Vinnarar av Eurovision Song Contest
Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Vinnarar av Eurovision Song Contest gjev oversyn over vinnarane av Eurovision Song Contest. 67 songar har vunne tevlinga som vert arrangert av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Det har vorte nytta mange ulike røystesystem sidan starten i 1956. Felles for desse er at poenga har vorte tildelt av juryar eller fjernsynssjåarar. Vinnaren er den songen som får flest poeng. Under den fyrste tevlinga i 1956 vart det ikkje gjeve poeng, men røyster, og berre vinnaren vart offentleggjort.
Det har vore 66 tevlingar med éin vinnar, og éi tevling (1969) med fire vinnarar. 27 ulike land har vunne, med Sveits som det fyrste. Landa som har flest sigrar er Irland og Sverige som har vunne sju gonger kvar. Av dei landa som enno ventar på å vinne er Kypros det som har delteke flest gongar, og var med for 36. gong i 2017. Fram til då hadde Portugal denne rekorden, med 48 deltakingar utan siger.
Dei einaste personane som har vunne meir enn éin gong som artist er Johnny Logan, som representerte Irland med «What's Another Year» i 1980 og «Hold Me Now» i 1987, og Loreen, som representerte Sverige med «Euphoria» i 2012 og «Tattoo» i 2023. Logan er også ein av berre sju låtskrivarar som har skrive meir enn eitt vinnarbidrag, «Hold Me Now» i 1987 og «Why Me?» i 1992, framført av Linda Martin. Dette gjer Logan til den einaste personen som har tre sigrar i tevlinga, anten som songar, låtskrivar eller begge delar. Dei seks andre låtskrivarane med meir enn eitt vinnarbidrag er Willy van Hemert (Nederland i 1957 og 1959), Yves Dessca (Monaco i 1971 og Luxembourg i 1972), Rolf Løvland (Noreg i 1985 og 1995), Brendan Graham (Irland i 1994 og 1996), Peter Boström og Thomas G:son (Sverige i 2012 og 2023).
Dei som vinn Eurovision Song Contest får ei unik moglegheit til å fremje ei internasjonal karriere. Det er likevel ikkje mange artistar som har vorte store internasjonale stjerner. Mellom dei som har fått mest suksess etter å ha vunne tevlinga finn ein ABBA som vann for Sverige i 1974 med «Waterloo» og Céline Dion som vann for Sveits i 1988 med «Ne partez pas sans moi».
Remove ads
Vinnarar
Remove ads
Etter land

Remove ads
Etter språk
Etter startnummer
Remove ads
Merknadar
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads