Hold Me Now

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hold Me Now
Remove ads

«Hold Me Now» (norsk 'hald meg no') er ein engelskspråkleg popsong som vann Eurovision Song Contest 1987 for Irland. Songen vart framført og skriven av Johnny Logan, som også vann tevlinga i 1980. Dette var den tredje sigeren til Irland i Eurovision Song Contest, og songen vart den største kommersielle suksessen til ein vinnarsong sidan «Ein bißchen Frieden» vann i 1982. I Noreg nådde songen andreplass på VG-lista, og i 2005 vart «Hold Me Now» kåra til den tredje beste songen frå dei fyrste 50 fyrste åra med Eurovision Song Contest.[2][3]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

«Hold Me Now» er ein popballade der teksta vert sungen frå ein manns ståstad. Kjærasten er i ferd med å forlate han for å vere med nokon andre. Han ber ho om å røre han slik som ho pleide, sånn at han kan minnast dei gode stundene i forholdet deira. Trass det triste temaet i songen syng han at «sjølv om dei skal vere frå kvarandre, så vil dei alltid vere saman».[4] Eurovision- og Logan-fans har derfor spekulert på om teksta handlar om eit dødsfall, der mannen syng til sin daude eller døyande kjærast.

Remove ads

Eurovision Song Contest

«Hold Me Now» var eit av ni bidrag som deltok i den irske nasjonale finalen i Dublin 8. mars 1987. I finalen vann Johnny Logan og «Hold Me Now» ein klar siger med 114 poeng.[5] Logan vart dimed den irske representanten til Eurovision Song Contest i Brussel laurdag 9. mai.

I den internasjonale finalen var Johnny Logan den 20. artisten på scena av 22 deltakarar. Under avrøystinga tok Irland etter kvart leiinga og vann til slutt med 172 poeng, derav 8 poeng kom frå den norske juryen.[6]

Dette var den tredje sigeren til Irland i Eurovision Song Contest, og det var den andre til Johnny Logan. Logan vann fyrste gong i 1980 med «What’s Another Year», og han skulle vinne igjen som låtskrivar i 1992 med «Why Me?». Som i 1980 vart Logan overvelda av kjensler og sleit med å treffe dei høge tonane under vinnarreprisen. Mot slutten av framføringen ropa han «Eg elsker dykk framleis, Irland» og sikta til då han sa «Eg elskar dykk, Irland» under vinnarreprisen i 1980.[7] Dobbeltsigeren gjorde Logan til moglegvis den største stjerna i Eurovision Song Contest, noko som har gitt han tilnamnet Mr. Eurovision.

Logan held framleis jamlege konsertar rundt om i Europa, også i Noreg, der hans popularitet har gjort han til ein noregsven.[8][9] I 2017 framførte Logan songen under finalen i Melodi Grand Prix.[10]

Remove ads

Etter sigeren

«Hold Me Now» vart den største kommersielle Eurovision-suksessen på fleire år, og den nådde høgt på singellistene i Storbritannia, Irland, Noreg, Sverige, Nederland og Belgia.[6] I jubileumsshowet Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest i 2005, vart songen kåra til den tredje beste Eurovision-songen frå dei fyrste femti åra av Eurovision Song Contest – berre slegen av ABBAs «Waterloo» og Domenico Modugnos «Volare».[3]

«Hold Me Now» dukka også opp på hitlistene i Danmark og Sverige i 2001, då songen vart gjeven ut på ny.[11]

Anna

«Hold Me Now» vert ofte sunge av tilhengarane til Bohemian FC under heimekampane til laget på Dalymount Park.[12] Songen har også blitt covra av ei rekke andre artistar, blant anna i ein reggaeversjon av Tanya Stephens. Den belgiske rapparen Kaye Styles laga ein meir moderne versjon, kalla «Don't Cry». Den avlidne makedonske superstjerna Toše Proeski song også «Hold Me Now» på sine konsertar.[13]

«Hold Me Now» vart også brukt i ein reklamekampanje for McDonald's i Irland i 2007, og Logan deltok også sjølv i reklamefilmane.[14]

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste, Høgaste plassering ...
Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads