Angel of Retribution
album av Judas Priest From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Angel of Retribution er det 15. studioalbumet til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest, gjeve ut i 2005. Det er det første albumet deira sidan Painkiller (1990) med vokalisten Rob Halford. Albumet debuterte på 13. plassen på Billboard-lista, som var den tredje høgaste plasseringa for eit Judas Priest-allbum. Det markerte òg første gongen Judas Priest nådde toppen av ei salsliste, i Hellas. Albumet var produsert av Roy Z,[2] som var medlåtskrivar på songen «Deal with the Devil».
Remove ads
Tekstar
Ein finn hint av tidlegare album og songar på dette albumet,[2] i tillegg til tekstar som tilsynelatande refererer til tidlegare songar. Songen «Demonizer» refererer både til «The Hellion» frå Screaming for Vengeance, i tillegg til «Painkiller» frå Painkiller. «Hellrider» nemner tittelsporet på Ram It Down, og «Tyrant» frå Sad Wings of Destiny. «Eulogy» refererer til «Stained Class» og «The Sentinel» frå albuma Stained Class og Defenders of the Faith.
Songen «Deal With the Devil» er ein slags sjølvbiografi for Judas Priest, og fortel om opphavet deira i Black Country i England, perioden då dei spelte kring i England og praktiserte ved Church of Holy Joseph i Walsall, som er der Judas Priest i røynda oppstod. «Deal With the Devil» nemner òg songen «Blood Red Skies» frå Ram It Down, «Take on the World» frå Killing Machine, og «Beyond the Realms of Death» frå Stained Class.
Remove ads
DualDisc
Albumet kom ut på DualDisc-formatet som hadde den tradisjonelle CD-plata på den eine sida og DVD-innhald på den andre sida. DVD-sida av albumet inneheld ein dokumentar kalla «Reunited» i tillegg til heile albumet i eit betre lydformat. I Japan vart albumet gjeve ut som ei dobbelplate med CD og DVD.
Innhald
Medverkande
Henta frå plateomslaget:[5]
|
|
|
Remove ads
Lister
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads