Joseph Haydn sine symfoniar
Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Joseph Haydn er gjerne rekna som symfonien sin far. Han skreiv i perioden 1755-1795 ein av historia sine største symfoniske korpus, og 108 symfoniar har overlevd fram til notida (den einaste nemneverdige historiske komponist som har skrive fleire er den samtidige Carl Ditters von Dittersdorf, som ein trygt kan tileigna om lag 120 symfoniar). I dag er om lag 20 av Haydn sine symfoniar ein vanleg del av det symfoniske repertoaret.


Remove ads
Haydn og symfonien
Haydn er ofte blitt kalla symfonien sin far. Dette er ei klar overdriving; symfonien var allereie ein levande genre då Haydn mognast som komponist. Opphavet til symfonien var i den italienske overtyren, og komponistar som Wagenseil, Holzbauer, Stamitz, Richter, og Monn skreiv alle symfoniar før Haydn (med «symfoniar» reknast berre verk som ein i dag kan rettferdiggjera å kalla symfoniar. Ordet symfoni har hatt fleire meiningar opp gjennom hundreåra, til dømes kalla J.S. Bach sine trestemte invensjonar for «sinfonia»). Haydn er derimot rekna for å ha klart å oppfylle potensialet til genren i større grad enn dei tidlegare komponistane: Det er nett i Haydn si tid at standardbesetninga i symfoniorkesteret kom på plass, men Haydn hadde og fleire nyskapingar innanfor symfoniforma. Den mest openberre er at symfonien fekk ein ekstra sats i forhald til den tredelte italienske overtyren (rask-sein-rask), som tilegare hadde vore nytta som mal. Haydn la til ein tredjesats, som vanlegvis tek form av ein menuett, og laga på denne måten standarden for formoppbygginga av symfonien, heilt fram til våre dagar.
Likevel er kanskje måten Haydn behandla idear på, og måten dette påverka sonatesatsformen. Medan komponistar på same tid hadde for vane å introdusere nytt materiale i gjennomføringsdelen av ein sonatesats, let Haydn denne delen berre bestå av gjenkjennbare bitar av tema frå eksposisjonen, som blei forandra på og nytta i forskjellige situasjonar. Dette var ein essensiell del av sonatesatsformen som skulle dominere mykje av den klassisistiske og romantiske musikken, og sjølv om Haydn sjølv ofte braut med den strenge sonatesatsformen, var dette ein kalkulert effekt han nytta for å overraske publikum. (Sjå artikkel om sonatesatsform for meir detaljert informasjon)
Remove ads
Haydn i det symfoniske repertoaret
Haydn sine tidlege symfoniar fekk mykje merksemd i samtida, men med nokre få unntak (til dømes symfoni 44 og 45 er det dei siste 22, der Paris- og London-symfoniane er inkludert, som har verte hugsa i ettertida. Dette kjem av to grunnar: Haydn skreiv mange av symfoniane sine i «stilvakuumet» mellom den musikalske barokken (ca. 1600-1750) og den wienerklassiske perioden (ca. 1775-1815), og den vanlege oppfatninga er at dei siste symfoniane er dei beste. Ein annan grunn kan vera at dei tidlege symfoniane var eigedommen til Eszterhaz-familien, adelshuset Haydn jobba for. Det er berre mot slutten av den «symfoniske perioden» i livet sitt at Haydn fekk forhandla til seg rettane på eigen musikk; Medan dei tidlegare symfoniane hadde vore laga spreidde piratutgåver av kunne Haydn fritt selja dei seine symfoniane sine på den europeiske marknaden, og desse var difor godt tilgjengelege på byrjinga av 1800-talet, då det klassiske standardrepertoaret byrja ta form. Etter at Howard Chandler Robbins Landon gav ut ei ny utgåve av alle symfoniane i 1963 har ein på ny byrja å interessera seg meir for dei tidlege symfoniane, og dei er no vanlegare på konsertplanar enn nokon gong tidlegare.
Remove ads
Symfonisk oversikt
Symfoniane er her ordna etter rekkjefylgja i Hoboken-Verzeichnis. Nummer, kallenamn og anteke produksjonsår er og teke med, då desse faktorane ikkje alltid stemmer over eins.
- Symfoni nr. 1 i D (før 1759)
- Symfoni nr. 2 i C (før 1764)
- Symfoni nr. 3 i G (før 1762)
- Symfoni nr. 4 i D (før 1762)
- Symfoni nr. 5 i A (før 1762)
- Symfoni nr. 6 i D, Le matin (morgonen) (1761?)
- Symfoni nr. 7 i C, Le midi (dagen) (1761)
- Symfoni nr. 8 i G, Le soir (kvelden) (1761?)
- Symfoni nr. 9 i C (1762)
- Symfoni nr. 10 i D (før 1766)
- Symfoni nr. 11 i Eb (før 1769)
- Symfoni nr. 12 i E (1763)
- Symfoni nr. 13 i D (1763)
- Symfoni nr. 14 i A (før 1764)
- Symfoni nr. 15 i D (før 1764)
- Symfoni nr. 16 i B (før 1766)
- Symfoni nr. 17 i F (før 1765)
- Symfoni nr. 18 i G (før 1766)
- Symfoni nr. 19 i D (før 1766)
- Symfoni nr. 20 i C (før 1766)
- Symfoni nr. 21 i A (1764)
- Symfoni nr. 22 i Eb, Filosofen (1764)
- Symfoni nr. 23 i G (1764)
- Symfoni nr. 24 i D (1764)
- Symfoni nr. 25 i C (1766)
- Symfoni nr. 26 i Dm, Lamentatione (1770)
- Symfoni nr. 27 i G (før 1766)
- Symfoni nr. 28 i A (1765)
- Symfoni nr. 29 i E (1765)
- Symfoni nr. 30 i C, Alleluia (1765)
- Symfoni nr. 31 i D, Hornsignal (1765)
- Symfoni nr. 32 i C (før 1766)
- Symfoni nr. 33 i C (før 1767)
- Symfoni nr. 34 i Dm (før 1767)
- Symfoni nr. 35 i B (1767)
- Symfoni nr. 36 i Eb (før 1769)
- Symfoni nr. 37 i C (før 1758)
- Symfoni nr. 38 i C, Ekko (før 1769)
- Symfoni nr. 39 i Gm (før 1768)
- Symfoni nr. 40 i F (1763)
- Symfoni nr. 41 i C (før 1770)
- Symfoni nr. 42 i D (1771)
- Symfoni nr. 43 i Eb , Merkur-symfonien (før 1772)
- Symfoni nr. 44 i E, Trauer (Syrgjesymfonien) (før 1772)
- Symfoni nr. 45 i F#m, Abschied-symfonie (Avskilsymfonien) (1772)
- Symfoni nr. 46 i H (1772)
- Symfoni nr. 47 i G, Palidromet (1772)
- Symfoni nr. 48 i C, Maria Theresia (før 1769)
- Symfoni nr. 49 i Fm, La passione (1768)
- Symfoni nr. 50 i C (1773)
- Symfoni nr. 51 i B (før 1774)
- Symfoni nr. 52 i Cb (før 1774)
- Symfoni nr. 53 i D, L'impériale (1778)/(1779)
- Symfoni nr. 54 i G (1774)
- Symfoni nr. 55 i Eb, Skulemeistaren (1774)
- Symfoni nr. 56 i C (1774)
- Symfoni nr. 57 i D (1774)
- Symfoni nr. 58 i F (før 1774)
- Symfoni nr. 59 i A, Feuer (før 1769)
- Symfoni nr. 60 i C, Il distratto (før 1774)
- Symfoni nr. 61 i D (1776)
- Symfoni nr. 62 i D (før 1781)
- Symfoni nr. 63 i C, La Roxelane (før 1781)
- Symfoni nr. 64 i A, Tempora mutantur (før 1775)
- Symfoni nr. 65 i A (før 1778)
- Symfoni nr. 66 i B (før 1779)
- Symfoni nr. 67 i F (før 1779)
- Symfoni nr. 68 i B (før 1779)
- Symfoni nr. 69 i C, Laudon (før 1779)
- Symfoni nr. 70 i D (før 1779)
- Symfoni nr. 71 i Bb (før 1780)
- Symfoni nr. 72 i D (mellom 1763–1765)
- Symfoni nr. 73 i D, La chasse (før 1782)
- Symfoni nr. 74 i Eb (før 1781)
- Symfoni nr. 75 i D (før 1781)
- Symfoni nr. 76 i Eb (1782?)
- Symfoni nr. 77 i B (1782?)
- Symfoni nr. 78 i Cm (|1782?)
- Symfoni nr. 79 i F (før 1784)
- Symfoni nr. 80 i Dm (før 1784)
- Symfoni nr. 81 i G (før 1784)
- «Paris-symfoniane»:
- Symfoni nr. 82 i C, Bjørnen (1786)
- Symfoni nr. 83 i G, Høna (1785)
- Symfoni nr. 84 i Eb, In Nomine Domini (1786)
- Symfoni nr. 85 i B, La Reine (Dronninga [av Frankrike]) (1785?)
- Symfoni nr. 86 i D (1786)
- Symfoni nr. 87 i A (1785)
- Symfoni nr. 88 i G (1787?)
- Symfoni nr. 89 i F (1787)
- Symfoni nr. 90 i C (1788)
- Symfoni nr. 91 i Eb (1788)
- Symfoni nr. 92 i G, Oxford (1789)
- «London-symfoniane»:
- Symfoni nr. 93 i D (1791)
- Symfoni nr. 94 i G, Paukeslaget (1791)
- Symfoni nr. 95 i Cm (1791)
- Symfoni nr. 96 i D, Miraklet (1791)
- Symfoni nr. 97 i C (1792)
- Symfoni nr. 98 i Bb (1792)
- Symfoni nr. 99 i Eb (1793)
- Symfoni nr. 100 i G, Militærsymfonien (1793)/(1794)
- Symfoni nr. 101 i D, Klokka (1793)/(1794)
- Symfoni nr. 102 i Bb (1794)
- Symfoni nr. 103 i Eb, Trommevirvlen (1795)
- Symfoni nr. 104 i D, London (1795)
I Hoboken-katalogen finn ein og fire andre verk kategorisert som symfoniar (Hob. I):
- Hob. I/105 i B, betre kjend som Sifonia Concertante for fiolinar, cello, obo and fagott (1792)
- Hob. I/106, ein symfoni der berre ein sats har overleve (1769?)
- Hob. I/107 i B, vanlegvis kalla Symfoni A (før 1762)
- Hob. I/108 i B, vanlegvis kalla Symfoni B (før 1765)
Nummereringa på symfoniane stammar frå eit forsøk på å organisere Haydn sin katalog i 1908 av Eusebius Mandyczewski. Symfoniane A og B var ikkje kjend på denne tida, og har difor fått indentifikasjonsbokstavar i staden for tal.
I tillegg til dei autentiske verka la Hoboken til verk som har vore tileigna Haydn, men som han rekna som tvilsame, tolkingar ettertida i stor grad har gjeve han rett i. Når det gjeld symfonien har ein identifisert heile 148 verk som har vore marknadsført under Haydn sitt namn. Bokstaven som blir lagt til i Hoboken-formelen kjem frå verket sin toneart (legg merke til at liten bokstav betyr at verket er i moll):
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
