Eurovision Song Contest 1957

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eurovision Song Contest 1957
Remove ads

Eurovision Song Contest 1957 var den andre utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Finalen blei arrangert i Frankfurt am Main i Vest-Tyskland sundag 3. mars 1957, og programleiar var Anaid Iplicjian. Som under Eurovision Song Contest 1956 året før var konkurransen fyrst og fremst eit radioprogram, sidan fjernsyn på den tida ikkje var særleg utbreidd i Europa.

Kjappe fakta Dato, Vertskap ...

Deltakartalet steig frå sju til ti land, sidan Austerrike, Danmark og Storbritannia gjorde sin debut. Dette året blei det innført ei rekkje nye reglar frå den fyrste utgåva: kvart land deltok kun med eitt bidrag, og bidraget kunne bli framført av ein solist eller duo. Også avrøystingssystemet blei lagt heilt om ved at kvart deltakarland hadde ei jurygruppe på ti personar som kvar gav eitt poeng til sin favorittmelodi. Jurymedlemmane kunne heller ikkje røyste på sitt eige land sitt bidrag. Poenggjevinga var dette året offentleg, og poenga blei lesne opp under sendinga, land for land over telefon. Undervegs i avrøystinga blei poenga førte opp på ei poengtavle, slik at sjåarane og lyttarane kunne følgje med.

Nederland fekk sin fyrste siger, då Corry Brokken vann klart med songen «Net als toen». Frankrike blei nummer to, mens debutanten Danmark fekk ein tredjeplass med «Skibet skal sejle i nat». Luxembourg og vertslandet Vest-Tyskland delte fjerdeplassen.

Remove ads

Bakgrunn

Thumb
Den store radiokonsertsalen der Eurovision Song Contest blei halden 3. mars 1957. Foto: Emaker

Eurovision Song Contest 1957 blei halden i Vest-Tyskland mens Sveits vann året før.[1] Sedvanen med at vinnarlandet frå året før påtek seg arrangementet, var ikkje etablert på dette tidspunktet. I staden var det meininga at arrangementet skulle gå på rundgang mellom landa, men ettersom stadig fleire land melde seg på konkurransen, blei ei slik ordning upraktisk. Vinnarlandet Sveits blei tilbydd arrangementet, men takka nei etter å ha arrangert i 1956.[1][2] I staden påtok tyske Hessischer Rundfunk (HR) seg arrangørjobben og la sendinga til radiokonsertsalen til Hessischer Rundfunk i Frankfurt am Main. Finalen blei halden sundag 3. mars, den tidlegaste datoen i historia til Eurovision Song Contest.

Programleiar for sendinga var den då 21 år gamle tyske skodespelaren Anaïd Iplicjian.

Remove ads

Format

Dette året blei det innført fleire reglar og ordningar som fortsatt er gjeldande den dag i dag. Kvart land fekk frå no av berre delta med eitt bidrag kvar – i 1956 hadde kvart av dei sju deltakerlanda stilt med to songar.

Inspirert av den britiske songkonkurransen Festival of British Popular Songs innførte EBU no ei offentleg og transparent avrøysting.[2] Kvart land hadde ei jurygruppe beståande av ti medlemmar, der den enkelte jurymedlemmen gav eitt poeng til songen vedkomande likte best. I motsetnad til året før kunne ikkje jurymedlemmane røyste på bidraget frå sitt eige land.[2] Denne praksisen gjeld fortsatt i Eurovision Song Contest.

Resultatet frå røystegjevinga blei offentleggjord ved at programleiaren kalte opp juryane i tur og orden over telefon. Ein juryleiar las deretter opp røystene frå landet sitt på direkten, og poenga blei fortløpande førte opp på ei manuell poengtavle.[2]

Reglane antyda bidraga frå kvart land ikkje burde overskride tre minuttar.[2] Trass i dette var det stort sprik i lengda på bidraga frå dei forskjellige landa. Ytterpunkta var det italienske og britiske bidraget: Det italienske bidraget varte 5 minuttar og 9 sekund, det britiske i 1 minutt og 52 sekund. Italia blei ikkje diskvalifisert, trass i sterke protestar.[1][2]

Remove ads

Deltakande land og bidrag

Thumb
Danmarks Gustav Winckler og Birthe Wilke avslutta framsyninga si med eit langt kyss.

Ti land deltok i Eurovision Song Contest i 1957: I tillegg til dei sju landa som deltok i 1956, slutta Austerrike, Danmark, Storbritannia seg til Eurovision Song Contest for fyrste gong.

Norden debuterer

Danmark var det fyrste av dei nordiske landene til å delta i Eurovision Song Contest. Og Birthe Wilke og Gustav Winckler song Danmark inn til ein tredjeplass med «Skibet skal sejle i nat». Songen er ein kjærleiksballade, der songarane skiljast før éin av dei føretek ei sjøreise på skipet som nemnast i teksten.[2] Songen blei særleg kjend for kysset som duoen utvekslar på slutten av framføringa – det lengste scenekysset i historia til Eurovision Song Contest.[1][3] Kysset blei ekstra langt fordi ein scenearbeidar gløymde å signalisere til duoen at dei skulle slutte.[4]

Sendinga

Finalen blei overført i svart-kvitt direkte frå radiokonsertsalen til Hessischer Rundfunk sundag 3. mars 1957 klokken 21.00–22.09 sentraleuropeisk tid.[5] Svært få europearar hadde fjernysn på denne tida, og sendinga var i stor grad lagd opp som ei radiosending utan mykje staffasje og dekor. Det var rundt 400 publikumarar i salen.[2]

Sendinga starta med bilete av orkesteret, Hessischer Rundfunk sitt store danseorkester, under leiing av Willy Berking.[6] Orkesteret var plassert på venstre scenekant, sett frå salen. Deretter panorerte kameraet til midten av scena, der det for høvet var bygd ei stor trapp. Til høgre for trappa var det ei lita scene der artistane opptredde. Bak artistane var ein lyreforma liten scenevegg som hadde ulike bakgrunnsbilete etter temaet til songen som blei framført. Til døme var det et bilete av brustein under det belgiske bidraget, «Straatdeuntje» (gatemelodi).[6]

Programleiar Anaïd Iplicjian kom ned trappa og heldt deretter ein kort introduksjon på tysk.[6] Deretter starta gjennomgongen av dei ti bidraga. Rekkjefølgja var blitt avgjord ved loddtrekking dagen før.[6] Belgia opna, mens fjorårsvinnar Sveits og Lys Assia avslutta.

Avrøystinga

Thumb
Corry Brokken sikra Nederland sin fyrste siger. Her fotografert i 1961. Ho deltok også året etter og var programleiar i 1976. Foto: Jack de Nijs, Anefo

Etter at alle land hadde framført bidraga sine, starta avrøystinga med ein gong. På den eine sida av scena var det sett opp eit stort europakart med dei ti deltakerlanda markerte. Kvar hovudstad var merka med ei lampe som blinka når det aktuelle landet blei ringt opp for å avgje røyster.[6] Mens programleiar Iplicjian forklarte korleis avrøystinga skulle gjennomførast, kunne sjåarane og lyttarane sjå og høyre scenearbeidarar som febrilsk rigga til eit telefonbord framfor kartet. Deretter sette programleiaren og assistenten, berre omtalt som «Fru Damm», seg ned og ringte opp jurygruppene i motsatt rekkjefølgje av deltakarrekkjefølgja.[6]

Avrøystinga var prega av dårleg og svak ljod, i tillegg til flere tekniske forstyrringar. Fleire av landa, blant anna Italia, Nederland og Sveits, las opp poenga sine på tysk. Andre land las opp poenga på fransk eller engelsk. Frå 1958 måtte alle poeng bli lesne opp på anten engelsk eller fransk.

Nederland tok leiinga frå starten av etter å ha fått 7 poeng frå Sveits. Deretter følgde fleire høge poeng fra dei to neste jurygruppene Danmark og Frankrike. Då tre av ti jurygrupper hadde røysta, leia Nederland med 14 poeng, mot Tyskland sine 6. Nederland fekk poeng frå alle land og avslutta med 31 poeng, nesten dobbelt så mange som andreplassen Frankrike med 17 poeng.[7]

Deretter kom direktøren til Hessischer Rundfunk, Eberhard Beckmann, på scena og overrekte medaljar til vinnarartisten Corry Brokken og låtskrivarane Guus Jansen og Willy van Hemert. Deretter framførte Brokken «Net als toen» om igjen, akkompagnert av Sem Nijveen på fiolin. Dolf van der Linden dirigerte orkesteret for Nederland.

Remove ads

Deltakarar

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[7][8][9] Tabellen er rangert etter startrekkjefølgje, plasseringa og poengsummen er i kolonnene til høgre.

Tilbakevendande artistar

Meir informasjon Artist, Land ...
Remove ads

Poengtavle

Tavla er ordna i same rekkjefølgje som landa røysta i.[10]

Meir informasjon Deltakarland, Poenggjevande land ...
Remove ads

Dirigentar

Mens Willy Berking var sjefdirigent, hadde fleire av landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkjefølgja.[11]

  1. Belgia  Willy Berking
  2. Luxembourg  Willy Berking
  3. Storbritannia  Eric Robinson
  4. Italia  Armando Trovajoli
  5. Austerrike  Carl de Groof
  6. Nederland  Dolf van der Linden
  7. Vest-Tyskland  Willy Berking
  8. Frankrike  Paul Durand
  9. Danmark  Kai Mortensen
  10. Sveits  Willy Berking
Remove ads

Kommentatorar og poengopplesarar

Poengopplesarar

Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå den nasjonale jurygruppa over telefon på engelsk eller fransk. Under er talspersonane i same rekkjefølgje som under avrøystinga.

  1. Sveits  Mäni Weber
  2. Danmark  Gunnar «Nu» Hansen
  3. Frankrike  Claude Darget
  4. Tyskland  Joachim Fuchsberger
  5. Nederland  Siebe van der Zee[12]
  6. Austerrike  Ukjend
  7. Italia  Nunzio Filogamo[13]
  8. Storbritannia  David Jacobs
  9. Luxembourg  Ukjend
  10. Belgia  Bert Leysen

Kommentatorer og kringkastere

Alle deltakerlanda overførte finalen direkte og dei fleste hadde eigne kommentatorar. Under er ei oversikt over kjende kommentatorar under Eurovision Song Contest 1957.[14]

Meir informasjon Land, Kringkastar ...

Kommentatorar og overføringar i ikkje-deltakande land

Sendinga kunne også bli overført av ikkje-deltakande EBU-medlemmar, og både Monaco og Sverige overførte sendinga.

Meir informasjon Land, Kringkastar ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads