Ne partez pas sans moi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Ne partez pas sans moi» (norsk omsetjing 'ikkje dra utan meg') er ein sveitsisk popballade frå 1988 som blir sungen av den kanadiske artisten Céline Dion. Songen er skriven av Nella Martinetti og Atilla Şereftuğ, og vann Eurovision Song Contest 1988. Songen blei gjeven ut som singel over heile Europa i mai same år.[2][3]
Remove ads
Bakgrunn
«Ne partez pas sans moi» er komponert av den tyrkiske låtskrivaren og dirigenten Atilla Şereftuğ, medan sveitsiske Nella Martinetti skreiv den franske teksten. Songen deltok i den sveitsiske nasjonale finalen før Eurovision Song Contest, og blei framført av Céline Dion. Deltakinga fann stad før det internasjonale gjennombrotet til Dion, og ho representerte Sveits trass i at ho er frå Canada. Det finst inga regel i Eurovision Song Contest som krev at artisten eller låtskrivarane må vere frå landet dei representerer.
I Eurovision Song Contest 1988 i Dublin var «Ne partez pas sans moi» det niande bidraget ut på scena, og etter ei svært spennande røysting vann songen med 137 poeng. Sigeren var svært knapp – berre eitt poeng føre Storbritannias Scott Fitzgerald og «Go». Det var først då dei aller siste røystene kom inn at sigeren blei avgjort. Den norske jurygruppa gav det sveitsiske bidraget 8 poeng.[4]
Remove ads
Utgjeving og sal
Sigeren til Céline Dion og «Ne partez pas sans moi» var Sveits sin andre siger i konkurransen, og songen har fått mykje merksemd i ettertid på grunn av den etterfølgjande verdssuksessen til Dion. Etter sigeren selde singelen 200 000 eksemplar i Europa på berre to dagar, og totalt 300 000 eksemplar.[5][6] Likevel er dette ei av dei minst kommersielt suksessrike Eurovision-vinnarane – mellom anna blei singelen ikkje gjeven ut i Storbritannia eller Irland. Dette var første gong ein Eurovision-vinnar ikkje blei lagt ut for sal i desse to landa.[7]
«Ne partez pas sans moi» var òg med på Dion sitt album The Best of Celine Dion, som blei gjeven ut i Europa i juni 1988. Songen dukka òg opp i Canada som B-side til singelen «D'abord, c'est quoi l'amour». Ho var òg med på den franske versjonen av Dion-albumet Incognito, og seinare på det franskspråklege samlealbumet On ne change pas.
Ein musikkvideo til songen blei lansert i 1988, og Dion spelte òg inn ein tysk versjon, kalla «Hand in Hand».[8]
Saman med ABBA og Cliff Richard er Céline Dion ein av dei mest kjende artistane som har delteke i Eurovision Song Contest. Sigeren var ei av hendingane som la grunnlaget for det komande internasjonale gjennombrotet til Céline Dion. Ho framførte songen på nytt under opninga av Eurovision Song Contest året etter, og lanserte samtidig sin første engelskspråklege singel, «Where Does My Heart Beat Now».[9]
Remove ads
Tekst
«Ne partez pas sans moi» har tekst på fransk, og Céline Dion syng til dei som leitar etter stjernene, lever ut draumen og har store hjartelag. Ho ber dei om å gi ho ein sjanse, og samstundes ber ho dei om å ikkje reise vidare utan henne.[10]
Listeplasseringar
Songen kom ikkje inn på norske VG-lista, men tok seg inn på hitlistene til fleire andre europeiske land.
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads