgåva kom ut som ei separat utgjeving i 2003 med dei same åtte bonusspora.

Remove ads

Innhald

Alle songane er skrivne av Jerry Garcia og Robert Hunter, utanom der andre er nemnde.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Grateful Dead

Andre medverkande

Produksjon

  • Bob Matthews, Betty Cantor, Grateful Dead – produsent
  • Alembic – lydteknikar
  • Ramrod – utstyrsteknikar
  • Rex Jackson – utstyrsteknikar
  • S. Heard – utstyrsteknikar
  • Jon McIntire – big nurse
  • Sam Cutler – executive nanny
  • Cosmic Gail – lady in waiting
  • David Parker – guardians of the vault
  • Bonnie Parker – guardians of the vault
  • Mouse Studios, med Toon N Tree – plateomslag og design
Remove ads

Salslister og salstrofé

Billboard

Meir informasjon Liste, Plassering ...

RIAA-sertifisering[12]

Meir informasjon Sertifisering, Date ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads