Engelske regentar

Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia

Engelske regentar
Remove ads
Remove ads

Engelske regentar er ei liste over personar som har hatt stillinga som regent av England eller noko tilsvarande i tida før det sameinte kongariket eksisterte. Den første personen som tok tittelen Rex Anglorum ('konge over engelskmennene', engelsk King of the English) var Offa av Mercia, men tittelen døydde med han. På 800-talet blei kongane av Wessex, som erobra Kent og Sussex frå Mercia i 825, stadig sterkare i høve til dei andre engelske kongedøma. Den ubrotne engelske kongerekkja byrjer tradisjonelt med Egbert av Wessex 829. Alfred den store og sonen hans Edvard den eldre nytta tittelen konge av angelsaksarane (engelsk King of the Anglo-Saxons). Etter at Athelstan hadde erobra Northumbria i 927 tok han tittelen Rex Anglorum. Frå Henrik II kom på trona i 1154 blei tittelen Rex Angliae ('Konge av England', engelsk King of England).

Thumb
Det engelske riksvåpenet.

Fyrstedømet Wales blei del av Kongeriket England gjennom Rhuddlanstatuttane frå 1284. I 1301 gav Edvard I tittelen Prins av Wales (engelsk Prince of Wales) til eldstesonen sin, den framtidige Edvard II. Sidan dette har eldstesonen til alle engelske monarkar, bortsett frå Edvard III, hatt denne tittelen.

Etter at Elisabet I hadde døydd utan arvingar i 1603 blei den engelske og skotske krona sameint i personalunion under Jakob VI av Skottland, som blei Jakob I av England. Gjennom ei kongeleg kunngjering kalla Jakob seg sjølv Konge av Storbritannia (engelsk King of Great Britain), men eit slikt kongerike eksisterte ikkje før 1707, då England gjekk i realunion med Skottland gjennom unionsaktene og skipa Det sameinte kongeriket Storbritannien (engelsk United Kingdom of Great Britain).[1] Regentar frå og med skipinga av denne unionen er derfor lista opp på lista over britiske regentar.

Dei to romerske keisarane Marcus Mausaeus Carausius (285–293) og Caius Allectus (293–296), som styrte over den romerske provinsen Britannia, er ikkje med på lista under ettersom dei var pretendentar til den romerske keisartrona og ikkje regentar over eit engelsk rike.

Remove ads

Slekta Mercia

Ifølgje visse kjelder skal den første som tok tittelen Rex Anglorum ha vore Offa 774, som hadde vore konge av Mercia sidan 757. Dette byggjer på dokument som truleg blei forfalska på 900-talet.[2][3] Offa omtalar likevel seg sjølv som Of Rx A på nokre av myntane sine, noko som kan stå for Offa Rex Anglorum.[4] På denne tida hadde dette truleg ei anna tyding enn det det fekk seinare, det vil seia konge over anglarane og ikkje nødvendigvis over saksarane.[4] Fleire tidlegare kongar blei kalla rex anglorum eller ein variant av dette omgrepet i overlevande kjelder: Aldfrith av Northumbria av Aldhelm; Æthelred av Mercia i Felix si Vita sancti Guthlaci (Sankt Guthlacs liv); og Æthelbald av Mercia av sankt Bonifatius.[5]

Meir informasjon Namn Norsk · Moderne engelsk · Latin, Bilde ...
Remove ads

Slekta Wessex

For meir om dette emnet, sjå Slekta Wessex.

Den ubrotne lista byrjar tradisjonelt med Egbert, som var konge av Wessex frå 802. Han var den første kongen av dette riket som hadde overhøgheit over størsteparten av England.[6] Han sigra over Mercia i 825 og blei bretwalda i 829, men mista seinare makta over Mercia. Alfred den store og sonen hans Edvard den eldre nytta tittelen 'konge over anglosaksarane' (engelsk king of the Anglo-Saxons). Etter at Æthelstan hadde erobra Northumbria i 927 tok han tittelen rex Anglorum ('konge over engelskmennene', engelsk King of the English).

Det finst visse bevis for att Ælfweard av Wessex kan ha vore konge i to veckor 924, mellom faren Edvard den eldre og broren Athelstan, sjølv om han ikkje blei krona.[7][8] Dette er ikkje godteke av alle historikarar.

Meir informasjon Namn Norsk · Moderne engelsk · Gammalengelsk, Bilde ...
Remove ads

Dansk styre

For meir om dette emnet, sjå Jellingdynastiet.

Etter den danske invasjonen i 1013 kom England under dansk styre under og etter regeringstida til Ethelred den villrådige.

Meir informasjon Namn Norsk · Moderne engelsk · Dansk, Bilde ...

Slekta Wessex (gjeninnsett første gongen)

Etter at Sven Tviskjegg døydde vende Ethelred den villrådige tilbake frå eksil og blei gjenutropt til konge den 3. februar 1014.[34] Sonen hans etterfølgde han etter å ha blitt vald til konge av innbyggjarane i London og ein del av Witenagemot,[35] trass i pågåande danske forsøk på å ta tilbake krona frå vestsaksarane.

Meir informasjon Namn Norsk · Moderne engelsk · Gammalengelsk, Bilde ...
Remove ads

Dansk styre (gjeninnsett)

Etter det avgjerande slaget ved Ashingdon den 18. oktober 1016 skreiv kong Edmund under på ein avtale med Knut der sistnemnde fekk makta over heile England bortsett frå Wessex.[37] Då Edmund døydde den 30. november tok Knut over styret over heile England.

Meir informasjon Namn Norsk · Moderne engelsk · Dansk, Bilde ...
Remove ads

Slekta Wessex (gjeninnsett andre gongen)

Etter at Hardeknut hadde døydd følgde ei kortvarig saksisk gjentaking av krona mellom 1042 og 1066. Etter det avgjerande slaget ved Hastings blei Vilhelm II av Normandie konge av England.

Meir informasjon Namn Norsk · Moderne engelsk · Gammalengelsk, Bilde ...
Remove ads

Den normanniske ætta

For meir om dette emnet, sjå Normannarar.

Hertug Vilhelm II av Normandie, som var vasall til kongen av Frankrike og søskenbarn til Edvard vedkjennaren, invaderte og erobra England i 1066 og gjorde då flyttinga av den engelske hovudstaden frå Winchester til London permanent. Etter at Harald Godwinson døydde i det avgjerande slaget ved Hastings den 14. oktober, valde den angelsaksiske witanen Edgar den fredlause til konge i staden for Harald, men han lukkast ikkje å stå imot invasjonen og blei aldri krona. Vilhelm blei krona til konge av England på juledagen (25. desember) 1066, og er i dag kjend som Vilhelm erobraren, Vilhelm den uekte eller Vilhelm I.

Frå og med Vilhelm og etterkomarane hans tok dei engelske regentane tok ordenstal på fransk vis, men den eldre tradisjonen med å skilja monarkane ved hjelp av kallenamn døydde ikke ut på grunn av dette.

Meir informasjon Namn Norsk · Engelsk · Fransk, Bilde ...

Omstridd pretendent

Keisarinne Matilda blei utnemnd til tronfølgjar av far sin, Henrik I, og anerkjend av baronane. Då Henrik døydde tok likevel fetteren hennar Stefan av Blois makta. Deretter følgde det engelske anarkiet. Matilda var de facto herskar nokre månader i 1141, men ho blei aldri krona og blir sjeldan teken med på lister over engelske regentar. Tittelen keisarinne kjem av at ho i det første ekteskapet sitt var gift med den tysk-romerske keisaren Henrik V.

Meir informasjon Namn Norsk · Engelsk · Fransk, Bilde ...
Remove ads

Slekta Plantagenet

For meir om dette emnet, sjå Huset Plantagenet.

I november 1153 inngjekk Stefan og Matilda avtalen i Wallingford, der Stefan anerkjende sonen hennar Henrik som tronarving, ettersom hans eigen son hadde døydd.

I staden for å halda til i England styrte ætta Plantagenet frå Aquitaine, eit område dei overtok gjennom Henrik II sitt ekteskap med Eleonora av Aquitaine. Dei såg ikkje på England som den viktigaste heimen sin før det meste av dei franske landa var gått tapt under kong Johan. Dette langlivde dynastiet blir vanlegvis delt i tre ætter: Huset Anjou, Huset Lancaster og Huset York.

Slekta Plantagenet utforma det engelske kongelege våpenskjoldet, som vanlegvis viste andre kongarike som dei eller etterkomarane deira hadde erobra eller gjorde krav på, men i lang tid ikkje representerte Irland.

Meir informasjon Namn Norsk · Engelsk · Fransk, Bilde ...

Omstridd pretendent

Ludvig VIII av Frankrike styrte kortvarig over halve England frå 1216 til 1217 i slutten av den første baronkrigen mot kong Johan. Då han marsjerte inn i London med troppane sine blei han ope teken imot av dei opprørske baronane og innbyggjarane i London og utropat (men ikkje krona) til konge i Sankt Paul-katedralen. Mange adelsmenn, mellom dei Alexander II av Skottland for dei engelske besittingane sine, kom saman for å hylla han. Då han underteikna Lambeth-traktaten i 1217 godtok Ludvig imidlertid at han aldri hadde vore legitim herskar over England.

Meir informasjon Namn Norsk · Engelsk · Fransk, Bilde ...

Meir informasjon Namn Norsk · Engelsk, Bilde ...

Slekta Lancaster

For meir om dette emnet, sjå Huset Lancaster.

Denne ætta stamma frå Edvard III sin tredje overlevande son Johan av Gent.

Meir informasjon Namn Norsk · Engelsk, Bilde ...

Slekta York

For meir om dette emnet, sjå Huset York.

Slekta York stamma frå den fjerde overlevande sonen til Edvard III, Edmund av Langley, 1. hertug av York. Under rosekrigane (14551485) veksla trona mellom dei rivaliserande ættene Lancaster og York.

Meir informasjon Namn Norsk · Engelsk, Bilde ...

Slekta Lancaster (gjeninnsett)

Meir informasjon Namn Norsk · Engelsk, Bilde ...

Slekta York (gjeninnsett)

Meir informasjon Namn Norsk · Engelsk, Bilde ...
Remove ads

Slekta Tudor

For meir om dette emnet, sjå Huset Tudor.

Slekta Tudor stamma på morssida frå John Beaufort, som var ein av dei uekte sønene til Johan av Gent (Johan var i sin tur den tredje overlevande sonen til Edvard III) med Katherine Swynford. Dei som berre stamma frå engelske monarkar gjennom uekte barn kunne vanlegvis ikkje gjera krav på trona, men situasjonen blei komplisert av at Johan og Katherine gifta seg i 1396 (25 år etter at John Beaufort blei fødd). Etter inngåinga av ekteskapet erklærte kyrkja barna til Johan og Katherine retroaktivt ektefødde gjennom ei paveleg bulle same året, og parlamentet gjorde det same gjennom ein lov i 1397. Sidan anerkjende også den ektefødde sonen til Johan, kong Henrik IV, dei andre barna som ektefødde, sjølv om han også erklærte at dei aldri nokonsinne kunne arba trona. Barna og etterkomarane deira, Beaufortætta, heldt seg nært allierte med dei andre etterkomarane til, Lancasterætta.

John Beaufort sitt barnbarn lady Margaret Beaufort gifta seg med Edmund Tudor. Han var son av den walisiske hoffmannen Owain Tewdr (anglisert til Owen Tudor) og Katarina av Valois, som i sin tur var enke etter den lancastriske kong Henrik V. Edmund Tudor og syskena hans var anten uektefødde eller fødde innanfor eit hemmeleg ekteskap, og var avhengige av godvilja til halvbroren kong Henrik VI. Då Lancaster-ætta tapte makta tok Tudor-ætta over. Sonen til Edmund Tudor blei konge under namnet Henrik VII etter at han hadde sigra over Rikard III i slaget ved Bosworth Field i 1485, som enda rosekrigane.

Gjennom brotet mellom Henrik VIII og den katolske kyrkja blei monarken leiar for den anglikanske kyrkja i England og Irland. Tittelen til Elisabet I blei 'overguvernør for den anglikanske kyrkja' (engelsk Supreme Governor of the Church of England).

Meir informasjon Namn Norsk · Engelsk, Bilde ...

Omstridd pretendent

Edvard VI utnemnde lady Jane Grey til tronfølgjar. Fire dagar etter at han døydde den 6. juli 1553 blei Jane utropt til regjerande dronning. Ni dagar etter utnemninga, den 19. juli, bytta det kongelege rådet (engelsk Privy Council) side og utropte den katolske halvsystera til Edvard VI, Maria, til dronning i staden. Jane blei avrettae i 1554, 16 år gammal. Få historikarar reknar henne som ein legitim monark.

Meir informasjon Namn Norsk · Engelsk, Bilde ...

Meir informasjon Namn Norsk · Engelsk, Bilde ...

Thumb

Ifølgje vilkåra for ekteskapet mellom Filip I av Napoli (Filip II av Spania frå og med 15. januar 1556) og dronning Maria I, skulle Maria sine titlar og privilegium tilfalla Filip så lenge ekteskapet varte. Alle offisielle dokument, medrekna lovar stifta av parlamentet, skulle underskrivast med namna til begge og parlamentet skulle samankallast under autoriteten til paret saman. Ein parlamentslov gav han tittelen konge og sa at han "shall aid her Highness ... in the happy administration of her Grace’s realms and dominions")[71] (sjølv om loven andre stader oppgav at Maria skulle vera dronning åleine). Uansett skulle Filip regjera saman med kona si.[72] Ettersom den nye kongen av England ikkje kunne lesa engelsk, blei det gjeve ordre om at alle statsaffærer skulle omtalast på latin eller spansk.[72][73][74] Myntar blei prega med ansikta til både Maria og Filip og det engelske riksvåpenet sett saman med våpenet til Filip for å visa til samregjeringa deira.[75][76] Lovar som gjorde det til høgforræderi å fornekta den kongelege autoriteten til Filip blei innførte i England[77] og Irland.[78] I 1555 gav pave Paulus IV ut ein bulle der Filip og Maria blei erkjende som rettmessig konge og dronning av Irland.

Meir informasjon Namn Norsk · Engelsk, Bilde ...
Remove ads

Slekta Stuart

For meir om dette emnet, sjå Huset Stuart.

Etter at Elisabet I døydde utan arvingar i 1603 blei ho etterfølgd av den skotske kongen Jakob VI, som blei Jakob I gjennom kroneunionen. Jakob stamma frå Tudor-ætta gjennom oldemora Margaret Tudor, som var eldste dotter av Henrik VII. I 1604 tok han tittelen konge av Storbritannia, men dei to parlamenta (det engelske og det skotske) blei verande separate.

Meir informasjon Namn Norsk · Engelsk, Bilde ...
Remove ads

Samveldet

For meir om dette emnet, sjå Det engelske samveldet.

Det var ingen regjerande monark mellom avrettinga av Karl I i 1649 og gjeninnsetjinga av kong Karl II i 1660. I staden hadde følgjande personar makta under tittelen lordprotektor frå 1653, under perioden kalla protektoratet.

Meir informasjon Namn Norsk · Engelsk, Bilde ...

Slekta Stuart (gjeninnsett)

Etter at monarkiet blei gjeninnsett i 1660 hadde Karl II ei relativt fredeleg regjeringstid, men det var framleis gnissingar mellom protestantar og katolikkar. Då den katolske broren til Karl, Jakob II, kom til makta, braut det ut eit opprør som kulminerte med den ærerike revolusjonen i 1688, då parlamentet tok retten til å godkjenna monarken.

Meir informasjon Namn Norsk · Engelsk, Bilde ...

Unionslovane

Unionslovane var eit par lovar vedtekne av det engelske og det skotske parlamentet som sameinte Kongeriket England og Kongeriket Skottland, to tidlegare suverene statar, til eit land med namnet Kongeriket Storbritannia.[92]

Dei to landa hadde hatt same regent i rundt 100 år (sidan sameiningar av kronene i 1603, då kong Jakob VI av Skottland arva den engelske trona frå Elisabet I). Fram til 1707 var det likevel snakk om to separate kroner på same hovud. Ein hadde gjort tre forsøk, i 1606, 1667 og 1689, på å sameina dei to landa gjennom lovar, men det var ikkje før tidleg på 1700-talet at tanken hadde støtte i begge parlamenta.

Titlar

Standardtittelen for alle monarkar frå Alfred den store på slutten av 800-talet til kong Johan i byrjinga av 1200-talet var Rex Anglorum ('konge av engelskmennene', engelsk King of the English). I tillegg tok mange av dei førnormanniske angelsaksiske kongane andre titlar:

  • Alfred den store: Rex Angulsaxonum ('konge av angelsaksarane', engelsk King of the Anglosaxons) og Rex Anglorum et Saxonum ('konge av anglarane og saksarane', engelsk King of the Angles and Saxons)
  • Æthelstan den ærerike: Rex Anglorum per omnipatrantis dexteram totius Bryttaniæ regni solio sublimatus
  • Edmund den strålande: Rex Britanniae og Rex Anglorum caeterarumque gentium gobernator et rector
  • Edred: Regis qui regimina regnorum Angulsaxna, Norþhymbra, Paganorum, Brettonumque
  • Edwy den rettvise: Rex nutu Dei Angulsæxna et Northanhumbrorum imperator paganorum gubernator Breotonumque propugnator
  • Edgar den fredelege: Totius Albionis finitimorumque regum basileus
  • Knut den store: Rex Anglorum totiusque Brittannice orbis gubernator et rector og Brytannie totius Anglorum monarchus

Under normannartida blei Rex Anglorum verande standard, men tidvis nytta ein også Rex Anglie (Konge av England, engelsk King of England). Keisarinne Matilda kalla seg Domina Anglorum ('frue av engelskmennene', engelsk Lady of the English).

Frå kong Johans tid og seinare blei alle eldre titlar avskaffa til fordel for Rex Anglie, eller Regina Anglie ('dronning av England', engelsk Queen of England) for kvinner.

I 1604 tok Jakob I, som hadde arva den engelske trona året før, tittelen (no vanlegvis skriven på engelsk heller ennn latin) 'Konge av Storbritannia' (engelske King of Great Britain). Det engelske og skotske parlamentet anerkjende likevel ikkje denne tittelen før Unionslovane frå 1707 under dronning Anna.[93]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads